Beste film: November

Betre seint enn aldri. I november blei det sett ein del gode filmar, og eg har vore meir generøs enn aldri før på å gi den høgaste meiningsvurderinga. Ei toppliste på seks filmar som alle er forskjellige nok til å fortene ein plass har blitt satt saman. Mange sterke kandidatar til den oppkommande uhøgtidelege Beste film 2006 lista for kvar kategori i Filmdagboka.

«Casino Royale» er den siste James Bond filmen, og den første underteikna verkeleg har storkost seg med på kino. «An Inconvenient Truth» rettar søkelyset mot miljøproblem på ein truverdig måte. «Cars» er hittil min Pixar-favoritt og gir ei spennande og artig historie i tillegg til eit fantastisk detaljnivå. «Babel» overraska meg etter eit tidlegare labert møte med regissøren som laga «21 Grams». Godt drama. «Borat: Cultural Learnings of America for Make Benefit Glorious Nation of Kazakhstan» er hysterisk og ein komedie utan daupunkt. Eit tips er å unngå å tenke i retning av at det skal vere satire av noko slag. Sjå på det som ein rølpefilm og bli underholdt først og fremst. «Scoop». At Woody Allen står bak filmen seier mykje om den. Eg er fan av måten han skriv litt meir intellektuell humor på, og når unngår å slite på tålmodigheita til publikum for mykje i denne filmen, så blir det ein god filmopplevelse.

Publisert 4. desember 2006 kl. 15:13 i Annonseringar merka som .

Skriv ein kommentar