22 episodar.
«Alias» vekka aldri interessa hjå meg før no nyleg, eit bilde av Jennifer Garner i fargerike parykkar som slengte seg rundt i wires og snappa opp antikke objekt tiltrakk meg aldri, men så var det stort sett ikkje meir eg visste om serien. Sett bort frå at J.J. Abrams står bak serien. Mannen bak «Lost» og haustens ferske sci-fi på FOX, «Fringe», var ein av grunnane til at eg til slutt valgte å finne ut kva «Alias» eigentleg dreia seg om.
Garner spelar hovudrolla Sydney Bristow, ved sidan av å vere litteraturstudent har ho jobb som agent i SD6, ein jobb som ho i 7 år har trudd er del av CIA. Så ein dag finn ho ut sanninga, det er då ho bestemmer seg for å ta kontakt med det ekte CIA, for å hoppe eit par minuttar fram i tid (alt dette skjer naturleg nok i første episode) så endar Sydney opp med å bli dobbeltagent for CIA i SD6.
Når eg gjekk til serien såg eg for meg ein serie som bygg opp nye oppdrag i kvar einaste episode, frå start til slutt, sånn er heldigvis ikkje «Alias», og nettopp måten serien er bygd opp på gjer at eg stadig får lyst til å sjå vidare. Enkelte episodar kan innehalde opp til tre spenningssekvensar eller oppdrag, ein avsluttande bit frå forrige episode (som då har blitt avslutta med ein solid cliffhanger), etterfulgt av eit oppdrag midt i episoden og ein del av eit siste mot slutten. Dette er likevel ingen rutine, serien har andre karakterar med eigen trådar som kan få lengre bitar (enn vanleg) av episodane viss det skjer mykje spennande der. Tempoet er høgt og nettopp denne balanserte fokuseringa på det mest spennande er med på å gi serien inntrykk av å respektere sjåaren sitt drag mot løysingar framfor å halde oss på tå i det uendelege.
Krysningar av trådar som glir over fleire episodar er eit mønster som har blitt meir utspekulert i den seinare serien til Abrams, «Lost», seriane er forskjellige nok til at å vurdere kven som gjer det best blir vanskeleg, om mogleg. Mystikk er noko som finst i begge, «Alias» som handlar om agentar, internasjonale undercoveroppdrag og high tech gadgets har også ein større tråd gjennom episodane knytt til ein 500 år gammal oppfinnar med profetiar som dei fleste etterretningsvesena i verden er ute etter å finne meir ut om.
Kort sagt byr «Alias» på langt meir enn forventa. Forventa var eigentleg ei oppbygging lik det meste innanfor detektimen, det som blir servert er spenningsfulle agentsprell ispedd litt mystikk, strukturert litt som «Lost», utan dei altfor mange ubesvarte spørsmåla (nokre er det jo, det er ein bra ting).
