I rekka med filmar av John Carpenter var det denne gongen duka for «Assault on Precinct 13». Her er det ikkje snakk om 2005-versjonen med Ethan Hawke, men den gode gamle frå 1976 laga på eit relativt lågt budsjett.
Med 100.000 dollars, ein nabo på rollelista og ei kjent stjerne innan blaxploitationsjangeren blei altså denne politithrilleren laga. Me befinn oss i eit kriminelt belasta område av Los Angeles, viss politistasjon i distriktet er under nedlegging.
Det startar roleg, med musikk komponert av John Carpenter sjølv pÃ¥ lydsporet — som tydeleg bygg opp til noko. I løpet av den første delen av filmen blir me introdusert for personar som enten vil utløyse eller avverge angrepet pÃ¥ politistasjonen seinare.
Under angrepet blir det servert mange heftige skytescener. Inntrykket av at ofra ikkje har kontroll på stasjonen gjer dette delvis uforutsigbart og spennande, trass enkle verkemiddel. Samanlikna med det eg hugsa frå 2005-versjonen, som eg såg for halvanna år sidan, er det her større fokus på situasjon framfor heltar. Kan hende eg tek feil?
Fornøyeleg var det iallfall. Eg skal ikkje legge skjul på at eg har blitt biten av ei Carpenter-bastill den siste tida Sansen min for måten han lagar film på er nok med på å trekke dette opp. Har det noko å sei? Nei, det er jo slik det bør vere!
