Batman & Robin (1997)

IMDb: 3.5/10 (62,070 votes)

«Batman & Robin» er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gong med den, difor styrte eg også bevisst unna spor om kor dårleg den var, som poengskalaen på IMDb og andre filmmeldingar. At eg ville sjå den er eit ledd i Batman filmperiode eg er inni.

Det einaste vesentlege spørsmålet å stille seg til Joel Schumacher sin andre Batmanfilm, denne gongen med George Clooney som mannen bak maska, er kor dårleg den eigentleg er. For alle som har sett litt av den veit at det ikkje er meining å stille seg spørsmålet kvifor den er dårleg, det tek ein for gitt.

Så dårleg er den: Blant Arnold Schwarzenegger topp 3 verste. Uma Thurman gjer århundrets verste superskurk. George Clooney er kjedeleg som ei stilna dansk vindmølle. Kombinasjonen kostymer, kulisser og kamera utgjer eit resultat Ed Wood ville ha vore skeptisk til. All form for dialog er som førsteutkastet til «Catwoman».

Oppbygginga av filmen med innfletting av ulike karakterar og måten ting utfoldar seg på gir ikkje meining, det einaste som kan seiast å vere tøft i «Batman & Robin» er oversiktsbilda av Gotham City. Den einaste som gjer ei god rolle er Elle Macpherson fordi ho stort sett held munnen lukka og ser pen ut.

2/10

One Response to “Batman & Robin (1997)”

  1. TMwtP Says:

    George Clooney: “I think we may have killed the franchise.”

Leave a Reply