«Bewitched» er originalt ein TV-serie som starta opp i 1964 og gjekk 8 sesongar før det blei avslutta i 1972. Eg har aldri sett den serien, eller vore frista til det, for hekser eller ikkje, familiekomedie er og blir familiekomedie.
Denne filmen er ingen direkte remake av TV-serien, men handlar om ei nyinnspeling av TV-serien, og det faktum at dama som blir casta for rollen som Samantha i nyinnspelinga er ei heks på ekte. Det er ingen dokumentariske trekk over dette, så ikkje forvent anna enn rein og skjær Hollywood-komedie.
Will Ferrell leverar den typiske rolla si, og gjer faktisk ein god jobb. Det føles likevel malplassert mellom Nicole Kidman og Michael Caine og heile heksehistoria. For Nicole Kidman burde absolutt ikkje gjort denne filmen. Og Michael Caine i kloke farsrollar er eg mildt sagt ganske lei av etter kvart. Med små modifikasjonar har han spelt den same kjedelege mannen i «Batman Begins» og «The Weather Man».
Så alt i alt, filmen er dårleg, men Will Ferrell og Jason Schwartzman skulle fått gjort sin eigen film ut av desse personane dei spelar her.
