Beste film: 2009

  1. Funny People
  2. The Boat That Rocked
  3. Whatever Works
  4. The Girlfriend Experience
  5. District 9
  6. (500) Days of Summer
  7. Moon
  8. Män som hatar kvinnor
  9. Adventureland
  10. Paper Heart
  11. The Hangover
  12. Watchmen
  13. Arlen Faber
  14. Zombieland
  15. Drag Me to Hell
  16. Up
  17. I Love You, Man
  18. Away We Go
  19. Star Trek
  20. 17 Again

Etter eit år utan årsliste har eg rørt saman ei liste over favorittane frå 2009. Ein del er nok cirkaplasseringar, men god nok til å få med dei eg tykkjer mest om.

Kor er Avatar? Den er usett. Kva med 2012? Den er død for meg.

Litt om topplasseringen, Funny People, ein av fleire på årslista eg ikkje har skrive om. Dette er utan tvil Judd Apatow sin beste film hittil; vaksen, full av god humor, lett tilgjengeleg, godt drama som står i god kontrast til komedien, lista er lang. Sjå den, det er oppfordringa!

Resten av lista er i stor grad prega av blandinga drama og komedie, pluss ein og anna blockbuster. Om ikkje den heilt store variasjonen, så fullt ut mi liste. Eg har knapt sett ein brøkdel av filmane som kom i år, og har fått mang ein favoritt frå tidlegare år i løpet av 2009.

Publisert 29. desember 2009 kl. 16:00 i Annonseringar merka som , .

5 kommentarar til Beste film: 2009

  1. Fred Ut

    Moon, Drag me to Hell og Zombieland er blant de fremste filmene jeg ikke har fått sett i år. Topp fem må bli noe sånt som

    1) Inglorious Basterds (likte du ikke den?)
    2) Ponyo on the cliff
    3) Star Trek
    4) Public Enemies
    5) Avatar (hårfint foran D9)

    Godt nyttår!

  2. Asbjørn Ness

    Likte ikkje «Inglourious Basterds» godt nok til å la den bli listekandidat, men den boblar like under lista. «Ponyo» har gått meg hus forbi når eg sorterte etter årstal. Kan tilføre at også «Changeling» skulle ha blitt teke med om eg hadde inkludert fleire filmar lansert i 2008 som eg ikkje fekk sjansen til å sjå før i 2009. «Public Enemies» har eg heller ikkje sett.

    Godt nyttår til deg òg, F!

  3. Espen B. Andersson

    Kort kommentar før jeg publiserer min egen liste og kommer tilbake til denne: Du gav jo IB 6/10. Er virkelig det en god nok karakter til Ã¥ være en «bobler»? Jeg mener, det er jo sÃ¥ vidt over en treer pÃ¥ terningen …

  4. Asbjørn Ness

    Lista mi inneheld nesten alt av 7, 8 og 9 frå 2009. IB med sin sterke 6 blir ein boblar ut i frå det. Kan hende du er meir raus med karakterar enn meg, og ser på 6 som svakare enn det eg gjer, sjølv om eg rimeleg einig i det innlegget du hadde om vurdering på skala frå 1-10 tidlegare.

    Eg ser meir på 6 som ein 4 viss eg skulle ha brukt terningen, noko eg ikkje gjer, og difor blir denne samanlikninga, som mest kan forklare forholdet mitt mellom skala og terning sånn, kjapt og grovt: 1-2 blir 1, 3 blir 2, 4-5 blir 3, 6 blir 4, 7-8 blir 5, 9-10 blir 6.

    Men så vil aldri karakter bli alt, inntrykk forandrar seg, og eg har ikkje sett meg for å endre på IMDb-votes eller passe på at alt er korrekt vurdert relativt til kvarandre. Dog eg er ganske nøgd med dei fleste X stemmene på IMDb :)

    Avventer lista di.

  5. Knut

    Har ikke sett noen av dine topp 4, tydelig litt å ta igjen.

    Selv har jeg Inglourious Basterds på topp, som jeg var overraska over å ikke finne her.

Skriv ein kommentar