Carnivale sesong 1

Carnivale season 112 episodar.

Det har teke meg lang tid å fullføre første sesong av «Carnivale». Eit forsøk for eit par år sidan enda etter første episode, og det måtte eit innkjøp av serien frå NRK si side for å gjere meg interessert igjen. Nok ein gong stoppa det opp, men då på grunn av at eg rett og slett gløymte serien eit par veker.

Det enda opp med at eg måtte skaffe heile serien før igjen på eige hand før eg endeleg fekk fullført det, noko eg er glad eg gjorde, for «Carnivale» er utan tvil ein kvalitetsserie. Når eg skal definere kvalitet i denne samanhengen blir det at «Carnivale» har gjennomført settingen på ein ektefølt måte. Det er ingen glorifisering, heller ikkje det stikk motsette, likevel om det heller mot den sida fordi me befinn oss like etter The great depression. Historien går gradvis framover og tek ikkje hensyn til at den er delt opp i episodar, noko ein kabelkanal som HBO har fridom til å gjere. Slik sett kan serien ta seg betre tid på kvar enkelt hending og vise meir ansiktsuttrykk og skape meir stemning utan å overdrive.

Mystikken, det mørke ved serien, og dei spesielle eigenskapane var det som fatta interessa mi. «Carnivale» vegrar seg mot å blotte alt, og det at så lite blir fortalt er det som fengslar. Her er agendaen eit mysterium som hindrar ein å plassere folk i gode og onde båsar. Eg merkar at all uvissa trekk meg mot sesong 2.

Publisert 13. desember 2006 kl. 19:11 i TV Ferdig merka som .

Skriv ein kommentar