An Inconvenient Truth (2006)

IMDb: 8.2/10 (6,732 votes)

An Inconvenient TruthMed Al Gore i spissen har Davis Guggenheim satt saman ein film som følger den tidlegare presidentkandidaten og miljøkjemparen under ei av miljøforedraga sine. For å gjere dette meir interessant er det også lagt til litt historie om kvifor Al Gore har blitt ein så intens miljøkjempar og kva han har gjort for å kunne sei/påstå det han gjer i denne dokumentaren.

Det blir velbalansert og truverdig, og alle vonde minne frå Michael Moore og Erik Gandini forblir i underbevisstheiten. Al Gore gir oss ingen ting som kan tyde på at global oppvarming er anna enn menneskeskapt, men det går an å kjøpe det. Det er overbevisande.

Eg tek på meg å anbefale denne filmen vidare til alle og ein kvar, dette er ein viktig bodskap. Og ikkje berre difor, men denne dokumentaren er like fengslande som taledyktigheiten til Al Gore.

7/10
Publisert 22. november 2006 kl. 23:01 i Alle, Documentary merka som , .

Skriv ein kommentar