Bad Santa (2003)

IMDb: 7.3/10 (39,583 votes)

Bad Santahar eg sett ein del gonger og den er framleis like bra. Billy Bob Thornton som alkoholisert julenisse og butikkranar får god hjelp (reint filmmessig) av ein feit liten unge og fleire absurde rollefigurar til å gjere akkurat så mykje faenskap ut av førjulssatiren til at eg kan godta dei sentimentale tonane som klingrar så svakt igjennom ulike sider av filmen. Det heile roar seg litt for mykje ned i eit lite parti før oppkøyringa mot slutten, men er udiskutabelt ein av mine favorittar med jul som tema.

8/10
Publisert 16. desember 2007 kl. 10:17 i Alle, Crime, Drama merka som , .

Skriv ein kommentar