Airplane! (1980)

IMDb: 7.8/10 (52,170 votes)

airplaneI fleire år har eg unngått å sjå «Airplane!». Nok ein gong viser det seg at eg burde latt tida gå vidare utan å sjå den. Usikkerheita eg hadde til filmen på førehand var identisk med ei eg har hatt altfor mange gonger før. Ei suppe av altfor billege slapsticks pregar filmen tungt, og desse som nok ikkje var gode når «Airplane!» kom ut har heller ikkje tålt tida. Halvannan time i helvete står som eit seriøst alternativ versus eit gjensyn. «Airplane!» er som Steve Martin på sitt verste. Så har Jim Abrahams også laga den grusame «Scary Movie 4».

3/10
Publisert 27. oktober 2009 kl. 19:38 i Alle, Comedy, Romance merka som , , .

Skriv ein kommentar