14. juli 2005
Antitrust (2001)
Dette var yndlingsfilmen min litt tilbake i tid då eg hadde tenåringscrush på Linux, eksperimenterte med lett PHP og Flash actionkoding. Det er framleis ein god film, men eg blir ikkje så lett overbevist om at PC-bransjen fungerar på ein så skitten måte som her.
Å drepe folk for kjeldekode, det er drøyt. Bortsett frå det så er jo filmen god, om ein utelukkar dei fleste skodespelarane. Rachael Leigh Cook er dessutan utruleg søt. Også eit artig gjensyn med Rick Worthy frå etterforskringsserien Eyes på ABC, som ikkje overlevde på skjermen så lenge.
