Black Christmas (1974)

IMDb: 7.3/10 (6,954 votes)

black_christmasLuke nr. 5. «The Babysitter», «Stop Me», «Silent Night, Evil Night» og «Stranger in the House» er alle titlar denne filmen har hatt i enten produksjons- eller distribusjonsfasen. Heldigvis er ikkje resultatet så vinglete. Seinare har den fått behalde namnet «Black Christmas», som var den opphavlege kinolanseringstittelen.

Kanadisk slasher sett til juletider i eit søsterskapshus: Ein ukjent person terroriserer jentene med obskøne og skrekkelege telefonoppringingar, og går etter kvart i gang med å ta dei av dage, ei etter ei. I filmen får me fylgje både jentene og mordaren, sistnemnte i gjennom replikkar åleine. Filmen har gjort ei greie ut av lite musikkbruk og utprega skuggebruk, så det blir trykkande og skremmande framfor bråk og bøtter av blød som mange nyare slasherfilmen ofte set si lit til – som i grunn går godt an òg!

Det er ein spennande film, trass i logiske brestar gir den eit inntrykk av å vere meir enn show utan story. Margot Kidder var den som gjorde best inntrykk på meg, og spelar vindunderleg bøllete og godt full. Resten av gjengen gjorde moderat inntrykk, sjølv om Olivia Hussey har null problem med å bære det meste av filmen vidare.

Skikkeleg julestemning kom eg kanskje ikkje i, men god film var det.

6/10
Publisert 5. desember 2009 kl. 09:00 i Alle, Horror, Mystery, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar