Wow. Dette var så mykje meir enn eg hadde håpt og trudd på. Zwigoff og Clowes har nok eingong gjort eit fortreffande samarbeid som ikkje kan beskrivast med ord. Her er det snakk om bilder, baby!
Viss du har vore borti nokon av teikneseriane, eller grafiske romanar for å sei det på fint, av Daniel Clowes, så vil stilen i denne filmen vere godt gjenkjenneleg. Zwigoff har klart å overføre teikningane og karakterane som Clowes har gjort til sitt gjennom Ghost World, David Boring og Ice Haven, for å ta det eg har lese. Rett nok er denne filmen basert på ei heilt anna historie, tidlegare publisert i Eightball, for dei som er kjent med det bladet.
For å ta utgangspunkt i Ghost World, så har Art School Confidential på same måte klart å få fram eit hav av detaljar, meir eller mindre skjulte i tillegg til godt tydelege referansar til populærkulturelle eller klassiske verk. I dei ulike filmtrailerane og teaserane til filmen var det proppa inn med godsaker, men dette har på ingen måte tatt det beste frå filmen, heller gitt ein ørliten smakebit av kva som ventar, akkurat som det er meint å gjere.
Det er ikkje til å forvekslast med ein homeage til Clowes eller Zwigoff inspirasjonskjelder, dette er på langt nær ei opplisting av ting ein må få med seg. Vel, noko er, men poenget er at det heller er ein av dei detaljane som gjer filmen så komplett som den er.
I tillegg til den kriminelle biten som er det vesle senteret av filmen, er det her tatt i bruk enkle grep som forelskelse, sjalusi, streving etter godkjenning, drama og komedie om kvarandre. Eg er i tvil om kor vidt andre vil finne denne filmen så hysterisk morosam til tider, og nærast tåredryppande til andre, som meg. Men eg gjorde alt i frå å knytte nevane i sinne til å svelge tungt eller riste av latter. Jepp, faktisk!
Eit par småting som gjorde filmen for meg var Steve Buscemis vesle rolle som kafeeigar, den strukturelt realistiske framstillinga av korleis eit universitetet (må ikkje forvekslast med universet) fungerar og den grunne ærlegheiten bak alt det karikaterte og oppblåste. På ein positiv måte sjølvsagt, eg har ingenting vondt å sei om denne filmen. Dette bør bli sett på som ein veldig subjektiv tekst med tanke på interessa mi for arbeidet til Clowes.
Det er ingen problem for meg å velje ut rangeringsplassering denne gongen.
