Cars (2006)

IMDb: 7.7/10 (15,743 votes)

CarsEg er ingen stor fan av Pixar/Disney-filmar, men synst dei fleste er heilt greie. Difor har eg utsett å sjå «Cars» ganske så lenge no, men tok meg endeleg i dag meg tid til å sjå den.

Å for å komme til saken, dette var ein god film. Lang, men det ser eg ikkje på som anna enn eit pluss. Sjelden har ein film som dette, som er retta ein del mot den yngre målgruppa, klart å fenge så bra her på hybelen.

Trass i bilane, her var det verkeleg sjel i bilde. Og så massivt med detaljar overalt, ingen tvil om at dette er planlagt ned til minste pixel. Ei kort gjennomgåing av lista over tidlegare sette animasjonsfilmar i år, så kan eg vel fastslå at denne kjem best ut. Det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med alle delene av ein animasjonsfilm, og ikkje berre historie eller animasjon.

8/10
Publisert 22. november 2006 kl. 15:22 i Alle, Animation, Comedy, Family, Sport merka som , , .

Skriv ein kommentar