Blue Velvet (1986)

IMDb: 7.8/10 (33,500 votes)

Blue VelvetEg saknar «Twin Peaks», den gode stemninga førstesesongen satte meg i, som første halvdel av andresesong klarte å halde gåande, men som eg etter kvart mista. Ikkje alle vil følge meg i den retninga, men eg gjekk trøytt når David Lynch blei for pågåande med mystikken sin.

«Blue Velvet» er ganske fin, den har ein del av sjarmen som eg fann i «Twin Peaks», kanskje ikkje så prega, men passeleg for denne filmen å vere. Mystisk og litt rar er den og, utan at eg synst dette legg noko slør på å kunne følge og ikkje minst forstå handlingsforløpet. Den fine balansen Lynch har funne her, som eg synst han hadde i «Twin Peaks», gjer at eg no blei ganske så forelska i «Blue Velvet».

8/10
Publisert 24. oktober 2007 kl. 18:46 i Alle, Crime, Drama, Mystery, Romance, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar