29. mai 2008

An Evening with Kevin Smith (2002)

Av Asbjørn Ness

An Evening with Kevin Smith (2002)

IMDb: 8.6/10 from 3,299 users

Første del, An Evening with Kevin Smith, kom i 2002 og er samansett av materiale samla frå 5-6 ulike college som Kevin Smith besøkte, der han i høgtidleg tone svarar publikum på seriøse, mindre seriøse og useriøse spørsmål. Dei som kjenner filmane til Kevin Smith veit at det blir mykje banning og vulgært snakk i mannens nærver, og i løpet av denne videoen blir det så absolutt stadfesta. Dette betyr ikkje at det berre er kødd med opplegget, han har ein haug med gode, morosame og interessante historiar og opplysningar å komme med, desse tenar på at han ikkje legg lokk på noko som helst i forteljingane sine. Av nemneverdige bitar som går an å gjenfortelje ideen rundt er då han i detalj fortel korleis han møtte kona si og hadde sex med ho første gong, korleis penisen hans under gnikkinga før dei tok av seg kleda skrapa opp på innsida av glidelåsen, men han likevel gjekk for samleie, sjølv om det etterkvart føltes som å putte pikken i batterisyre. Ein anna historie er når han brukar 10-15 minuttar på å fortelje om møtet sitt med artisten Prince som ein av dei sjukaste personane han har møtt.

4/5

Om innlegget