Battlestar Galactica: The Plan (2009)

IMDb: 6.7/10 (1,792 votes)

Battlestar Galactica The Plan DVD«The Plan» er for folk som har sett serien «Battlestar Galactica», og kan tenke seg svar på eit par spørsmål som aldri blei svara på undervegs. Det vil ikkje sei at den svarar på alt, og spesielt det som kan sjåast på som overnaturleg ved serien er utelaten. «The Plan» handlar om Cylons først og fremst, og fortel om deira side i krigen. Modellen «One» står i fokus, vinklinga mot Cylons er om ikkje akkurat fartsfylt, så grei nok på informasjon. Som supplement er dette greit, som film er det mangefullt og litt unødvendig. På ein god dag, godt nok.

6/10
Publisert 16. november 2009 kl. 01:49 i Action, Adventure, Alle, Drama, Sci-Fi merka som , , .

Skriv ein kommentar