22 episodar.
Å, det kriblar, andre sesong har så mykje å ta tak i at eg ikkje veit kor eg skal starte. Men det er vel berre å gjere eit forsøk, det kan umogleg skade.
Andre sesong er lengre og ikkje minst ei mykje betre heilheit enn den første, der personar og historiar går meir over fleire episodar enn første. Jo, det var «the master» tidlegare, men han var jo ei pingle i forhold til problema Buffy og vennene står ovafor no. Episodisk monstertrøbbel står framleis på plass, i tillegg har du Spike, Drusilla og nokre andre «folk» me innerst inne elskar på grunn av ondskapet dei utstrålar.
Alt stÃ¥r ikkje pÃ¥ fiendane; Buffy, Xander, Willow og Cordelia er eit meir underhaldande fellesskap enn før. Xander kjem med kjappe replikkar som uansett serie vil bli stÃ¥ande blant dei betre plasserte i handling med tanke pÃ¥ situasjonane dei kjem i, og pÃ¥ den humoristiske skalaen, pÃ¥ tvers av tv-seriar, tett fulgt av duoen han og og Cordelia utgjer. OgsÃ¥ har du Rupert, «the Watcher», Spike som nemnt over, Miss Calender, alle er med pÃ¥ Ã¥ gjere dette fornøyeleg. For i utgongspunktet er ikkje «Buffy» blant det mest fantastiske som har skjedd tv-verden pÃ¥ historiefronten, vil eg pÃ¥stÃ¥, og sjekk tv-arkivet mitt her pÃ¥ bloggen — eg har sett litt (ikkje meining Ã¥ vere overlegen her, eller utnemne meg sjølv som ekspert). Det er mÃ¥ten karakterane og eit utruleg vittig dialogrepertoar har blitt lagt inn i monsterdrepinga som er genialt, krydra av mengder med sjølvinnsikt og ikkje minst sarkasme, bevisst tilstades i alle smÃ¥ hjørne av serien.
For ikkje å villeie folk skal eg trekke entusiasmen min eit hakk ned igjen, «Buffy» manglar den ultimate drakrafta som får meg hekta, veldig lenge, ikkje før sesongen trår innpå siste tredjedel er dette spikra godt nok til at eg ser fleire episodar i slengen. Eg har ingen problem med å sjå episodane før dette, dei har ein samanheng og er ikkje kjedelege, men likevel, ingen djevelgnom sit i øyra mitt og overtalar meg til å pakke ned livet mitt i ein sokk for å sjå «Buffy».
No har eg vel eigentleg ikkje nemnt noko av det eg tenkte på mens eg endå såg serien, vingla litt mellom skjult anbefaling og åtvaring, greia er vel i bunn og grunn at så lenge ein er villig til å bruke tid på «Buffy» så vil ein sannsynlegvis vere innstilt på å få eit visst utbytte av det, og då er sjansen for at ein får det stor, eg har iallfall tankar om å sjå meir ein gong i framtida.

november 15th, 2007 at 19:03
Bare vent, du har mye bra i vente! Selv om du må overleve Riley.