Aruitemo aruitemo (2008)

IMDb: 8.0/10 (847 votes)

still_walking.jpgI tilknyting Film frå Sør var den japanske regissøren Kore-eda på Noregbesøk og likegodt ein tur innom Trondheim. Trass i at hans «Nobody Knows» var i tyngste laget for meg, tok eg turen for å sjå «Still Walking». Denne var derimot det stikk motsette, nemleg eit hyggeleg og koseleg familiedrama, sjølv med det tristare bakteppe for handlinga. Eg let meg ikkje så reint lite fascinere av magien i ei enkel familiesamling. Kore-eda, som har brukt mor si som inspirasjon til mora i filmen, har troffe godt med lengde, stemning, karakterane og resultatet er ein film du må sjå.

8/10
Publisert 18. oktober 2009 kl. 22:56 i Alle, Drama merka som , .

Skriv ein kommentar