Buffy the Vampire Slayer sesong 4

22 episodar.

Buffy og gjengen har rasert high school, college i Sunnydale er det neste som ventar, for alle utanom Xander. Humoren som pregar serien blir fint ført vidare i form av mellom anna små ting som Xander sine stadige nye jobbar. James Marsters får status som fast rolleinnhavar med Spike i løpet av dei første episodane og ein ny fast i form av Riley blir å følge ved Buffys side utover sesongen.

Ingen direkte raud trÃ¥d i form av ein ond skapning gÃ¥r gjennom heile sesongen, men etter kvart dukkar det militære fasilitetet «The Initiative» opp pÃ¥ godt og vondt. Ikkje den sterkaste fortalte historien i «Buffy», men eg let meg stadig underholde gjennom sesongen. Enkelte episodar tek seg større fridom, men utan Ã¥ gÃ¥ pÃ¥ bekostning av framdrift i dei personlege forviklingane. Ein heil episode er dedikert til tidlegare mindre gjesterolle Jonathan, som brÃ¥tt er blitt Sunnydales mest populære, ein morosam vri i «Charlie’s Angels»-stil. Ein firedelt drøymeepisode der Buffy, Xander, Willow og Giles blir oppsøkt av den første slayeren hellar «Buffy» mot Lynch og delvis kunstfilm, med heilt anna stemning enn til vanleg.

Av bonusar får me sjå ei musikalsk side ved Giles, fantastisk.

Kor vidt dette er like bra som tidlegare «Buffy» klarar eg ikkje heilt bestemme meg for, og ser heller ikkje poenget i å gjere ein stor kamp ut av det. Dette er framleis tydeleg «Buffy», ein del nye innfall gjer det i det minste friskt, college-miljøet gjer det hakket meir vaksent, ingen rektor til å passe på, ingen bibliotek å bruke skuledagen i. Det finst definitivt ting ein kan sakne, men spørsmålet er kor vidt serien allereie har brukt opp high school for det det er verdt.

Med tid og stunder vil eg sjå meir av «Buffy».

Publisert 8. oktober 2008 kl. 19:40 i TV Ferdig merka som , .

Ein kommentar til Buffy the Vampire Slayer sesong 4

  1. Asbjørn Ness

    Forresten ganske kjekt å sjå «Buffy» i widescreen. Dette er berre på sone-2-dvdane har eg høyrt, litt krangel frå Whedon si side omkring dette over dammen, forstått det som at han er i mot ettersom 4:3 er det originale formatet det var meint i. Kan skjønne tanken hans, men når det er skikkeleg 16:9 og ikkje pan&scan så kan eg like 16:9 betre.

Skriv ein kommentar