10. august 2008
Batman: Mystery of the Batwoman (2003)
Mystery of the Batwoman var ein sann opptur frå framtidsflaggermusa eg nyleg såg i Return of the Joker. Bruce Wayne er i sitt ess, det er mystikk rundt ei ny kvinne i flaggermuskostyme og ein solid dose action.
Historia her dreiar seg omkring eit samarbeid av våpensmugling mellom Rupert Thorne, pingvinmannen og Carlton Duquesne. Brått dukkar Batwoman opp og køyrer ein hard kamp for å avsløre og stoppe smuglarane. Batman er også på sporet av desse kriminelle og må også finne ut kven Batwoman er.
Stil- og animasjonsmessig er det ingenting å utsette på denne filmen. Det er spenning i etterforskinga til Batman og i dei gjennomførte, eksplosive actionsekvensane. Kevin Conroy har sjølvsagt stemma til Batman og alt er fryd.
At eg ikkje sit å bit meg i leppa eller held meg fast i stolen er vel det som skil denne frå toppklassefilmar, men til animasjon å vere er denne oppe nær Gotham Knight.
