Bill & Ted’s Excellent Adventure (1989)

IMDb: 6.7/10 (29,161 votes)

For dei som har fylgd med pÃ¥ sidene, skreiv eg i samanheng med «The Night Before», ein komedie med Keanu Reeves i hovudrolla, frÃ¥ 1988, at «Bill & Ted’s Excellent Adventure» er ein av filmane der han blir sett mest pris pÃ¥, av folk flest. Og etter denne lange setninga som opning, skal eg heller kortfatte dei liknande tankane mine under plakaten.

To unge, dumme gutar ligg an til å stryke i historie på skulen. Viss dette skjer, vil dei bli skilde, og framtida vil stå i fare. Difor får dei besøk av Rufus frå framtida, i ei tidsmaskin forma som ein telefonkiosk, som gir dei tilgang til tidsreise for å lære mest mogleg nyttig før den siste, munnlege eksamen.

Tidsreise eller møte med historiske personar er ikkje nytt, heller ikkje så veldig spennande, og blir den store svakheita ved denne filmen. Styrken er dei to idiotane som tek så lett på heile greia, òg blir drive til reise gjennom historiske periodar motivert av å måtte stå i eit skulefag. Spesielt Keanu Reeves er som født for rollen sin, Ted, ein ungdom som manglar både vit og personlegheit. Alex Winter glir inn i omtrent den same rolla, som Bill.

Trass i at filmen handlar om to tullingar, og heller ikkje gjer den mest interessante behandlinga av historie, sit dei fleste replikkane som støypt, og råma for handlinga til filmen gir rom for mykje god toskeskap. Karakterane får fram at dei har gode intensjonar og aldri meiner vondt. Samt at komedien som ligg nær den typen som blir kalla stonerkomedie, er fri for dei verste tilfeldigheitene og meiningslause reisene som er forbunde med så mange stonerkomediar.

7/10
Publisert 8. april 2010 kl. 09:00 i Adventure, Alle, Comedy, Sci-Fi merka som , , .

Skriv ein kommentar