Nok av seriar å velje mellom, og endå fleire sesongar. Sidan arbeidet med å velje ut enkelte sesongar er for stort, blir denne lista via til heile seriar. Dei som eg ser som mest verdige til å forsvare tida framfor TV-apparatet i 2006.
1. Veronica Mars :
Den smarte jenta frå Neptune har blei gradvis TV-favoritten min utover våren, og har sådan fulgt sterkt opp i haust. Smart, men likevel godt forståeleg plot er det grunnleggande for manuset. Link.
2. House :
Gregory House har nok fleire stifta bekjennskap med på NRK1 i haust. Dei to første sesongane finst allereie på DVD, og sjølv har eg fullført begge desse i løpet av året. Eg er ikkje mindre enn imponert over både Hugh Laurie, og dei like, men så gode episodane. Link.
3. Twin Peaks :
Årets største overrasking, ein serie som har eksistert i mange år, men som eg aldri har løfta ei augebryn for. Når eg først kjøpte (første) sesongboksen, satte plata i spelaren og trykkte play, så gjekk alt unna på ei kort helg. Veldig god mystikk. Link.
4. The Office :
Mange komediar har blitt sett i år, men «The Office» står ut som den beste. Som fan av kontorhumor i form av bl.a. «Dilbert» finn eg settingen enkel å sette meg inn i, men det er karakterane i «The Office» som gjer underverka. Link.
5. Dead Like Me :
Med denne serien er eg tilbake til starten av året, utan at det skal vere noko ulempe. Dette handlar om ei jente som døyr, for så å få jobb å ta sjelene til folk like før dei døyr. Oppdraga blir utdelt på gule post-it lappar av ein sjef som blir spela av Mandy Patinkin. Det heile har nok av sarkasme, og er av det mest uhøgtidelege supernatural-konseptet eg har sett. Link.
6. Seinfeld :
Alle kjenner til denne serien. I sommar fann eg ut at det var på tide å sjå serien samanhengane, og gjorde så. Det er ein verdig komedie, tross at hovudrolla sjølv ikkje er store skodespelaren. Vitsane kan vere litt slappe nokre gonger, men det er så mange av dei at det alltid blir plass til nok gode. Link.
7. Eureka :
Sommar-TV er aldri det beste, men «Eureka» kom veldig godt ut av det, trass i årstida. Den har episodebaserte hendingsforløp og tek seg av ymse problem som oppstår i den elles koselege høgteknologibyen Eureka. Link:
8. Carnivale :
HBO fortenar minst ein plass på lista («The Sopranos» nådde ikkje opp til tidlegare høgder). Link.
9. Arrested Development :
Svært så uhøgtidleg komedie utan særleg djup historie eller historieutvikling. Gjer narr av såpeseriar og så mykje anna utan å gjere det til agendaen sin å kritisere. Kan bli litt for mykje i lengden, men dei to første sesongane er rimeleg gode! Link.
10. The Northern Exposure :
Serien med den norske tittelen «Det gode liv i Alaska» har likskapar med «Eureka», men er meir jordnær. Her er det også eit hyggeleg miljø, ei blanding mellom ekte og overnaturlege problem, alt i ei isolert setting. Link.

desember 27th, 2006 at 13:42
Har ikkje sett West wing, verken på TV eller DVD. Så den har ikkje vore med i vurderingsprosessen. =)
desember 27th, 2006 at 13:04
Ah! Jeg savner sÃ¥ definitivt den beste tv-serien noensinne: Presidenten («West wing»). Selv om den sesongn som har gÃ¥tt pÃ¥ NRK i høst har tendert bitte bitte litt mot sÃ¥pe og den har svingt mellom litt for mange arenaer, sÃ¥ er det den eneste serien som har gitt meg gÃ¥sehud. Mange ganger.
desember 27th, 2006 at 15:50
Savner kanskje «Deadwood» jeg da. Veronica Mars er en overraskende god serie, men ville nok ikke kommet med pÃ¥ en slik liste dersom jeg skulle forfatte den.
Carnivale er en utrolig genial serie, som dessverre sluttet altfor brått.
desember 27th, 2006 at 16:32
XmasB: Har nok ikkje sett Deadwood heller.
desember 27th, 2006 at 21:10
Deadwood bør du se. Ble nettopp ferdig med sesong 3, og det er utvilsomt den som falt best i smak. Sesong 1 er også veldig bra, mens sesong 2 kan bli litt kjedelig.
Ellers skal det sies at min bedre halvdel har gitt opp Deadwood for lenge siden, grunnet handlingen som kan være vanskelig å følge med på. Det skjønner jeg godt, men alt godt kommet til den som venter. Det nytter ikke å spørre seg underveis etter detaljer hvis man ikke forstår alt. Det er bare å se videre, så vil man få svar. Jeg venter spent på sesong 4.
Ellers kunne jo kanskje Battlestar Galactica fortjent en plass på denne listen? Kommer selvsagt helt an på hvor mye sci-fi man liker. Jeg er ingen sci-fi fan, og liker verken Star Wars eller Star Trek. Men BSG digger jeg.
desember 27th, 2006 at 23:22
XmasB: SÃ¥g miniserien til Battlestar Galactica for ei stund sidan, og det blei med det, i ettertid har eg tenkt Ã¥ fortsette pÃ¥ denne serien, men det har endÃ¥ ikkej skjedd. Deadwood er ogsÃ¥ ein serie som stÃ¥r pÃ¥ ‘ventelista’. =)
desember 28th, 2006 at 16:25
Fred Ut: Det tidsfordrivet hamna ikkje på lista, så må nok skuffe deg der ;) God serie, men må lage ein topp 15 for å få den med.
desember 28th, 2006 at 16:09
Øi, hvor er Dawson’s Creek?