Black Christmas (1974)

IMDb: 7.1/10 (2,491 votes)

Black Christmas«The Babysitter», «Stop Me», «Silent Night, Evil Night» og «Stranger in the House», alle er titlar denne filmen har hatt i enten produksjons- eller distribusjonsfasen. Men i ettertid har den fått behalde namnet «Black Christmas», som den opprinneleg var gitt då den var ferdigprodusert.

Kanadisk slasher satt rundt juletider i eit søsterskapshus: Ein ukjent person terroriserar jentene i huset med obskøne og skrekkinjagande telefonar, og går etter kvart i gang med å ta dei av dage ein etter ein. I filmen får me følge både jentene og mordaren, sistnemnte i form av kva han ser. I tillegg brukar filmen lite musikk og mykje skuggar, så det blir ei trykkande og skremmande stemning framfor bråk og bøtter med blød som andre filmar kan finne på å legge vekt på.

Det er ein spennande film, som trass sine logiske bristar her og der, ikkje gir ein fornemmelse om at det er berre show og ingen story. Margot Kidder var den personen som gav best inntrykk, og spelar vindunderleg bøllete og seinare godt full. Resten av gjengen gjorde moderat inntrykk, sjølv om Olivia Hussey har null problem med å bære det meste av filmen vidare.

Skikkeleg julestemning kom eg kanskje ikkje i, men god film var det. Takk til Iversen for tipset!

6/10
Publisert 29. desember 2006 kl. 15:43 i Alle, Horror, Mystery, Thriller merka som , .

2 kommentarar til Black Christmas (1974)

  1. Fred Ut

    Denne tror jeg faktisk jeg har på en av de der 50filmsboksene. Får ta den til neste jul, det er for sent nå.

  2. Iversen

    Og remaken ser jaggu ikke så verst ut heller, traileren er julekos!

Skriv ein kommentar