Filmdagbok
ness
08-aug-2008

Batman & Robin (1997)

User Rating: 3.5/10 (62,070 votes)

«Batman & Robin» er blant dei mindre gode superheltefilmane, dette var eg fullstendig klar over før eg gav meg i gong med den, difor styrte eg også bevisst unna spor om kor dårleg den var, som poengskalaen på IMDb og andre anmeldelsar. At eg ville sjå den er eit ledd i Batman filmperiode eg er inni.

Det einaste vesentlege spørsmålet å stille seg til Joel Schumacher sin andre Batmanfilm, denne gongen med George Clooney som mannen bak maska, er kor dårleg den eigentleg er. For alle som har sett litt av den veit at det ikkje er meining å stille seg spørsmålet kvifor den er dårleg, det tek ein for gitt.

Så dårleg er den: Blant Arnold Schwarzenegger topp 3 verste. Uma Thurman gjer århundrets verste superskurk. George Clooney er kjedeleg som ei stilna dansk vindmølle. Kombinasjonen kostymer, kulisser og kamera utgjer eit resultat Ed Wood ville ha vore skeptisk til. All form for dialog er som førsteutkastet til «Catwoman».

Oppbygginga av filmen med innfletting av ulike karakterar og måten ting utfoldar seg på gir ikkje meining, det einaste som kan seiast å vere tøft i «Batman & Robin» er oversiktsbilda av Gotham City. Den einaste som gjer ei god rolle er Elle Macpherson fordi ho stort sett held munnen lukka og ser pen ut.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-aug-2008

SubZero (1998)

User Rating: 7.1/10 (1,294 votes)

I «SubZero» får Batman eit gjensyn med Mr. Freeze frå «Batman: The Animated Series» og må hanske opp med ei kidnapping av Lt. James Gordons dotter, Barbara Gordon.

No har eg verken sett det eine eller andre av nokon Batman-seriar på tv og soleis ikkje «Batman: The Animated Series» heller, men «SubZero» er ein sjølvstendig animasjonsfilm som kan sjåast åleine viss ikkje å sjå den i samanheng med enten serien eller «Batman: Mask of the Phantasm» skulle vere ønskeleg.

Animasjonen er tydeleg på eit stadie der 3D-teknikkar er teke i bruk og er i enkelte få scener tydeleg eit stykke i frå perfeksjonisme, men stort sett er dette like upåklageleg som det ein ser i DC/WB sine nyaste satsingar.

Sjølve handlinga startar som ein tradisjonell detektivhistorie, me blir introdusert for andre personar (enn Batman) og etter kvart ei kriminell handling. Musikk og stil gir assosiasjonar til 1950-talet og kler historien veldig flott. Når Batman og Robin gjer ei sein entre er det med kraft, og utover i filmen blir dette meir og meir ein spenningsfyllt og eksplosiv film enn detektivisering, ei passande utvikling sett frå min ståstad.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
06-aug-2008

Batman Forever (1995)

User Rating: 5.4/10 (56,258 votes)

«Batman Forever» er eigentleg ikkje så mykje dårlegare enn forgjengaren, «Batman Returns», den legg seg på å vere ein heilt grei film, har sine små irriterande sider og nok fart og spenning til å halde det gåande som underholdning.

For å ta det positive først, Val Kilmer utgjer ein meir karismatisk Bruce Wayne og har ei tøffare Batmanstemme, Tommy Lee Jones går verkeleg inn i rolla som Harvey Two-Face Dent og det er som nemnt ein god del fart her, heile tiden skjer det noko.

Det negative er lette å finne fram til, ingenting er særleg djupt begrunna, Nicole Kidman står for ein ganske flat karakterprestasjon, kamera er ei overdriven etterlikning av dei forrige filmane og framstår som rotete og uprofesjonelt. Lista er lang og blir lengre når Chris O’Donnell som Robin dukkar opp.

Likevel synst eg dette gjekk heilt greitt i boks, kanskje fordi Joel Schumacher klarar å halde det non-stop med action slik at eg ikkje tok meg tid til å gruble for mykje undervegs, kanskje fordi enkelte dårlege valg frå regissøren satt til side så er ikkje essensen i historia her så mykje annleis enn tidlegare, noko som eg synst talar til fordel for filmen. Du har dei klovneaktige skurkane på eine sida og Batman på den andre.

Hadde skalaen vore meir fleksibel ville den nok hamna nærmare 6, men sett i forhold til tidlegare filmar som «Batman» og «Batman Returns» så er denne svakare, i så måte at den framstår som mindre smart og enklare satt saman.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-aug-2008

Batman Returns (1992)

User Rating: 6.8/10 (57,576 votes)

Oppfølgaren til Tim Burtons «Batman» frå 1989 med Michael Keaton er nok ein Tim Burton film med Micahel Keaton. Dei fleste spora frå forrige films handling er viska ut og det heile startar cirka like midt i kvardagen til Bruce Wayne som i «Batman».

Gotham City er fanga på film like mørk og dyster som Burton gjorde i 1989 og det er ingenting å utsette på det tekniske i heile tatt, kameraarbeidet fangar byen som ein eigen karakter og bidreg mykje til at dette blir ein mørk og ikkje komisk film. Intensjonane til Burton kan derimot vere andre enn eg forventa av «Batman Returns», viss tittel ikkje er meir enn eit kjedeleg salstriks, for eg blei litt skuffa over denne filmens forløp.

For det første framstår verken Max Shreck eller pingvinmannen som spesielt truande skurkar, mange av knepa deira mot flaggermusmannen framstår heller som sjofle triks enn forsøk på å rydde han fullstendig av bana, på den andre sida står Batman, neglisjert i store deler av filmen, som ein veldig svak motstandar og flat karakter. Når Batman spankulerar rundt i kostymet sitt som om han var brisen, halvt oppmerksom på ting som skjer rundt han, mistar eg litt av respekten for han som helt, for vegen til rydde pingvinmannen av dagen viser seg etterkvart å vere veldig enkel.

Sett bort frå desse svakheitene er det likevel nok med «Batman Returns» som gledar, tidlegare nemnte velportretterte Gotham City står som eit utmerka bakteppe, filmen har fleire sider som heng saman på ein (i ein slik samanheng) truverdig måte, utover siste delen blir det også spennande. Både Christopher Walken, Danny DeVito og Michelle Pfeiffer gjer godt ut av rollefigurane sine, sjølv om det i blant skrantar på handlingane desse figurane utfører.

Så, «Batman Returns» har utvilsomt nok av svake sider, men sluttresultatet er likevel godt nok til at eg let meg underhalde meir enn frustrere. Batman kunne utvilsomt vore tøffare, eg klarar likevel ikkje unngå å like filmen litt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-aug-2008

Batman: Mask of the Phantasm (1993)

User Rating: 7.5/10 (7,377 votes)

«DC animated universe» er ein term som står for ulike animerte tv-seriar som deler kontinuitet innan DC-universet, samt enkelte spin-off filmar. I løpet av 10 år kom det fire slike filmar frå Warner Bros., alle om flaggermusmannen, ein femte film om Justice League blei lagt på is og sidan 2003 har det ikkje skjedd noko på denne fronten, lite sannsynleg er at det vil skje noko i tiden framover også, då DC og Warner Bros. i fjor starta «DC Universe Original Animated Movies»-satsinga som står på eigne føter utanfor animerte tv-seriar.

«Batman: Mask of the Phantasm» er første film ut i rekka, handlingsforløpet er satt til 1950 eller 1960-talet etter bilar, kle og bygningar å dømme. Teiknestilen passar godt med sine litt klosseaktige ansikt og harde kantar. Av skurkar finn me både The Joker og The Phantasm, men i motsetning til Spider-Man er jo aldri Batman så enkelt som å jakte ned og sloss mot ein superskurk (ikkje stygt meint, Spider-Man-filmane er fine dei). Handlinga involverar også mafia, pengeutpressing, ein del flashback til korleis flaggermusmannen blei til - som står seg både forskjellig frå og ufullstendig i forhold til «Batman Begins» (igjen, forskjell er berre bra det).

Filmen byr ikkje på nokon wow-opplevingar, men har eit godt driv og ei god stemning. Mark Hamill gir stemma til The Joker, og sjå at denne karakteren fungerar så godt i denne historien som i Tim Burtons «Batman» frå 1989 bekreftar ovanfor meg at mykje av grunnen bak suksessen i denne karakteren er at den simpelt hen er ei genial oppdikting, og eg gledar meg endå meir til å kunne sjå Heath Ledger gjere den i «The Dark Knight».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-aug-2008

Batman: Gotham Knight (2008)

User Rating: 7.0/10 (3,425 votes)

Mens andre storkosar seg med «The Dark Knight» må eg nøye meg med animert film rett på DVD. «Batman: Gotham Knight» er den tredje filmen ut i serien «DC Universe Original Animated Movies» og består av seks mindre historiar frå tidepoken mellom filmane «Batman Begins» og «The Dark Knight». Desse historiane har både ulik teiknestil og er basert på fleire menns arbeid med maskemannen, deriblant manusforfattar David S. Goyer frå «Batman Begins».

Det interessante med «Batman: Gotham Knight» er dei mange ulike vinklane Batman som myte og person blir angripe på, noko som gjer at alle historiane i lag blir til noko meir enn berre tilfeldig samansatte kriminalforkjempane heltebragder. Det er eit visst mørkt preg over dette, om ikkje så elegant utført som på dei ekte filmane eg har sett. Likevel er avstanden til typen animasjon frå Cartoon Network, osv. så stor at dette ikkje kan kallast barnefilm, sjølv om ein ung gut nok ville fryda seg over spenningssekvensane ville det vesentlege i forteljingane forsvunne.

Animasjonen er varierande, i blant veldig tøff, andre gonger mindre spennande å legge merke til, men heile tida passande med mørke fargar. Lengden på 75 minutt er ikkje eit minutt for kort og om eg ikkje kan gå god for at denne glir godt inn før «The Dark Knight» (fordi eg ikkje har fått sett den) så får eg nok ut av den som ein etterfølgar i tidslinja til «Batman Begins. Også er det litt spennande at animasjonsfilmen aldri prøver å gå under huda på verken Bruce Wayne eller Batman.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
31-jul-2008

Om Shanti Om (2007)

User Rating: 6.5/10 (2,915 votes)

Bollywood er eit relativt uutforska område for meg, antall sette filmar frå India kan teljast på ei hand, noko eg finn finurleg då eg har likt alle godt nok. «Om Shanti Om» er hittil den mest typiske eg har sett, ut i frå bilde eg har danna meg av den typiske Bollywoodfilmen, ein standard dei andre filmane eg har sett i ulik grad har styrt unna. Om dette gjer «Om Shanti Om» til ein erketypisk Bollywoodfilm er likevel tvilsomt, sett behandlinga av filmproduksjonen i historien og den ofte veldig klare merksemda på tekniske grep. Å kalle det metafilm vil bli for sterkt, men det finst i blant snev av likheiter.

«Om Shanti Om» fortel historia om personen Om før og etter reinkarnasjon. Me startar 30 år tilbake i tid og møter han som Om Prakash Makhija, eit lite namn på rollelistene og utelukkande i enkle rollar. Etter reinkarnasjonen, ei tid satt til dags dato, møter me Om igjen som superstjerna Om Kapoor som har alt den tidlege Om drøymte om.

Elles involverar dette filminnspeling, mord, songnummer, masse humor, verdens største filmstjerne Shah Rukh Khan (SRK), mange andre indiske stjerner, fiksjonelle grep og meir enn nok til å fylle 2t 42min. Å fortelje filmens forløp ser eg på som ganske unødvendig, det er like greitt å ikkje vite for mykje på førehand. Personleg likte eg dette veldig godt, det var alt eg forventa og meir til. Masse god humor og faktisk spenning då eg aldri heilt visste kva retning ting ville ta, det skal nemnast at eg stilte ganske blank på kunnskapar om både folka i filmen og filmens handling på førehand.

Det er duka for ei god filmoppleving om du faktisk ønsker det.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-jul-2008

Mr. & Mrs. Smith (2005)

User Rating: 6.4/10 (66,532 votes)

«Mr. & Mrs. Smith» såg eg tilbake i januar, 2006, den gongen gav eg 6 av 10 og var generelt fornøgd med underholdninga, men må ha meint at den mangla det ekstra som skulle til for løfte den opp i den gode klassen. Av positiv omtale skreiv eg følgande:

Ein av dei betre spenningskomediane eg har sett. Full gass tvers igjennom. Og med eit glimt i auge frå både Angelina Jolie og Brad Pitt.

Når eg no føretok eit gjensyn, og det som mi første Blu-Ray oppleving, merka eg at dette var blitt ein betre film enn det inntrykket som var lagra i hukommelsen, og at dei positive orda eg har sitert står sterkare. At dette var ei oppleving i høg oppløysing lot ikkje til å imponere meg spesielt, eg la meg på tanken at det er slik det bør vere på eit stor televisjonsapparat; klart og tydeleg bilde.

Doug Liman har gjort litt av kvart, han regisserte den første Jason Bourne-filmen, streifa innom tv-regissering med bl.a. «The O.C.» og eit feila pilotprosjekt av eit forsøk på å føre «Mr. & Mrs. Smith» til amerikanske tv-skjermar i 2007. Han gav oss nyleg «Jumper», ein diskutabel film ser det ut til å vere. Med «Mr. & Mrs. Smith» har han spelt dei rette korta og gir oss ei god blanding av spenning og humor. Brad Pitt og Angelina Jolie spelar ekteparet der begge er leigemordarar og held dette skjult for kvarandre. Me møter dei i ekteskapsrådgiving og får herifrå fortalt historia om møtet som førte til giftemål og no har utvikla seg til å bli eit kaldt forhold. Litt etter litt blir liva deira bretta ut for oss og etter eit dobbeltbooka oppdrag der både John og Jane Smith er tilstades begynnar dramatikken.

«Mr. & Mrs. Smith» kunne fort blitt ei gjennomsnittleg affære hadde det ikkje vore for den stødige behandlinga av manusskriptet og eit glimrande samspel mellom Pitt og Jolie. For å ta Liman først, det han har gjort er å legge eit lok på det heile, halde det dempa utan å fjerne verken framgong eller humoren. Det finst tallause stader der ei one-liner kunne ha blitt plassert og enten tatt fokuset frå den nettopp velfortalte vittigheita eller ruinert den, i staden let Liman (ev. medarbeidarar) det vere eit pusterom der du så tydeleg forventar noko, men endar opp med å gi det som nettopp skjedde ein ekstra tanke. Mange små, bevisste val gjer at dette ikkje endar opp på motorvegen.

Kontrasten mellom samlivet i forstaden og jobbane er mykje av poenget og kunne, viss eg skal pirke, vore endå skarpare. At det er prega av ein del forbrukarvarer er nok vanskeleg å komme unna, men den verste glorifiseringa av forstaden er til all glede utelatt då Pitt og Jolie så godt klarar å framstå som dyktige i «forkledninga» som vanlege folk og samtidig så falske då me har fått sjansen til å bli fort, men godt kjende med dei tidleg i filmen som heilt meir og/eller anna enn typisk, rik middelklasse.

Det er mykje bra å hente her, men ein optimal film er det nok ikkje. Etter kvart mista eg konsentrasjonen, den blir for lang i enkelte parti, sjølv om oppbygginga virkar rett i mine auger. Me har ein del folk som ikkje klarar å gjere birollane til dei små sidestykka som «Mr. & Mrs. Smith» kunne ha vore tent med i denne lengda. Eg har ingen svar på løysinga, men forslag som å gi dei meir tid ved sidan av Pitt og Jolie eller køyrt dei endå lengre i bakgrunnen streifa meg, mellomtingen Vince Vaughn har hamna i er nesten litt forvirrande, for han virkar ikkje viktig på nokon måte, men har likevel nok skjermtid. Adam Brody som målet i oppdraget som blir dobbeltbooka gjer ein storvegs rolle som me ser altfor lite av. Vel, poenget er, ingen toppfilm, men fortsatt god altså.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-jul-2008

Journey to the Center of the Earth (2008)

User Rating: 4.4/10 (218 votes)

I 1864 kom Jules Vernes bok «Journey to the Center of the Earth», i 1959 kom den første filmatisering og i år var det igjen duka for nok ei filmatisering av bokklassikaren. At det i mellomtiden har komme minst ei større filmatisering og fleire tv-produksjonar kan nemnast.

Det eg ikkje var klar over var at årets dataprega eventyr hadde ein tvillingbror i form av nok ein tv-produksjon, denne med Rick Schroder, Victoria Pratt og Peter Fonda på rullebladet. Klar over det blei eg først når eg var komme så langt ut i filmen at eg tok til å sakne både ville dataanimasjonar som vist i filmtraileren og at veken Bredan Fraser eller unge Josh Hutcherson («Bridge to Terabithia») aldri dukka opp. Første reaksjon på feilsteget var latter på eiga bekostning, det skal nemnast at eg såg filmen åleine. Etterpå blei eg forbanna på meg sjølv for å kaste vekk tid på slik dårleg film, det skal nemnast at eg likevel såg filmen ferdig. Til slutt blei eg eigentleg berre glad over at det fortsatt er håp for ein passe kul adapasjon filma i 3D i løpet av året.

Eg såg altså ein tv-film, som i blant var heilt grei, andre stader virka den å ha vore filma i ein boks med pappfigurar i hovudrollane. Det kjem aldri fram truverdige kjensler på skjermen, lite av det som kjem ut av munnane i heile teke er overbevisande grunna slett skodespel. At historia i utgongspunktet er bra er jo sjølvsagt, det er Jules Verne si historie, men i prosessen frå bok til film har denne blitt mishandla i formen og det hadde mykje å sei.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-jul-2008

The Postman (1997)

User Rating: 5.4/10 (17,390 votes)

Mange der ute held «Waterworld» frå 1995 med Kevin Costner i hovudrolla for å vere ein av dei verre filmane hans og ein dårleg post-apokalyptisk storproduksjon. Personleg synst eg «Waterworld» hadde det som skulle til for å tilfredsstille interessa innan sjangeren, difor såg eg aldri på dei labre tilbakemeldingane «The Postman» har fått, Kevin Costners eigenregisserte 1997-produserte post-apokalyptiske film med han sjølv i hovudrollen, som hinder for å gi den ein sjanse.

Historien. Me hoppar rett inn i det som er ein typisk dag for mannen utan namn, han som etterkvart vil gå under namnet Postmannen. Med hest som følge, snuskete klær og ein forlatt og nedslitt bensinstasjon som nyleg ankomme mål er ramma satt. Eit av dei store spørsmåla ein gjerne stiller seg ved film av den post-apokalyptiske sorten er kva apokalypsen gjekk ut på. «The Postman» går skuffande lite innpå dette og gir seg stort sett på at det har vore ein større krig. Eg har tillit til Costner og ev. andre avgjerdstakarar når dei har beslutta å rette fokuset mot ein meir universell post-apokalyptisk setting, viss det då var planen, det hadde likevel ikkje skada å gjere manuset skarpare og rikare på informasjon. Dialogane og monologane i filmen er på mange måtar altfor enkle, på kanten til banale faktisk, eg hadde forventa meir i ein film der Brian Helgeland («Payback») var involvert. Så må det også vere nemnt at filmen er basert på ei bok som på ingen måte er vurdert her, utan å ha lese ho mistenker eg boka for å vere betre likevel, forhåpentleg i behandlinga av fortida.

Med sine godt og vel 3 timar skal ein kunne forvente mykje av «The Postman», som endar opp med å stå fram som ein 3 timar lang teaser. Eg synst altså konseptet har potensiale, det luggar berre i kantane. Eg klarar ikkje å kjede meg grenselaust heller, men sat positivt innstilt til at det rundt neste sving ville utvikle seg til å bli betre.

Eg høyres kanskje negativ ut, det er for å fram at det er lite spektakulert som tilbys her, heller enn at ting er på trynet. Sant skal seiast så legg det meste seg midt på treet, me har ein del spenningssekvensar, ein del skyting og brutalitetar, nokre rotete intime augeblikk og mykje heltesnakk. Det går ned, men vil ikkje bli hugsa.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10