Almost Famous (2000)

IMDb: 7.9/10 (48,724 votes)

Almost FamousWilliam Miller er ein 15 år gammal journalist for musikkbladet Rolling Stones, og reiser på turné med rockebandet Stillwater. Bandet Stillwater har eksistert i den perioden filmen foregår i, men filmen har ikkje fått status som anna enn semi-autobiografisk.

Filmen ligg forholdsvis solid plassert på IMDb top 250, og er ein god film. Men eg har meir enn det å sei om den, for det er ting her eg ikkje likar. For eksempel utsegnet til musikkjournalisten Lester Bangs (Philip Seymour Hoffman) om bandet The Doors. Filmen er ei berg- og dalbane heile vegen, eit par scener blei for lange, Patrick Fugit varierte veldig i truverdigheit. Både for oss publikum og for dei andre rollefigurane i form av William Miller. Den er etter min smak for lang, eg vart veldig utålmodig etter 90 minutt. Noko som kan ha med å gjere at eg framleis har 3.5 sider igjen å skrive om medieregissert verkelegheit før fredag (les: semesteroppgåve), men og fordi den ikkje gav meg noko å gripe fatt i mot slutten. Eg sakna kjensla av at noko måtte skje for å redde situasjonen.

Kanskje det er ein god ting? Noko som eg står fast ved at er ein god ting, er det at filmen ikkje trår inn i rekka av filmar om berømtheiter som har brukt narkotika. Til det har med «Wonderland», «Boogie Nights» og «The Doors», pluss ein del eg nok aldri har sett.

Så konklusjonen min får bli den, at «Almost Famous» er ein god film, som unngår å ta opp bandproblem utelukkande på grunn av narkotika og alkohol, likevel om det finst her. Den gir ei god stemning, og har gode skodespelarar med få unntak. Jason Lee som vokalist Jeff Bebe, og Billy Crudup som gitarist Russell Hammond.

7/10
Publisert 3. mai 2006 kl. 18:41 i Adventure, Alle, Comedy, Drama, Music merka som , .

Skriv ein kommentar