13 episodar.
ÇArrested Development» har heilt sidan starten tiltrukke seg merksemd i parodieringa av realitydokumentarar og såper, og legg ikkje skjul på å vere tydeleg sarkastiske når det gjeld noko. Tittelen gir eit tydeleg vink til gangen i serien, og det er ikkje så overraskande avslutning på serien.
Dette var ein kortare sesong enn vanleg, på grunn av den, før mange, overraskande kanselleringa av serien. Det tok meg difor ikkje meir enn i overkant av 1 dag å sjå ferdig, for sidan det er så lenge sidan eg såg andre sesong, så vart eg ganske gira når eg først kom i gang.
Som alltid skjer det eigentleg ikkje så mykje som fører serien vidare, familien Bluth rotar til alt for seg sjølv, og gjerne Michael. Og tilfeldige samanhengar på kryss og tvers av småting som har skjedd i tidlegare episodar med det som skjer i dei nye er underhaldande nok. I tillegg til gjesteframsyning av store skodespelarnamn som Charlize Theron og Ben Stiller.
På ein måte synd at serien er ferdig, men på anna vis greitt å komme seg vidare og sjå noko anna, for mangelen på utvikling gjer at eg berre kan takle visst mykje av dette i lengden. For ordens skuld kan eg nemne at tross kanselleringa, så har serien ei skikkeleg avslutning.
