Carrie (1976)

IMDb: 7.3/10 (16,474 votes)

Carrie«Carrie» er langt i frå så skummel som eg hadde håpa på. Hadde uansett ingen store forventingar om at den skulle vere skummel, men trudde ikkje den skulle bli så alvorleg som det den var. Mobbinga av Carrie White går ganske langt her.

Det er den første Brian De Palma filmen eg ser som ikkje omhandlar mafia eller kriminalitet. Om ein skal definere kriminalitet kjem vel denne filmen kanskje på lista likevel, men eg reknar med det er opplagt kva det er snakk om her.

Dagens tredje film er dagens andre high-school film, men ikkje den siste. Planen er å få inn «Dazed and Confused» før kvelden er omme. Så blir det ei nedtrapping i filmsjåing framover. I overkant av 2 filmar i snitt per dag frå starten av november er for mykje.

6/10
Publisert 12. november 2006 kl. 19:22 i Alle, Drama, Fantasy, Horror, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar