ness
27-feb-2008

Silent Running (1972)

IMDb: 6.7/10 (4,931 votes)

Silent RunningValley Forge, anno ukjent framtid, romstasjon for bevaring av skogar og planter. Lite blir sagt om jordkloten anna enn at skogar er utdøydd og at menneska ikkje ser ut til å bry seg. I flåten Valley Forge er del av blir ei ordre om å løysne, for deretter å sprenge drivhusa oppstand for frustrasjon hjå ein i mannskapet, den naturglade av dei, eit syn ingen av dei andre ombord ser ut til å forstå - meir frustrasjon!

Det skjer det som må skje og etter ei stund er Bruce Dern, eller Freeman Lowell som han går under i filmen, åleine igjen med tre reperatørdronar som følgesvenner. Sidan må han takle uviss lang tid åleine drivande i verdsrommet grunna nokre småting som skjer i mellomtida.

Under tida me følger Lowell skjer det ikkje dei heilt store tinga, han må takle åleinetilværelsen og søker selskap i dronane som han omprogrammerar til bl.a. pokerspeling. Slik går filmen sin gong, i blant med songar sunge av Joan Baez som avbrekk (berre på lydsporet) frå stillheita og monologane til Lowell.

«Silent Runnning» hadde ikkje det største budsjettet å rutte med, sjølve romstasjonen er ein 8 meter lang modell og spesialeffektane er rimeleg enkle, men effektive, det trengs ikkje mykje når det føreligg kunnskap om korleis det skal brukast. Då mannen bak effektane er den same som stod for dei i «2001: A Space Odyssey» kan eg også trekke parallellar til denne filmen på andre måtar, «Silent Running» er ein «extra light» variant «2001» - der tempoet fordelt på lengda og taletid er betrakteleg heva - likevel er ting som menneske og maskin, stemningsbygging (stillheit) og det ukontrollerbare og ukjente i verdsrommet sentralt. No må dette for all del ikkje sjåast på som ein måte å forenkle «2001», men det er no eingong slik at «Silent Running» ligg nærmare den enn f.eks. «Star Wars»

Tross at «Silent Running» har sjarm i bøtter og spann kan eg ikkje med handa på hjarte anbefale den. Då den innleiingsvis opnar med å problematisere menneska si henslengte haldning til naturens undergong gleda eg meg regelrett for resten, men etter å ha tatt eit jafs i eplet er resten kasta i den gjenværande bøtta sjarm ikkje klarte å fylle, resultatet er eit veldig stort fokus på åleinetilværelsen til Lowell, som strengt tatt ikkje går særleg djupt og ikkje bidreg med den store underholdninga heller. Ikkje før slutten (av filmen) er nær skjer det noko meir som set fart på hjerneaktiviteten igjen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-feb-2008

Knall film, knullfilm og tullefilm

Fem fleire filmar av, og denne gongen med, Woody Allen.

Everything You Always Wanted to Know About Sex * But Were Afraid to Ask (1972)

Everything about sexBasert på ei bok av David Reuben har Woody Allen fått laga ein tullete kortfilmkompliasjon om seksuelle tema. Dei ulike delene varierar i stor grad frå morsomme til middels, av det som gjorde seg mest bemerka var nok legen som blei forelska i ein armensk fjellsau, Dr. Frankenstein-kopien sitt feilslåtte eksperiment som resulterar i ein gigantisk pupp på avvegar og ei vitskapleg framstilling av dei indre kroppslege mekanismane knytta opp mot seksuelt samkven, der Burt Reynolds er blant dei tilsette i hjernen. Som heilheit blir diverre kompilasjonen småkjedeleg i lengden, Allen fungerar best når han har ei god, samanhengande handling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Love and Death (1975)

Love and deathEin av dei meir fornøyelege filmane. Diane Keaton hypnotiserar med venleiken si og ikkje minst skodespelet, humoren ser ut til å treffe midtgolvet med mange kjappe replikkar i varierande komediestil. Filosofisk fundering over eksistensielle spørsmål går i forrykande tempo som er vanskeleg å halde tritt med, men bidreg ikkje mindre til å gi filmen meining omkring ein stor tittel som «Love and Death». Dessutan byr filmen på stadig framdrift, sirleg fornærming av Russland, slag i sida til jødedommen og Gud, Woody Allen på slagmarka og andre godbitar. Kan ikkje sei meg anna enn fornøgd med denne filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Zelig (1983)

ZeligTulledokumentaren om Leonard Zelig, kamelonmannen, som forandrar seg til typen folk han omgir seg med, er utført i god blanding. Filmavis, standard tv-dokumentar med intervju og arkivfoto, det er aldri tvil om at Allen har peiling, dette er stadig, over 20 år etter, friskt redigert. Faktisk så godt at eg gir den status som favoritt tulledokumentar. Allen portretterar Zelig som fot i hose, typisk nok ein nevrotisk person, me får lære å kjenne han på avstand og litt om gongen slik som anna dokumentarfilm ofte fortel om historiske personar, dette passar perfekt. Med 1t 12min held «Zelig» seg frisk heile vegen til endes.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Broadway Danny Rose (1984)

Broadway Danny Rose (1984)Ein av Woody Allen sine betre filmar, han sjølv spelar manager for smørsongaren Lou som er i ferd med å gjere eit suksessfullt comeback. Mia Farrow er elskerinna til Lou. Tilsaman utgjer dei trioen sentral i historia om manager Danny Rose og hans kanskje viktigaste klient. Fortalt over bordet på ein kafé i New York er stemninga satt frå første stund, Allen er best når byen er bakteppe. 80 minuttar i svart/kvitt gir tid til ein smått nedtona komedie med ei historie som ein kan knytte seg til, definitivt ei plassering på topp 10 Woody Allen lista mi. Fin.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Shadows And Fog (1992)

Shadows and fog (1992)1992. Svart/kvitt. Tonnevis med kjente skodespelarar i større og mindre rollar. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har «Shadows And Fog» mykje for seg, på film er det ikkje fullt så engasjerande som det er lov å håpe på, likevel om Woody Allen held seg i tøylane og humoren handlar lite om nevrotikaren. Eg saknar den kalde kjensla av skodde og mordmysterie fange meg, men likar bilde og alt som har med kamera å gjere, måten kjente ansikt i birollar aldri tek stel fokuset frå filmen i heilheit. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
17-feb-2008

Tilfredsstillande for Wes Andersons fans

Hotel Chevalier«Hotel Chevalier», kortfilm og forord til «The Darjeeling Limited», er ei innsikt i Wes Anderson som regissør veldig kort; musikken, symbolikken i detaljar og miljø og karakterar som ikkje nødvendigvis lempar kjenslene sine på kvarandre i eitkvart høve. To personar med ei fortid møtes igjen på eit hotellrom i Paris, det er tydeleg at dei tykkjer om kvarandre, likevel har dei skilt vegar tidlegare, årsaka blir her overlete til sjåaren å tenke ut, enten åleine eller gjennom forløpet til «The Darjeeling Limited». Når eg såg «Hotel Chevalier» for første gong var det stemninga ved saken som fekk med til å revurdere interessa for Wes Anderson, «The Life Aquatic with Steve Zissou» har tidlegare satt meg på bakfot (no likar eg den!), men då fekk eg verkeleg lyst til å sjå «The Darjeeling Limited».

The Darjeeling Limited (2007)Darjeeling er eit område i India, kall det fylke eller delstat, dit brødrene Francis, Peter og Jack Whitman (Owen Wilson, Adrien Brody, Jason Schwartzman) reiser i lag for å finne seg sjølv og kvarandre i regi av eldstemann Francis sine planar om ei spirituell oppleving. Forholdet dei tre i mellom er smått anstrengt i mangelen på tillit, handlinga går føre eit år etter farens død, noko dei endå er prega av. Francis har nyleg køyrt motorsykkel i ein fjellvegg, Peter går med faren sine briller sjølv om han får hovudverk av dei og Jack har flytta til Europa for å komme vekk frå alt og alle.

Turen gjennom India utviklar seg etterkvart til å bli noko anna enn Francis forventa, kanskje ikkje den største overraskelsen for publikum, planen om å oppleve tempel, lære og stole på kvarandre, osv. går kanskje i vasken, men Wes Anderson legg aldri skjul på at han berre er valgt ein anna veg mot same mål for karakterane sine. Måten Anderson gjennom heile filmen vel avslutte episodar til forventingane forut, utan å definere forløpet på førehand, kjem tydeleg fram når Jack les høgt frå ei historie han har skrive slutten, men ikkje starten på, dette fungerar også som er ei sterkare tilknytning til «Hotel Chevalier».

Denne måten alt i både «Hotel Chevalier» og «The Darjeeling Limited» er knytta saman på kjenner eg som Wes Anderson sin signatur, symbolikk i fargar og gjenstandar, utprega kameraarbeid, skodespelarne og valet av musikk er andre aspekt som lett glir inn i måten mannen lagar film på og som eg har lært meg å verdsette, og som absolutt er tilstades i «The Darjeeling Limited». For min del overgjekk denne forventingane mine og eg satte pris på at varmen i filmen kjem fram mellom alle detaljane og avstikkarane Anderson har valgt å trekke fram.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-feb-2008

Pilot Pig and the Steelballs Tanukis

Teknisk sett vart «Nausicaä» laga før Studio Ghibli blei oppretta, men la no det forbli gløymt for denne gong.

Nausicaä of the Valley of the Winds (1984)

NausicaaSjølv om ikkje alle Ghiblifilmane imponerar går eg til dei usette med forventingar. «Nausicaä» er ein av dei eg har hatt mest lyst til å sjå, til stor glede innfridde den, mektig. Animasjonen flyt ikkje som i dagens produksjonar, men er upåklageleg storarta og detaljert. Universet handlinga føregår i er eventyrleg og tok gripetak på meg frå første stund, samtidig ligg det alvor i botnen av eventyret. Verda er trua av massiv forureining og naturen har reagert, det store spørsmålet er korleis menneska skal oppføre seg i forhold til desse reaksjonane.

I hovudrolla finn me den unge prinsessa i Vindenes Dal, Nausicaä, ei tøff jente og meister til å navigere eit krysningsfartøy av seglfly og hangglider, mykje action kan forventast i både lufta og på bakken. Filmen handlar om krig mellom menneske og mellom menneske og kjempeinsekt som erobrar stadig meir land. Behandla frå ståstaden til den unge jenta tek verken alvoret skade av eit barnleg sinn, heller den meir leikne tonen av alvoret, men som dei beste Ghiblifilmane gjer det, godt balansert, spennande, imponerande.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Porco Rosso (1992)

Porco RossoEi forheksing har gjort piloten Marco om til ein gris, i skjul frå fascistar og luftpiratar held han bolig under parasollen på ei bortgøymt øy, når han ikkje vankar i baren på Hotell Adriano på kveldstid. Filmen tek overraskanda lite tak i forheksinga og personen Porco Rosso (tidl. Marco), men dreiar meir innpå eit enkelt tidsrom der flyen hans blir smadra og han sidan skal duellere med ein amerikansk luftpirat. Handlinga er i all enkelheit spennande nok, med hav, øyer og luftig animasjon er det også godsaker for augo her. Saknar meir historie rundt personen Porco Rosso, elles greit.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Pom Poko (1994)

Pom PokoI Japan finst det eit vaskebjørnliknande dyr som heiter tanuki og som kan transformere seg og ikkje minst dei gigantiske testiklane sine, det ser ganske sjukt ut og begrepet barnefilm visnar litt bort. (Studio Ghibli har vel sjeldan vore påstått å lage barnefilmar, men ta «Totoro» eller «The Cat Returns»). «Pom Poko» handlar om (eg vel å bruke betegnelsen vaskebjørn her for enkeltheits skuld) vaskebjørnar som må kjempe mot dei stadige utbyggingane til Mr. Japan, skogane forsvinn og dei må bruke kreftene sine til å stoppe dette. Kampen er ganske håplaus frå første stund, kan dette gå bra? 2 timar seinare med gjespen i kjeften og hovudet mellom hendene var svaret klart for min del, sjølv om eg skulle ønske det tok timen mindre. Vel har Studio Ghibli laga flott animasjon her, med sjuke transformeringar og valdelege vaskebjørnar, men lengda og tempoet i lag med vaskebjørnane som karakterar fungerte rett og slett ikkje bra nok for underteikna.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
04-feb-2008

Gjensyn med nokre favorittar

Sideways (2004, Alexander Payne)

SidewaysMitt tredje møte med «Sideways» skil seg litt frå dei førre ved at eg er hakket meir oppdatert på vinsjargong og med handlinga vagt i minne kunne konsentrere meg meir om detaljar. Dette er framleis ein fantastisk film og ein eg gjerne kan sjå igjen, karakterane er humane og Paul Giamatti er perfekt som deprimert vinelskar og forfattar, sidekicket gestalta av Thomas Haden Church er vel så viktig som motstykke til Giamatti som han er den livlege i filmen. Plasseringa av filmen i California tilfører ein varme til ein film som like gjerne kunne ha blitt tragisk om satt til kalde austkysten. Anbefalt.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Brick (2005, Rian Johnson)

Brick«Brick» er ein ungdoms neo-noir med eigne vriar for å sleppe unna forhåndsdømming og samanlikning med klassisk film-noir. Som lågbudsjetts indiefilm ($500.000) kan den stolt konkurrere med kva som helst av dyrare film innan utføring. Gjensynet mitt var berikande og gav innsikt eg tidlegare mista. «Brick» kan sjåast på ulike måtar, personleg likar eg den som seriøs ungdomsfilm med kul slang, den har meir å by på for spesielt interesserte, som f.eks. om du skulle like å sjå likskapar til film-noir. Inntrykket eg har skapt i ettertid av første vising år tilbakes var vanskeleg å nå opp til, min logiske sans tilseier at eg kanskje ikkje likte den så godt som eg hugsa, og at eg difor likte den like godt denne gongen, puh. Eg anbefalar denne gjerne til dei som er på jakt etter noko friskt, smart og litt annleis.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

28 Days Later… (2002, Danny Boyle)

28 Days Later… (2002)Cillian Murphy vakna opp splitter naken i ei sjukehusseng, lite veit han at England er folketomt etter virus har gjort menn til zombiar, elles hadde han brukt meir tid på å tenke tryggleik enn å sprade rundt i bar rompe og drikke Pepsi. Men no skal ikkje dette dreie seg for mykje om Murphy, sjølv om han etter kvart har utvikla seg til å bli ein personleg favoritt på andre grunnlag enn naturisttendensar i «28 Days Later…» Filmen er stilig utført, folketomme gater i stor skala som faktisk ser ekte ut, takka vere DV matcha bilde innhaldet. Rå zombiar blir aldri forsøkt gjort til anna enn rein ondskap her, friskt. For andre gong er dette ein film eg set stor pris på, med nok blod, nok historie og eit jamnt handlingsforløp. Eit av dei betre i sin sjanger etter årtusenskifte vil eg påstå.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Serenity (2005, Joss Whedon)

Serenity (2005)Ikkje alle filmar kan halde stand ved eit gjensyn, gudebilde av «Serenity» rakna smått for meg vel to år etter første møte. Den gongen kom eg rett frå «Firefly», men med tida har den brune frakken falma og det bar altså gjensynet med «Serenity» preg av. Tolk meg ikkje feil, eg synst framleis det er ein storarta film, men la merke at mange ting gjekk meg hus forbi rett og slett fordi hukommelsesenteret tidlegare via til «Firefly» var noko redusert. Dette bunna ut i at enkelte deler til fordel for «Serenity» som film kunne ha blitt kutta ut eller gjort tydlegare for «vanlege folk». Men nok om det, for utan pirket er dette ein storveges actionprega scifi-western med sabla god humor, originalitet som det held, Nathan Fillion er og blir eit forbilde. Det blir berre ørlite for langdryge for utanforståande og senile brunfrakkar. Sjå «Firefly» først du, om du ønske ei fin stund!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-feb-2008

Ran, drap og lastebilkøyring

The Killing (1956, Stanley Kubrick)

The KillingKvar Stanley Kubrick film byr på noko nytt mot resten, enten det er sjanger eller kompleksiteten til den fortalte historia. «The Killing» er ein heistfilm, som vil sei at det handlar om eit ran, nøye planlagt og detaljert forklart. Den tek for seg dei menneskelege sidene ved planen med omhug, ingen plan er perfekt då folk kan vere uforutsigbare, men ein god plan er fleksibel nok til å kunne hanskast med enkelte feilgrep. «The Killing» er ganske rett fram fortalt og byr ikkje på avstikkarar, fokuset og kompaktskapen gjer at dette fungerar og er spennande nok når det varer.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Shadow of a Doubt (1943, Alfred Hitchcock)

Shadow of a Doubt (1943)Hitchcock skuffar sjeldan, «Shadow of a Doubt» hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsomt ein god film. Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie (jente i dette tilfelle) ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk bånd, nesten som to tvillingar. Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det forandrast idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeikarar og byr på spenning så vel som gledesstunder. Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomførelsen med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Le Salaire de la peur (1953, Henri-Georges Clouzot)

Wages of FearTo lastebilar med nitroglyserin skal fraktast frå A langs B til C. A er ein roleg avsidesliggande landsby i Sør-Amerika med fleire arbeidsledige franskmenn, B er ein dårleg landeveg med mange ulumskheiter, C er ein oljebrønn i brann. Forspelet byr ikkje på det heilt store, roleg og handlingslaus som delen er, men den er med på å gi kontrastar til nervepirringa i B-delen av filmen, som må seiast å vere blant dei mest spennande bilturane eg har opplevd på film. Eit par logiske bristar (kvifor rygge så langt ut på stillaset?) bryr meg lite, god nok film, og så veldig alvorleg i blant óg! For dei som er usikre, det er filmen med internasjonal tittel «The Wages of Fear» eg snakkar om her.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
29-jan-2008

Tog

Ver varsam for toget!

David Lynch sine filmar er eit mekka for analyse, personleg har eg funne ut at det som fungerar best for meg er å la ting gå sin gong. Her føregår så mykje rart at det hadde teke kortare tid å lære hunden snakking enn å forstå alt. No er det vel strengt tatt ikkje poenget at alt skal forståast. På ei liste over ting ein bør vite før ein ser Lynchfilm, funne på IMDb sitt diskusjonsforum for «Rabbits», står det at deler skal vere uforklart og uutforska, deler er det meininga du skal tillegge eiga meining, det du ser - er ikkje, osv. Innlegget her ber preg av at underteikna har lurt på kva han eigentleg har sett.

Siste tida har eg altså brukt på å komme meg gjennom dei mindre kjente prosjekta til Lynch, kortfilmar, nettseriar og litt slikt, i tillegg til den siste storfilmen hans. Ikkje alt har vore mogleg å få tak i, endå gjenstår «On the Air», «American Chronicles» og «Boat».

Inland Empire (2006)

Inland EmpireÅ finne rom for ein tretimars lang David Lynch film er lettare sagt enn gjort, men når det først skjedde blei eg positivt overraska over kor godt eg likte denne. Enkelt fortalt handlar det om ei skodespelarinne (Laura Dern) som får tilbudt rolle i ein film som tidlegare har vore forsøkt innspelt utan hell. Etter kvart blandar det seg inn ein solid dose surrealisme, overnaturlege episodar, tidskrøll og eit psykisk samanbrot som gjer at eit handlingsreferat er unyttig. No skrapar eg rett nok berre i overflata, kanskje ei betre forklart er å seie at Lynch har gått solid til sides for etablert spelefilm denne gongen, endå meir enn før. Eg lot meg synke inn og belønninga var ein film som forvirra, skremte og køyrte dampvegvalsen fram og tilbake over hjernebarken. Uforståeleg ja, men bitane passa saman, lydbilde er eksellent utført og gjekk saman med eit litt grumsete fotoarbeid inn for å ytre den mørke stemninga eg hekta meg fast i undervegs.

Rabbits (2002)

RabbitsTre menneske i kanindrakter, ein - 1 - kameravinkel og trykkande musikk med lokomotive tonar blir til 42 minuttar med «Rabbits». Dei tre personane snakkar usamanhengande om ting som godt mogleg kan ha ei meining om ein flyttar rundt på setningane. Deler av tida er forbeholdt stillheit, innslag av latter og applaus frå publikum på boks gir assosiasjonar til sitcom, det betyr ikkje komedie, men heller absurd prat. Undervegs blir me vitne til eit par forrykande lysshow og den ekle stemninga som pregar filmen blir forsterka opp i mente. Dette er nær det særaste eg har sett nokon gong, kvifor eg lot meg imponere er ei gåte, eg forstod jo ingenting! Deler av «Rabbits» er tilgjengleg via YouTube. Har du sett «Inland Empire» veit du kva du går til.

Darkened Room (2002)

Ei jente sit i eit rom, ei anna jente snakkar nonsens. Musikken er mektig, det visuelle er skuffande. Som kortfilm gir dette null og niks, som videokunst er det heller ikkje nemneverdig. Den store stemninga uteblir. Det blir meiningslaust å sjå på.

Industrial Symphony No. 1: The Dream of the Broken Hearted (1990)

David Lynch og Angelo Badalamenti har med Julee Cruise laga eit scenebasert musikalsk show med draumeliknande musikk, deler viss seinare skulle bli med i «Twin Peaks». I stor grad kan dette verke som ein konsert med eit forrykande lys- og teatershow i sida. Flygande menneske og djevelen er innslag i den mystiske tåka scena er innhylla i. Er du glad i musikken til Badalamenti, synginga til Julee Cruise (som spelar i «Twin Peaks» på kroa) og stemninga Lynch ofte klarar å skape så vil du sikkert like dette. I lengda blei det for langsomt og statisk for min del, musikken er derimot upåklageleg.

Dumbland (2002)

DumblandSå over til noko heilt anna. «Dumbland» ser ut som det er teikna i Paint, humoren matcha nivået, men er på ei anna side brutal. Over åtte kortare episodar, alle lansert i si tid via nettsidene til Mr. D.L., møter me ein prompeglad, brautane mann som må stri med daglegdagse problem som maur i huset, passe den tilbakeståande onkelen, få bank av tanta si, kjefte ut kona, osv. Alt med «Dumbland» er enkelt; oppbygginga, poenga, animasjonen, humoren. Lynch har eigne idear om det teikna formatet eg ikkje kjem til å gå innpå her, så det var sagt, i tilfelle «Dumbland» har ei djup meining vil eg jo heilgardere med for å ha påstått dette er utelukkande simpelt.

Hotel Room (1993)

Hotel RoomHBO-serie frå 1993, med bl.a. Harry Dean Stanton og Deborah Unger, då i ulike episodar. Eit hotellrom i New York er miljøet for tre episodar som føregår i henholdvis 1969, 1992 og 1932. Me får tre urelaterte historiar basert på dialogar. Første om ein horekunde som får uventa besøk av ein skjeggete «venn» som tek over showet. Andre om ei dame med eit avstandsforhold som inneber vekentlege møte på hotellet og ser ut til å gå mot slutten. Tredje om mannen som følger kona med mentale problem til ein doktorspesialist, episoden foregår på hotellrommet under eit lysbrot der me brotvis får vite både kvifor dei er der og kva som feilar kona. Musikken er komponert av Angelo Badalamenti og blir forsåvidt det mest interessante ved serien, samt å sjå at toga nok ein gong går igjen både lydmessig og visuelt. Småkjedeleg, verken utfordrande eller gravlaks med sennepsaus.

 
ness
25-jan-2008

Spielberg på søttitalet

The Sugarland Express (1974)

Sugarland Express«The Sugarland Express» markerar debuten til Spielberg på storskjermen, hans tidlegare «Duel» blei laga for tv, mens denne er i breiformat og med eit betydeleg større budsjett ($3.000.000 mot $375.000). Goldie Hawn, ung og pen so ho var i 1974, stikk av med hovudrolla, sjølv om både Michael Sacks og William Atherton har like mykje skjermtid. Hawn spelar Lou Jean i det som er ei historie basert på sanne hendingar, saman med mannen som nyleg har rømt frå fengselet kidnappar dei ein politimann og forlangar skyss til Sugarland. I Sugarland er ungen deira i fosterheim, mot deira vilje, og Lou Jean vil ha den tilbake.

I «The Sugarland Express» er det mykje bilkøyring og endå fleire bilar, på det meste finst det titals politibilar i bilde, Spielberg brukar opp igjen mange av teknikkane han nytta seg av i «Duel», kamerautsnitt og føring er stødig utført og smart, nødvendig informasjon kjem med utan for mykje kluss og brå klypperytme. Tonen i filmen hellar meir mot humor enn «Duel» og kan tryggt plasserast inn i den vidare utviklingskurva Spielberg hadde mot blockbusterane, «The Sugarland Express» er sopass alvorleg at eg ikkje vil kategorisere det som ein familiefilm, slutten som eg ikkje skal gå innpå i detalj set eit punktum for dette inntrykket.

Heilt på tampen vil eg trekke små parallellar til Sidney Lumets «Dog Day Afternoon», begge to er filmar basert på sanne hendingar, begge omhandlar gissel/kidnapping, i hovudet til dei kriminelle i begge filmane ligg relativt gode motiv (viss ein tøyer betydninga av god litt), og ikkje minst - begge foregår i eit avgrensa miljø; stort sett i ein politibil i «The Sugarland Express» og banken i «Dog Day Afternoon». Utføringa elles er det større forskjell i, men med desse tinga i tankane synst eg «The Sugarland Express» har mykje godt for seg i tillegg til å vere biljakt og våpenflashing.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Close Encounters of the Third Kind (1977)

Close Encounters of the Third Kind (1977)Eg kunne ha slakta denne filmen, berre for moroskuld, men det vil ikkje vere rettferdig ovafor dei som vurderar å sjå den eller meg sjølv viss eg skulle finne på å lese dette for rettleiing om eit par år.

For fakta er at «Close Encounters …» er ein presis midt på treet film. Den har sine plussider, diverre også nok minussider. Tåpeleg lydkommunikasjon med romvesen. Flotte spesialeffektar. Mangel på spenning og dramatikk når det gjeld. Elles ei fin oppbygging, om enn altfor lang. Eg vil ikkje påstå eg hatar denne eller kjenner meg ført bak lyset av dei generelle folkemengdene som har sett filmen (IMDb ratingen i tankane), men greia var at eg kjente ingen ting i «magan».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
13-jan-2008

Bokklassikar i filmform: Fluenes herre alias Lord of the Flies

Lord of the flies postersNobelprisvinnar William Golding skreiv «Fluenes herre» i 1954, ei bok som ikkje umiddelbart, men seinare har blitt svært annarkjent og blant anna har fått status som ei av verdens 100 beste engelskspråklege romanar av TIME, samt godord frå American Library Association m.fl. Når eg satte meg ned med handlingsreferatet til 1963-filmen fekk eg ei aha-opplevelse, dette måtte vere ei bok eg las som yngre! Noko som skulle vise seg å vere feil då eg fekk stadfesta at boka eg las var svensk, berre med likt utgongspunkt og lik handling (om eg berre hadde komme på tittelen her).

Dei som har sett «Lost» vil nok trekke på augnebryna når det kjem fram i dagen at «Fluenes herre» handlar om ei gruppe unge speidargutar som etter eit flykrasj i havet befinn seg på ei øde, tropisk øy utan vaksne til å ta vare på dei. Lite blir det i filmane fortalt om kvifor det var så mange barn på flyet og ingen vaksne forutan piloten, kven desse barna er avvik smått frå film til film, som med mange andre av detaljane omkring opphaldet, noko som kan ha med at første filmen kom i 1963 og den andre i 1990 og ideen om rammehistoria sin funksjon kan ha endra seg. Kjerna er forsåvidt lik og begge filmane har sine fordeler mot den andre i måtane å uttrykke denne på.

Overlatt til seg sjølv må barna tilpasse seg situasjonen og unge som dei fleste er blir ikkje alvoret forstått. Dei to eldste trår som forventa inn i leiarposisjonar og prøver å få struktur i tilværelsen, etter kvart blir det klart at desse har to vidt ulike syn på kva tiden skal brukast til. Konfrontasjon er uungåeleg, og det er her nokre av filmane sine verste syn oppstår.

1963Essensen i «Fluenes herre» er den rå naturen til det uferdige og ikkje fullendt siviliserte menneske, det passar seg difor å bruke barn som her ikkje har den fullverdige forståelsen av handlingane sine. «Lord of the Flies» anno 1963 er skremmande god på å få fram denne sida, mens der i «Lord of the Flies» anno 1990 ligg hakket djupare og kjem meir fram i form av barnas dårlege eller mange på forståelse av konsekvensar handlingane kan få. Teknisk sett er 1990-versjonen overlegen med nydeleg fargefoto, betre skodespelarar, og ei evne til å sette øya i perspektiv for å gi inntrykk av storleiken vs. små barn, som på meir enn ein måte blir tapt i naturen, der bruken av ordet natur inkluderar overlevingsinnstikt osv. 1963-versjonen er ikkje så begrensa i skala som ein får inntrykk av innleiingsvis, men gjer ikkje naturen til den utprega karakteren i filmen, og blir difor strammare rundt personane, får eg inntrykk av. Hadde berre skodespelarane vore betre her ville denne filmen ha komme langt!

1990Eg hadde det enklast med å sjå den nyaste versjonen, tross påstanden min om at den eldre var meir brutal. Sikkert fordi formen er meir publikumsvennleg og at eg slapp følge like mykje med på handlingsforløpet. Men eg kan eigentleg ikkje anbefale verken dei eine eller den andre, uansett kor god boka måtte vere og set preg på kjerna i desse filmane held ikkje dette mål, eg såg fram til minst ein god film med blei berre skuffa og kjeda meg store delar av begge. I ettertid er det likevel filmar som får ein til å tenke, når ein kjem forbi utførelsen er det som sagt gode poeng som ligg igjen, og dette er vel unnskyldning nok for at det er prøvd å lage god film på William Goldings bok.

 
ness
29-des-2007

Bridge to Terabithia (2007)

IMDb: 7.4/10 (16,682 votes)

Bridge to Terabithia (2007)Ein god barnefilm skal i mine auger, vaksne som dei er blitt, appellere like godt til både barn og vaksne. Måten den skal gjere det på; den skal vere spennande for barna og kunne gi dei vaksne inntrykk av å vere barn igjen. «Bridge to Terabithia» klarte å involvere meg i både karakterane og fantasien, den utfordrar dessutan sistnemnte til ei viss grad og innfallet av spesialeffektar er minimalt til fordel for filmen i forhold til kva kinotraileren kunne gi inntrykk av.

Alvoret pregar «Bridge to Terabithia». Eg er fan av barnefilmar som torer å gjere noko ekstra forutan å underhalde, då kvardagen tross alt ikkje er ei dans på roser. Protagonisten, Jesse, blir mobba på skulen og delvis oversett i heimen. Når nabohuset får nye bebuarar tek det kort tid før jentungen deira og Jesse blir venner og diktar opp eit kongerike på andre sida av bekken.

Få filmar er perfekte, «Bridge to Terabithia» har nokre små laster den med. Eg er mindre glad i religiøse undertonar (men kan gjere gå god for filmar som faktisk handlar om religion). Denne har undertonar eg kunne klart meg forutan, heldigvis er dei få. Så var det spesialeffektane, som i blant er eit godt supplement til filmen og bidreg til moglegheita å sjå verda gjennom augo til ungane, andre gonger er det unødvendig og kunne ha vore unngått.

Som konklusjon kan eg sei meg positivt overraska, eg visste at dette ikkje var ein film fullpakka med spesialeffektar, slik som kinotraileren gav inntrykk av, og forventa soleis ein heilt ok barnefilm, det eg fekk var ein god barnefilm som ikkje ligg langt unna fjorårsfavoritten «Zathura». Lat deg då ikkje lure av DVD-omslaget, filmen tek plass i den ekte verda (som framstilt på film).

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10