16. mars 2012

Antitrust (2001)

Av Asbjørn Ness

Antitrust (2001)

IMDb: 6.0/10 from 18,772 users

Milo (Ryan Phillippe) er ein dyktig programmerer som har tenkt å starte selskap i lag med programmerervennene sine. Det er før dataselskapet NURV hyrer han inn på ein attraktiv kontrakt til å hjelpe med deira neste storsatsing, kommunikasjonssystemet Synapse.

Så kjem det for dagen at NURV ikkje har reint mjøl i posen, og stemninga mellom Milo og sjefen Gary (Tim Robbins) blir både anspent og farleg.

Antitrust blei gitt ut på ei tid då Microsoft blei sett på som den store, stygge ulven som kontrollerte PC-verda. NURV liknar på Microsoft og Gary er tydeleg inspirert av Bill Gates. Antitrust formidlar ein kamp mellom idealistiske programmerere og open kjeldekode og store, kontrollerande og hemmelegheitsfulle selskap.

Som yngre ungdom var Antitrust ein av favorittfilmane mine. Eg var datainteressert og oppdatert nok til å fatte poenga i filmen. No, mange år seinare, står Antitrust igjen som eit bilde av ein form for datainteresse eg ikkje har vore vitne til på ei stund. Filmen er enkel og naiv, men ikkje blåst.

Som eit minne om fortida er det gøy, men som film har det tapt seg etter eit par gjensyn. Det er i det teknologiske og detaljane det meste av moroa ligg no. Handlingsforløpet er for meg blitt velkjent nok til at det ikkje fenger, men fungerer.

3/5

Om innlegget