9. august 2008
Batman Beyond: Return of the Joker (2000)
Batman Beyond eller Future Batman er eit rart opplegg der Bruce Wayne er gjort til gammal mann og ein yngre person, Terry McGinnis, er gjort til Batman. Eg veit ikkje heilt om eg kan leve med denne tanken.
For meg vil alltid superheltar vere eit tidlaus greie, uansett kor mange år det går skal verken superheltane eller deira hemmelege identitetar eldast, miljøet knytt til dei kan tilpassast tida enten filmen eller teikneserien er laga i, men dette må behandlast med varsam hand. Me vil ikkje miste heilt grepet om miljøet helten blei skapt i.
I Batman Beyond: Return of the Joker og sikkert nok i den animerte tv-serien som filmen har spunne seg ut i frå, er det eit Gotham City 40 år fram i tid som møter augo våre, og det ser ikkje bra ut. For å sette tankane mine litt på plass, Gotham City er ein av dei viktigaste miljøa blant superheltar eg har litt tilknytning og kunnskap om, meir enn Metropolis har for Superman og New York har for Spider-Man. Det gjer meg vondt å sjå at i tillegg til at Bruce Wayne ikkje er Batman, at Gotham City er gjort til ei platt og futuristisk teiking i bakgrunnen av ein kamp som aldri kan bli den tenkte revansjen for Jokeren, nettopp på grunnlag av at andre folk står i rollane til våre kjente karakterar.
Så kvifor så raus i vurderinga? Tross skuffelsar som eigentleg grunnar ut i at eg stilte blank til konseptet Batman Beyond så er Return of the Joker ein eksplosiv liten animasjonsfilm som aldri står stille, som portretterar ein aldrande Bruce Wayne på ein måte eg kan tru på og som har den ekstra sprø vrien ved Jokeren som gjer han både underholdande og skremmande.
