Med «Cassandra’s Dream» har Woody Allen for tredje gong pÃ¥ rad tydd til London, i denne er ogsÃ¥ skodespelarasemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brødrepar i dette krim/thriller/dramet. Ingen spor av komedie her.
Historia er av typen som involverar pengar, ei ulovleg gjerning og skyldkjensle. Det startar med kvardagstilværelse og brødreparet si trang til å få meir å rutte med. Terry (Farrell) likar gambling og whiskey og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brødrene har eit tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tek eit dårleg val for å skaffe fleire pengar.
Allen tek ikkje sjansen pÃ¥ Ã¥ halde pokerfjes her og serverar alt etter kvart, dette gjer at filmen er fri frÃ¥ dei store overraskelsane, men ikkje fri frÃ¥ spenning, ein del takka vere effektiv musikkbruk, mykje takka vere godt skodespel. Spesielt Farrell gÃ¥r godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidreg med mykje av filmens psykologiske kraft. «Cassandra’s Dream» gÃ¥r sin gong med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg frÃ¥ typiske Allen-filmar, pÃ¥ ein god mÃ¥te. Det er kanskje ingen mesterverk, dei høgaste toppane stÃ¥r uberørte, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode («Match Point» og «Scoop») siste Ã¥ra.
