Diamonds Are Forever (1971)

IMDb: 6.7/10 from 30,600 users

Diamonds Are Forever markerte Sean Connery sitt første av to tilbakekomstar i rolla som James Bond, den andre var som ein middelaldrande Bond i filmen Never Say Never Again i 1983. Avbrekket som var George Lazenby i On Her Majesty’s Secret Service fekk opprinneleg kontrakt sju filmar, men blei overtala av agenten sin til Ã¥ trekke seg ut av franchisen. Agenten meinte at serien aldri ville overleve 1970-talet, og det blei med ein opptreden for Lazenby som Bond.

Før Roger Moore tok over spelte altså Connery inn endå ein Bond-film. Diamonds Are Forever handlar om diamantsmugling og har ei handling som flyttar seg rundt heile verda før me hamnar i USA. Drivkrafta til filmen er målet, og målet er for oss å finne ut kven som er skurken og kva som gjer diamantane viktige. For å unngå avsløringar får dette halde. Filmen er ikkje spesielt komplisert og ein skjønnar raskt kva som lurer bak. At det er rotete og mange stopp undervegs trekk heilskapen ned, men det er nok av humor i det dårlege til at eg ikkje kjedar meg.

Ein anna ting som manglar er iveren og energien. Sean Connery går på autopilot og få av dei typisk kjappe Bond-bemerkningane hans sit spesielt godt. Det kan ha med å gjere at Connery sa han var lei av å spele Bond etter You Only Live Twice. Eller det kan vere at manus ikkje sat heilt stødig. Regissør Guy Hamilton har eg mine tvil om at skal lastast for resultatet, mannen stod bak ein av dei beste filmane, Goldfinger.

Det er sjeldan eg diskuterar karakterar her, men Diamonds Are Forever har eg vanskeleg med å plassere. 6/10 er litt for bra, mens 5/10 blir for midt på treet då den har ein del småting som fungerer godt innimellom. Eg let ikkje tvilen komme til gode og gir ein 5/10 denne gongen, i hovudsak grunna Sean Connery.

5/10

Green Lantern: Emerald Knights (2011)

IMDb: 6.8/10 from 1,522 users

Den andre Green Lantern-filmen i DC Universe Animated Original Movies-serien, om du ser bort frå Justice League-installasjonane, er historiane om dei grønkledde kollegaene til green lantern Hal.

Hal er ein av fleire green lantern-ar, og den vi har fulgt tidlegare i filmserien: Justice League: The New Frontier, Green Lantern: First Flight og Justice League: Crisis on Two Earths. I Emerald Knights blir vi fortalt bakhistoria til andre grøne ringberarar, mellom anna Kilowog, Abin Sur og Mogo. Historiane bygg opp til ein kamp på slutten, der vi får sjå alle delta i lag.

Sånn sett er Emerald Knights som ei samling kortfilmar sydd i hop med ei større historie. Bakhistoriane er passe spennande og fungerer godt når du veit at dei bygg opp før hovudhistoria. Men i det store og heile er ikkje hovudhistoria spesielt spennande, og er heller ikkje via mykje fokus før på slutten.

Vi blir fortalt om ei vanskeleg utfordring i Arisia Rrab si bakhistorie og får humore i Mogo si, og med dei andre folka i tillegg blir dette akkurat passe variert til å halde fram til slutten. Som vanleg må vi òg tåle store dosar eksplosjonar, flammar og røyk.

Emerald Knights ligg på eit forventa nivå med litt gøy, spenning og fint tempo. Men den når ikkje opp til dei beste i filmserien eller forgjengaren First Flight.

6/10

Planet of the Apes (1968)

IMDb: 8.0/10 (68,641 votes)

I lys av den nyleg kinolanserte Rise of the Planet of the Apes tok eg steget ut og byrja eit lenge etterlengta gjensyn med Planet of the Apes-filmserien frå 1968-1973. I løpet av fem innlegg skal eg oppsummere og synse om filmane produsert av Arthur P. Jacobs.

Planet of the Apes har ei tilrekkingskraft utanom det vanlege. Sidan Tim Burton i 2001 kom med den ikkje fullt så gode, men likevel interessevekkande nytolkinga av romanen til Pierre Boulle, har eg sett både den og 1968-versjonen fleire gonger. I tillegg til resten av den originale filmserien. 2001-versjonen har som den svake filmen den er blitt verre for kvar gong, mens 1968-versjonen ved tredje gjensyn har gått i motsett retning og er betre no enn første gong. Men sidan dette ikkje er meint å vere ei samanlikning går vi eit steg vidare.

Året er 3978 då Taylor (Charlton Heston) og resten av mannskapet på romskipet Liberty 1 landar på ein ukjent planet. Etter å ha reist frå jorda i 1972 har dei flydd gjennom verdsrommet i lysets hastigheit, som for å stadfeste ein teori om at tida for dei berre blir få månader når århundra på jordkloten flyg forbi.

I søken etter liv på planeten dei har landa på, møter Taylor og mannskapet på ein flokk ville menneske, som viser seg å vere på flukt frå siviliserte apekattar. I dette bakevendtland som Taylor kallar det, blir han fort ein trussel for leiarane i apesamfunnet. At eit menneske kan oppføre seg, snakke og i verste fall tenke er absurd og strid mot vitskap og religion for apane.

Taylor er ein manns mann og toler ikkje undertrykking. Metodane hans for å vinne fram og bli annerkjent som intelligent er diskutable, men samtidig ein styrke for filmen og det uforutsigbare.

Planet of the Apes fungerer godt som film på fleire plan. Det er spenninga i å utforske noko nytt og bakvendt i reisa til Taylor, med element av science fiction og mystikk og ein realitet som like gjerne kunne ha vore eit mareritt. Filmen tek òg opp problematikk som undertrykking, vranglære og religion som vitenskap.

Fantasi og det spektakulære bygg på ting eg kjenner til og gjer Planet of the Apes til ein film som eg lett tek til meg. Den held tilbake på mykje av bakgrunnshistoria og gir berre litt etter litt. Eit av kjenneteikna på god film er nettopp timing og porsjonering av det spennande og/eller interessante. Slik som ein god skrekkfilm er den som ikkje set lys på alle sidene ved eit monster og let det danse over skjermen i 90 minuttar, men brukar fantasien til publikum for å skremme.

Det skadar heller ikkje at eg har eit soft spot for Planet of the Apes, og ser mytologien og dens moglegheiter og motsigelsar i heilskap som sterkare enn dei individuelle filmane sine svakheiter (først og fremst deler av oppfølgjarane).

8/10

Harry Potter and the Deathly Hallows: Part 2 (2011)

IMDb: 8.5/10 (57,762 votes)

Det har gÃ¥tt ti Ã¥r sidan Harry Potter and the Sorcerer’s Stone blei film. I løpet av dei ti Ã¥ra har Emma Watson fylt 18 (19, 20 og 21), Daniel Radcliffe har fÃ¥tt tredagarsskjegg, Richard Harris har gÃ¥tt bort og CGI-en har teke eit steg i rett retning. Med andre ord har serien vakse opp pÃ¥ sÃ¥ mange mÃ¥tar.

Med oppveksten har behovet for å fortelje meir kome snikande, og då den tjukke sisteboka skulle bli film måtte det bli i to deler. Sjølv med full forståing for at det trengs tid for å skildre handlingsforløpet i Deathly Hallows: Eg er lite glad i oppdelte filmar, spesielt når dei høyrer så i lag som Part 1 og Part 2 av Deathly Hallows. Dette var grunnen til at eg venta til no i juli med å sjå Part 1, som eg ikkje har skrive om.

Part 1 har ikkje all verdens med fart, men meir av den trykkande stemninga og ei spenning i vissa om at noko vil skje. Den er 2.5 t lang, men kjennes ikkje så lang ut. Som ein film ein er nøydd til å betale 120 kr for å sjå i 3D er den meir ei forpliktande handling enn tilfredsstillande. Difor såg eg den heller i heimen for første gong nokre dagar før Part 2, og det fungerte greitt.

Part 2 er filmen det meste skjer i. Her kjem du kjem tettast inn på karakterane og får passe med lyssparkling og svinging av tryllestavar. Sidan eg har lese boka mista eg spenning ved å vite kva som ville skje, og eg merka at dette gjekk utover inntrykket filmen gjorde. Likevel leverer Deathly Hallows varene og er ei flott avslutting på eit 10 år langt filmeventyr. At vi har sluppe for mange utskiftingar på vegen og at kjerna har vore den same er uvurderleg i samanhengen.

Ein film skal stå på eigne bein og må ta sine kunstnariske avgjersler for å fungere, uansett om den er basert på ei bok eller ikkje. Difor er det vanskeleg å gi ei skikkeleg tilbakemelding på filmen med alle tankane frå boklesinga surrande omkring. Slik eg opplevde Part 1 og Part 2 som ein film var det at den skulle gripe om veldig mykje, og at den i totaltid ikkje ligg så altfor langt unna tida det tok å lese boka, men ligg eit stykkje unna i å fremme alvoret.

Men all kritikk tilside, inkludert at dette var fullstendig meiningslaust å sjå i 3D, så er dette ein av dei beste filmane i serien. Undervegs reagerte eg ikkje på anna enn at 3D-en var meiningslaus, og i ettertid er det pirk omkring valet av format og boksamanlikning eg har sett mest på. Serien i seg sjølv er samla sett ei fantastisk reise i tid og fantasi der ein blir kjent med, om enn fiktive, så utrulege menneske og skapningar. Bøkene kan varmt anbefalst, det same kan filmane.

7/10

Despicable Me (2010)

IMDb: 7.5/10 (56,529 votes)

Animert familiefilm om superskurken Gru som adopterer tre små barn som ledd i planen om å stjele månen.

Despicable Me er historia om ein superskurk som ikkje er så veldig super når den yngre oppkomlingen Vector stikk av med rampelyset. For å overgå Vector vil superskurken Gru (stemma til Steve Carell) stjele månen. For å stjele månen må han ha ei apparat til å forminske den, og dette apparatet er ikkje heilt lett å få tak i, spesielt ikkje når det er kamp om det.

Tre ting som fungerte med Despicable Me er at den satsar i stor skala, har sin eigen stil og overdriv så det held. Den har små, rare, gule og morosame vesen på plass, slik Ice Age har ekornet og Madagascar har pingvingane. Og den har potensiale.

Tre ting som ikkje fungerte med Despicable Me er at den for mitt vedkommande aldri blir ond nok, godviljen til Gru kjem for fort og lett fram. Steve Carell, fantastisk i The Office, øydelegg Gru for meg med ei stemme som er feil. Og ikkje minst kjennes filmen for straumlinjeforma, utan nok særeigenheiter, morsomme detaljar eller sjel.

5/10

Iron Man 2 (2010)

IMDb: 7.1/10 (99,800 votes)

To år etter Iron Man kom Robert Downey Jr. tilbake til jerndrakta for nok eit oppgjer med stygge geni i robotdrakter.

Eg skal ikkje gå rundt grauten, og kjem med det først som sist, Iron Man 2 er ein halvkjip film. Eit døgn etter eg har sett den har eg allereie byrja å gløyme handlinga.

Eksempelvis er Sam Rockwell (lenge leve Moon) ein av dei minst karismatiske skurkane på lenge, godt mogleg kjedelegare enn skurken i G.I. Joe: The Rise of Cobra. Den store slosskampen mot slutten er over før ein får sukk for seg, og det på ein rimeleg teit måte. Resten av filmen er gløymt, men det handlar om ein sjukdom og det å gi opp, om det å dra ut tiden og gå i andre retninga av det som gjorde Tony Stark kul (nok) i første filmen.

Filmen full av mange dårlege val blir berre gjort mindre kjedeleg av avløysande humor og romantikk som kjem til overflata med hjelp frå Gwyneth Paltrow.

Så skal det likevel bli sagt på slutten, at om ein ikkje treng ei god historie, om ein berre vil ha actionsekvensar, stereotypar som tyt om whatever stereotypar tyt om, og litt blockbusterhumor, så går Iron Man 2 an. Den har ein viss flyt og går meg aldri heilt på nervene heller.

5/10

Solyaris (1972)

IMDb: 8.0/10 from 24,138 users

Solyaris største akilleshel er lengda – ei prøve Ã¥ sjÃ¥ i eit. Men den har mest godt ved seg – flott filmkunst med magisk stemning.

6/10

Scott Pilgrim vs. the World (2010)

IMDb: 8.1/10 (23,657 votes)

Mannen bak Shaun of the Dead og Hot Fuzz er tilbake, denne gongen over dammen i lag med kanadisk ungdomsstjerne nummer 1, Michael Cera.

Inspirert av videospelestetikk har Scott Pilgrim vs. the World ei frisk form utan særleg rom til å kjede seg. Då videospelnerdinga får nok å sei gjennom forteljarstilen, er det kjærleik og musikk som tek opp plassen i handlinga. Ei løysing som fungerer godt. Cera får spele ei av dei meir nyanserte rollane hittil i karriera, og kombinerer det uskyldige ungdomspreget sitt med ei side som er både endå meir menneskeleg og kanskje ikkje alltid så hyggeleg.

Trass i at både form og figurar sit godt blir det som om noko manglar frå filmen. Som underhaldning og ung kjærleiksfilm er dette langt oppe på lista, men i det lange løp endar filmen med å gjenta seg sjølv nokre gonger før den rundar av. Det har ingenting med forventingar å gjere, men eit inntrykk eg fekk i starten av at denne filmen hadde noko vesentleg å fortelje ved sidan av det reint underhaldane. På dette område innfridde ikkje filmen undervegs, og dette er grunnen til at toppkarakteren uteblir.

Men nære, veldig nære, er den. Og definitivt ein film som skal sjåast igjen.

7/10

The Expendables (2010)

IMDb: 7.1/10 (41,593 votes)

Det opnar med eit brak. Gamle actionheltar kjem innpå skjermen, med følgje av nokre yngre, i fullt militært utstyr. Sånt blir det ikkje lite lyd av. Les vidare under bildet.

Diverre blir det fort stille etter opningsbraket, og det tek filmen ei stund å komme i form igjen. Ein film har lov til å følgje Hollywood-kurva og ha eit parti utan det aller villaste skytedramaet, men The Expendables har ein doven og lite engasjerande innfallsvinkel på saka som naturleg nok, på bakgrunn av dei involverte, skal utløyse ein deilig actionorgie.

Det som er viktig å få fram her, er at historia til filmen aldri er det viktigaste. Det er gamle heltar som er tilbake i kjent drakt mange år etter, både i gjenforening og i nye møter, som er det sentrale. Det skal vere både nostalgisk og tilfredsstillande for nye sjåarar, og det er difor viktig at hardhausane oppfører seg som om dei var 20-30 år yngre for å appellere til dei som vaks opp med mellom anna Stallone og Lundgren på 1980-talet, og dei yngre som forventar at dette ikkje er eit gamleheimslagsmål.

Trist er det difor at fleire kampsekvensar er ihelredigerte, og at det eg ser pÃ¥ som grunnlaget for filmen smuldrar bort i hjørnene. Det gjer at ein ikkje fÃ¥r med seg anna enn smÃ¥ glimt frÃ¥ kjekke slag og spark, og ein stiller seg spørsmÃ¥l ved kva som gÃ¥r føre seg og om det i det heile er «ekte» slag og spark.

Det er fleire ting å utsetje på filmen, men det heile kokar ned til at filmen prøver for hardt å vere morosam og ha ei seriøs historie, og hadde tent seg med å likne meir på råskapen som kom fram i den ferskaste Rambo-filmen. The Expendables er difor ein liten skuffelse for underteikna.

5/10

The Losers (2010)

IMDb: 6.4/10 (15,490 votes)

Ei gruppe leigesoldatar blir hyra til å utføre eit oppdrag i den brasilianske jungelen, men blir dolka i ryggen av oppdragsgivaren etter utført oppdrag. (Les vidare under bildet).

For å skrive den korte setninga før bildet var eg nøydd til å lese meg opp igjen på filmen på IMDb. For The Losers er ikkje meir enn ein lunken actionfilm utan den store handlinga eller dei mest spektakulære sekvensane. Den er mest av alt keisam, og prøver for hardt å vere tøff.

Lettfordøyeleg actionfilm er ein fin ting, men det finst ei rekkje krav der alltid nokon må vere oppfylte for at filmen skal lukkast. The Losers er klar over dette, men viser for tydeleg at den siktar mot desse. På grunn av dette feilar mellom anna humoren, som var den biten som faktisk kunne ha redda filmen.

4/10
1 / 271234...10...27