Luke nr. 22. «Brazil» er ein av desse filmane som ikkje er ein skikkeleg julefilm, om ikkje det at handlinga går føre seg rundt juletider er det einaste kravet. Men for å få litt variasjon i kalenderen så strekker eg dry sopass langt.
Terry Gilliam har laga ein film som ikkje berre utnyttar samtidige dystopiske filmar for god humor, men som også har noko den vil sei sjølv. Dette er ein kritikk mot det firkanta byråkratiet, om enn ein morosam, så kritikk alle nok vil legge merke til.
Jonathan Pryce er mannen i hovudrolla som har funne seg til rette i ein av tusenvis av anonyme papirjobbar som samfunnet her består av. Heile handlinga og framtida til karakteren til Pryce har utspring i ei feilstaving på eit skjema i byrjinga av filmen, som ei fluge har vore årsaka til. Denne sekvensen er i grunn heile poenget til filmen sett på spissen, med eit så strengt byråkrati blir den personlege berøringa undertrykke.
«Brazil» er morosam, vellaga og er både god underhalding samtidig som den har nokre poeng. Det er ikkje fullt ei så mørk dystopisk forteljing, men det spelar ingen rolle at kritikken er beinhard, til det har me mellom anna «Nineteen eightyfour». Det som gjer at «Brazil» ikkje fortener ei pallplassering er at den blir for lang, trass i mykje historie å gripe tak i. Det er spesielt nokre av draumesekvensane til hovudpersonen som dreg ut, slosskampen mot monsteret som i grunn ikkje er så altfor spennande eller givande, uansett den symbolske verdien.
Filmen er god, men ikkje topp. Som julefilm er det i grunn lite å sei om den, dei kjem innpå at handlinga går føre seg rundt juletider eit par stader, det er alt. Men eg hadde lyst på eit gjensyn, så her er den.
