IMDb: 3.7/10 (3,673 votes)
Luke nr. 12. Litt historie først. Denne TV-spesialen blei sendt for første gang på CBS i 1978 som ein julespesial. Ideen var forfatta av George Lucas, men han hadde ingenting å gjere med filmen utover det. Når han så såg resultatet nekta han TV-kanalen å sende den, men det stod i kontrakten at den skulle bli sendt minst ein gong, og resten er historie. For meir enn det har den aldri blitt sendt. Den har ikkje vore i nærleiken av å nå eit anna medium. Heldigvis, viss det går an å sei det på den måten, var det nokon som tok opp programmet.
Grunnen til at eg ville sjå denne greia, som eg aldri hadde høyrt om før eg las om den i teikneseriebladet «M», var ei slags filmmelding i nummeret med tittelen «M Superalbum». For å sitere:
Det finnes flere typer «dÃ¥rlig» film. Morosam/dÃ¥rlig, som «Plan 9 From Outer Space», for eksempel — og sÃ¥ dÃ¥rlig/dÃ¥rlig, som «Alexander». Og sÃ¥ finnes det kjedelig/dÃ¥rlig, og irriterende/dÃ¥rlig og hÃ¥pløst, begredelig, gudsjammer/dÃ¥rlig. Og sÃ¥, et par hakk til lengre ned pÃ¥ stigen, nÃ¥r man trodde man skulle ha nÃ¥dd bunnen for lengst — se der er «Police Academy: Mission to Moscow». Og sÃ¥ et godt stykke under den igjen, finner man omside «Star Wars Holiday Special».
Dette her er jo åtvaring på sitt sterkaste, men åtvaringar av den typen er ofte freistingar til å gå imot. Eller?
Kvaliteten var det første som slo i mot meg, som eit hardt og brunt slag i trynet. Ta noko av det dårlegaste du har sett på YouTube, legg til ekstra støy, gjer det endå meir uskarpt og du har nesten kvaliteten her. Det er ikkje alltid bilde- og lydkvaliteten skal ha noko å sei på ein film, så lenge ein film er god nok, så har eg tålt mykje. Men her blei eg kvalm.
SÃ¥ til sjølve filmen. Historia er tam som ein fjert i verdsrommet, og dÃ¥ ser eg for meg at ein ikkje kan lukte der. Det er som du hÃ¥par pÃ¥ Ã¥ mÃ¥tte gÃ¥ pÃ¥ do, sÃ¥ filmen kan spele vidare utan at du har sett den pÃ¥ pause — akkurat som pÃ¥ kino.
Dei musikalske innslaga måtte eg seriøst spole forbi. Då det var igjen 25 minuttar av videofila, legg merke til at eg no har gått bort i frå å kalle dette ein film, fann eg fram eit teikneseriehefte og lét greia gå i bakgrunnen, med nedsett volum for ikkje å gjere meg fullstendig galen. Ein plass går grensa for kva eg kan fullføre, og eg trykka stopp 10 minuttar før slutt. Men det var for seint. Handlingsreferat er vanskeleg å skrive, eg står over.
Musikken her er kanskje verdt å nemne igjen, det høyres nemleg ut som ei atombomba speledåse her. Eg har aldri følt meg så tom innvendig som då eg pinte meg gjennom dei første 20 minuttane med grusom musikk og uforståeleg wookie-prat utan teksting..
Eg skriv ikkje særleg meir, du har forstått poenget. Det finst ikkje ein positivt ting å sei om dette. Eg er ein idiot som såg så mykje av den som eg gjorde, og veit ikkje heilt kva eg ville oppnå. I forhold til det andre eg har gitt den dårlegaste vurderinga på Filmdagbok, så er dette dårlegare. Hadde IMDb hatt eit 0-punkt… Ein så dårleg film skal eg aldri sjå igjen.
1/10