Beste film: Juni

Eg ser i ettertid at eg har vore veldig raus med å putte Absolutt anbefalt som mi meining på ulike filmar denne månaden. Heile 7 filmar har fått dette stempelet, men så har eg også sett 38 i løpet av juni.

Eg er nesten frista til å lage ei liste med 6eks utvalte og liste dei alle, for alle filmane byr på heilt forskjellige opplevingar, men eg vil halde meg til min påstarta tradisjon med å nominere tre, deretter trekke fram ein til slutt.

Etter mykje fram og tilbake har eg avgjort å rette fokuset mot «Ghost World», «Before Sunset» og «V for Vendetta».

«Ghost World» blir den filmen eg vil anbefale mest, ettersom det er den filmen som har festa seg best i tankane mine i ettertid. Ein verdig adapsjon av ein grafisk roman, men likevel ikkje heilt korrekt sett på historie mot historie, noko som gjer sitt til at ein får ei ny oppleving om ein berre har fått sett/lest eine.

I grunn kan eg gå god for alle 7 «Aboslutt anbefalt» filmane.

Publisert 4. juli 2006 kl. 18:47 i Annonseringar merka som .

Skriv ein kommentar