Beste film: Mai

Den siste månaden har ikkje hatt så mykje plass til film, men heller vore dedikert til TV-seriar. Først etter storparten av sesongoppkøyringa satte eg av tid til å sjå litt film. Utvalet å finne mi private månadlege favoritt ut i frå er difor ikkje så stort, og gjer det enklare å finne dei tre kandidatane, men vanskelegare å finne ein som utmerkar seg.

Dei tre som eg står igjen med til slutt er Planet of the Apes (1968), Romance & Cigarettes (2005) og Almost Famous (2000). Alle tre er gode filmar, men her blir det humøret som bestemmer. Det var når eg såg Romance & Cigarettes (2005) eg vart mest underholdt, så den trekker det lengste strået her.

Romance & Cigarettes (2005) er ein slags musikal utan all den glorifiseringa ein (iallfall eg) er van med. Den legg vekt pÃ¥ det kalde forholdet som utviklar seg etter ein part i eit ekteskap har vore utro, og James Gandolfini passar perfekt til denne rolla. BÃ¥de ettersom han har spelt same rolla i The Sopranos, men og fordi han var utro mot kona si pÃ¥ ekte. Tittelen er ikkje forgjeves, det er og lagt fokus pÃ¥ sigarettar, men meir enn det vil eg ikkje nemne om den saken. Med musikk som «Piece of My Heart» av tre forskjellige artistar, «El cuarto de Tula» av The Buena Vista Social Club og «Hot Pants» av Bobby Cannavale, er det duka show med danseinnslag av bl.a. Christopher Walken som eg ikkje har sett lignande av sidan Fatboy Slim gav ut musikkvideoen til «Weapon of Choice».

Publisert 1. juni 2006 kl. 11:36 i Annonseringar merka som .

Skriv ein kommentar