Beauty and the Beast (1991)

IMDb: 7.9/10 (51,761 votes)

Blant det beste av eigenprodusert Disneyanimasjon siste 20 åra finn ein «Beauty and the Beast», historien om ein ung og kjekk prins som blir forvandla til eit beist, og berre kjærleiken til ei ung, vakker kvinner kan forvandle han tilbake.

Ved ein liten, fransk landsby bur Belle saman med faren. Både Belle og faren skil seg ut frå den gjennomsnittlege innbyggaren, men Belle blir likevel sett på som den penaste jenta der. Når faren skal på oppfinnarmesse og klarar å rote seg vekk, hamnar han ved slottet til beistet og blir satt i fange der. Hesten som slapp unna før han blei fanga kjem heim til Belle og ho følger den igjen tilbake til slottet, der ho går med på å bli tatt til fange i staden for faren.

«Beauty and the Beast» har det som eg forventar av eit slikt eventyr, trolldom, eventyrskapningar, ein person som ser forbi det som er på overflata og ein skurk som kjem tilsyne i form av dårlege menneskelege eigenskapar som egoisme og fordommar. Både fordi eg har sett filmen og fordi det ligg i korta veit eg kva som vil skje, viktig er det difor at det som skjer på vegen er både spennande og dramatisk og utført med ei stødig hand. Nokre songnummer som ligna på alt anna i Disneysamanheng krev litt ekstra å komme seg gjennom, ser eg forbi dette likar eg forteljinga godt, den brukar enkle og effektive grep til å fortelje ei trist, men ikkje deprimerande kjærleikshistorie, heile vegen med glimt i auge.

Nettopp fordi dette ligg nær fullkomment det beste eg har sett av Disney trekk eg sopass opp. Fullstendig klar over at eg har størsteparten av gullperioden (?) (1940-1960) på skal-sjå-lista, som kan endre den alltid vanskelege talkarakteren sett i samanlikning.

8/10
Publisert 22. september 2008 kl. 13:21 i Alle, Animation, Drama, Family, Fantasy, Musical, Romance merka som , , .

Ein kommentar til Beauty and the Beast (1991)

  1. athorb

    utrolig fin film, mest sannsynlig min favoritt-Disney-tegnefilm.

Skriv ein kommentar