Artificial Intelligence: AI (2001)

IMDb: 6.8/10 (65,715 votes)

«AI» låg lenge an til å bli ein god film, problemet blei at den låg så lenge ann, generelt sett. Spielberg har laga ein film om eit robotbarns jakt på mors kjærleik og streifar innom eksistensielle spørsmål 101 gjennom den eventyrlege historia me er vitne til. Det som til vanleg kunne ha blitt altfor mykje av det gode, med tanke på vesle David, robotbarnet, si emne til å elske, går seg til her ettersom det er snakk om robotar. Når David er på jakt etter å bli elska har ordet «love» ein tendens til å dukke opp stadig vekk, mange verbale forsøk på definisjonen av ordet blir gitt og det sagte er ikkje nytenking.

Det som gjer «AI» til ein potensiell 8-ar, som synk på grunn av lengden, er at Spielberg har laga ein eventyrfilm med stadig framdrift som byr på mange spennande syn og tøffe futuristiske idear. Viktigare og det som gjer at eg kan like denne tross mitt kalde forhold til både «E.T.» og «Close Encounters of the Third Kind» er at det er lagt inn ein melankolsk undertone. «AI» er aldri ein gladfilm, heilt i frå første minutt er det klart at menneskeheita har påført seg sjølv ondt. Sjølv om det heller ikkje er ein deppefilm er det ei dyster stemning over alt spetakkelet som gir filmen ein ekstra dimensjon.

7/10
Publisert 5. april 2008 kl. 22:16 i Adventure, Alle, Drama, Sci-Fi merka som , .

Skriv ein kommentar