11. juni 2007
Alien (1979)
IMDb: 8.5/10 from 154,756 users
Tidlegare har eg berre sett delar av Alien frå 1979, så det var på høg tide eg fekk sett heile, for eg har fått inntrykk av at den var både skremmande og god. Inntrykket stemte, den var skremmande god.
Filmen klarar å halde ei nervøs stemning gjennom store delar utan å overdrive på spenninga. Mykje av dette er takka vere den minimale blottinga av romvesenet. Det er vel ingen tvil om at det usette er skumlare enn ein hær av romvesen som flyg over skjermen. Fantasien er meir effektiv enn spesialeffektar. Slik er Alien. Den har óg sine begrensingar på spesialeffektar, sjølv om det er litt, så er det horroren og thrilleren som blir vektlagt. I motsetning til nummer to i rekka?
