American Gun (2005)

IMDb: 5.9/10 (126 votes)

American GunDet blir vanskeleg å samanlikne denne med andre filmar eg har sett dei siste vekene, eg har sett mykje godt, men denne gjorde ekstra inntrykk, så i ei heilheit er det noko av det betre eg har sett i det siste.

«American Gun» er samansett av fleire smÃ¥historiar som foregÃ¥r parallellt, iallfall reknar eg med det ettersom ingenting anna er forklart. Det er tre Ã¥r sidan ei skuleskyting i Virginia, og samfunnet er omrÃ¥de er framleis svært prega av hendinga. Me følger ein politimann involvert og familien (mora og broren) til den eine skuldige. Samtidig ein annan plass følger me rektoren pÃ¥ ein ‘svart’ skule, dvs. pÃ¥ ein skule der det stort sett er svarte elevar, samt ein av elevane der. Som ein tredje historie følger me ein bestefar som driv ein vÃ¥penbutikk, og barnebarnet hans.

Med desse historiane blir det vinkla mot våpen på vidt forskjellige måtar, og bruken av dei. Det er to sider som går igjen, og det er dei som brukar våpen som verne og dei som brukar det på den ekstreme måten. Slik sett blir det ikkje nødvendigvis eit utelukkande negativ på våpenkulturen. Dog det kan seiast at eit samfunn utan tilgong til våpen som det er i USA nok ville ha letta livet til mang ein person.

Sjølv tykkte eg filmen var svært så gripande, og følte meg skikkeleg engasjert i enkelte scener. På ein måte fortset den der «Elephant» enda, tre år etter, men det er viktig å nemne at dette ikkje er ein Gus Van Sant film. I tilegg blir det også retta eit blikk mot våpenkvardagen i dei meir kriminelle (og gjerne svarte) områda. Det blir på ingen måte prøvd å vinkla som ein dokumentar, men er eit reint drama. Eit drama som verkeleg fangar merksemda, og heller ikkje gjer skam på skodespelarfronten. Marcia Gay Harden gjer ei god rolle som ei overarbeida mor med svært mykje å passe på. Donald Sutherland har ei heller mindre og roleg rolle, men passar godt som eigar av våpenbutikk og bestefar. For ikkje å gløyme Forest Whitaker som rektor på ein svært krevande skule. Eg har heller ingenting å utsette på mindre kjente ansikt, dei fyller rollane sine godt nok.

Som skikkeleg stemningsskapar opplevde eg dette som både godt drama og ein liten tankevekkar i kvardagen.

7/10
Publisert 23. august 2006 kl. 21:59 i Alle, Drama merka som , .

Skriv ein kommentar