Beste film: 2010

2010 går mot slutten. Året har gitt oss mange gode filmar, og i dette innlegget vil eg liste opp dei mest minneverdige og beste, og eit par ord om kvifor dei er med. Det er på sin plass å informere om at eg ikkje har rukke å sett alt! Av filmar eg trur kan ha ein sjanse til å hamne på lista, vil eg nemne The Social Network, Somewhere og Black Swan.

Elles er det nok av filmar som hadde komme med, hadde eg tøyd grensene litt ekstra, men sånn er det berre. Så i noko tilfeldig rekkefølgje. PS: Lista inneheld nokre 2009-titlar som ikkje har vore mogleg å sjå før 2010 (stort sett av premieregrunnar). Dei 13 utvalde er:

Kongen av Bastøy
Historisk, påkosta film med eit alvorleg tema, og fri for tull og humor. Ein gripande historie og godt skodespel.

The Kids Are All Right
Julianna Moore i fri utfolding, men òg sterke prestasjonar over heile linja. Ein god komedie bygd på ein seriøs historie om det å møte sin biologiske far.

Remember Me
I motsetnad til forrige på lista handlar denne meir om å styre unna sin biologiske far. Eit moderne ungdomsopprør som klarar å gripe.

Inception
Om enn mindre komplisert enn forventa og noko forutsigbar, så klarar den halde høgt spenningsnivå og gi oss eit hav av gode effektar som heng i lag med historien.

World’s Greatest Dad
Bisarr og trist komedie med Robin Williams, som på nytt viser at han er veldig god i blandinga av det mørke og komiske. Byggjer seg opp til ein herleg slutt.

Kick-Ass
Sprø og vaken superheltefilm med glorifisert vald og mykje mørk komedie. Ein film av typen som får ein til å riste av fryd og brøle av latter i gode selskap.

Harry Brown
Michael Caine spelar hovudrolla i denne realistiske hemnthrilleren, og leverer si beste rolle på fleire år. Når mannen igjen får ein revolver i handa viser han at det ikkje berre er Clint Eastwood som kan vakne til liv igjen på sine eldre dagar.

The Book of Eli
Ein god og gjerne påkosta post-apokalyptisk film er ikkje å fornekte. Denzel Washington ber filmen støtt og det er mykje god action.

Desert Flower
Festivalfilm under Kosmorama og eigentleg ein 2009-film, men Desert Flower fortenar ein plass med si sterke skildring av rømling og seinare supermodell Waris Dirie si historie.

Mary and Max
Gråbrun og gladtrist animasjonsfilm med eit herleg detaljnivå og ei fin forteljing om vennskap og aldring.

The Road
Den andre post-apokalyptiske filmen på lista, og utan tvil den beste. Dette er omtrent så dystert som det kan bli, og The Road held òg tilbake på mesteparten av forhistoria. Sterk og gripande.

Fantastic Mr. Fox
Den beste animasjonsfilmen eg har sett gjennom året. Her får me ei blanding av Wes Anderson på sitt beste og den gode forteljinga til Roald Dahl, som fungerer veldig godt i lag.

Up in the Air
Ikkje Jason Reitmann sin beste, det skulle litt til å leve opp til Juno. Men som med den, så var Up in the Air ein film som gjorde inntrykk og var ein veldig god film der og då, men som kanskje manglar noko for ettertanken.

… og til slutt nokre bonusfilmar:

The Troll Hunter
Ein gjennomsyra norsk film, med troll og naive nordmenn. Festleg og verdt å sjå.

Scott Pilgrim vs. the World
Artig og usmakeleg antihelt (Michael Cera) sloss seg gjennom eit par for mange kampar, likevel ein liten hit.

Greenberg
Det er Ben Stiller sin tur til å gå i kjellaren og hente fram den depressive karakteren. Men ein komedie likevel.

Katakombene 2010

For tredje år på rad kom eg meg ikkje til Skien, på det eg ser på som eit av høgdepunkta på filmbloggarfronten og ein av godene ved å starte filmblogg for 6 år sidan. Det er snakk om Katakombene, den femte i rekkja, ein knøttliten filmfestival som i år byrja laurdag 18. september kl. 12.00 og blei avslutta natt til søndag kl. 02.00.

Sidan ingen unnskyldningar er gode, som mangel på bil, stor avstand og ny jobb, så håpar eg på ny festival til neste år og forhåpentleg deltaking frå mi side. Som tidlegare har vist, så har eg komme meg til Skien over store avstandar utan bil i travle studiedagar utan problem.

For å kompensere litt kjem eg med ei lenkjeliste til dei som var tilstades på Katakombene 2010 og har delt opplevingane sine i ettertid. Og satsar på å leggje til eit par til etter kvart.

18 personlege favorittar

Å setje saman filmlister kan vere vrient, då ein ofte ikkje har sett alt som er å sjå innanfor det valde temaet. Ta ei toppliste for 2000-2010. Ingen normal person vil klare å sjå alt som er laga innafor tidsrommet og setje saman ei fornuftig liste. Ei liste vil alltid bli eit personleg utval eller kompromiss ut i frå eit samarbeid.

Unnataket er smalare tematiske lister, gjerne knytt til personar som har vore med i ei overkommeleg mengde produksjonar, eller ein smal sjanger. Med dette i tankane har eg sett saman ei liste over 18 personar innanfor filmbransjen. Det kan vanskeleg kallast ei liste over dei 18 beste, men er 18 favorittar eller personar eg per dags dato held eit ekstra auge til. Lista mi høyrer derimot ikkje til unnataket, då eg på langt nær har fullført filmografien til alle som er med.

Lista kunne ha vore ti gonger så lang, men eg legg meir vekt på variasjon enn å få med alt. Dette for å få fram at me slettes ikkje er eller treng vere eindimensjonale når det kjem til føretrukne filmar.

Woody Allen (1935-)

Woody har gjennom 40 år laga like mange filmar, og er framleis aktiv. Han har vore innom fleire sjangrar, og laga alt frå den ypparste komedie til skikkeleg drama og tøff thriller, stadig vekk med store namn innanfor bransjen, såvel i utlandet som i heimbyen New York.

Zooey Deschanel (1980-)

Zooey kan synge, og gjer det gjerne på film, i «Yes Man» hadde ho si eige, vesle synthpopgruppe, som var eit filmatisk samarbeid med Von Iva. Elles er denne unge kvinna søt, og spelar gjerne i rollar som litt usikker, sjenert. Men kan òg vere på kanten til psykopatisk, som i «Weeds».

Alec Baldwin (1958-)

Alec har dei seinare åra funne seg til rette i rollar som ofte blir skildra som typisk Alec Baldwin. Korleis han er personleg har eg ikkje oversikt over, men det er festleg å sjå han spele den litt sleipe fyren i dress, og ekstra artig når denne personen har ei mjukare side på litt humoristisk vis. Karakteren Jack Donaghy i «30 Rock» er eit godt eksempel.

James Stewart (1908-1997)

James var ei stor stjerne i gullalderen til Hollywood, og er ikkje mindre stjerne i dag. Med ei stemme som både kan fremme autoritet, begeistring og ei forvirrande sjel, utan eigentleg å forandre seg. James Stewart har spela i mange gode filmar av fleire udødelege filmskaparar, og har for min del endå tilgode å skuffe.

Steve Buscemi (1957-)

Med fartstid innanfor både blockbuster og smalare film er Steve sitt ansikt kjent i filmverda. Mine favorittar og grunnen til at eg følgjer Steve er titlar som «Trees Lounge» og «Delirious», og det er alltid kjekt når han dukkar opp i hovudrollar som i desse, eller finn på å lage ein film sjølv.

Amy Adams (1974-)

Både ei pen kvinne og god skodespelar med glimt i auge, som kan ta på seg sprø prinsesserollar og seriøse rollar i drama. Amy har gradvis bygd seg opp eit renommé og har med filmar dei siste åra vist at ho mest sannsynleg er kome for å bli. Held ho fram med å dukke opp i like mange gode filmar i åra framover, og kuttar ut det verste som «Night at the Museum: Battle of the Smithsonian», så er det meir enn grunn nok til å følgje dama vidare.

Jack Nicholson (1937-)

Jack har gjennom 40-50 år levert legendariske prestasjonar. Bl.a. som psykopat er han gull, og trass i alderen har han ikkje blitt mindre aktuell dei siste åra. Av eit mangfald filmar han har vore med i har eg sett altfor få av dei, men prøver stadig meg på fleire. Av desse forventar eg ypparleg skodespel frå Jack si side, og han skuffar sjeldan.

Michael Cera (1988-)

Som regel heldig med å hamne i gode ungdomskomediar. Han hadde òg eit veldig godt utgangspunkt etter å ha slått gjennom i «Arrested Development». Webserien «Clark and Michael» og rolla han spelar som seg sjølv i «Paper Heart» har gjort det lett å like imaget han skapa rundt Michael Cera.

David Cronenberg (1943-)

Har tidlegare laga fleire visuelt gripande og groteske filmar, men ikkje mista fokuset på historia. Før han dei seinare åra smått har endra retning og filmane meir har blitt ei skildring av indre konfliktar på andre måtar enn ei gjennom ytre manifestering.

David Lynch (1946-)

David er ein kunstnar som har trådd inn i filmbransjen og klart seg, han beherskar både streite filmar og meir eksperimentelle saker. Eg både hatar og elskar filmar av han, då han etter min smak har laga noko av det verste og beste som er. Det ligg difor alltid ei spenning knytt opp til det han lagar. Men mest av alt likar eg det han har gjort.

Sofia Coppola (1971-)

Fram til 2010 har Sofia laga tre filmar. Tre forskjellige, gode filmar, som eg godt kan tenke meg å sjå igjen i framtida. Så har ho brukt akkurat så lang tid mellom kvar film at eg har byrja å forvente ein like gjennomført film neste gong, med like gode karakterar, historie og stemning.

Wes Anderson (1969-)

Wes har auge for detaljar, og leverer ofte ei morosam historie som godt kan vere litt trist og alvorleg på same tid. Han har ein stil som er lett å kjenne igjen, brukar skodespelarar eg likar og som spelar litt sære karakterar som ofte fører dialog på den same, brå og tydelege måten som historiane blir fortalt på.

Judd Apatow (1967-)

Stilen og komedien som Apatow dei siste åra har fronta er midt i blinken for mitt vedkommande, med ein smule seriøst undertone blir det lettare å godta antiheltane som ofte er senter for filmane hans, og som ikkje alltid oppfører seg like sympatisk.

Nora Ephron (1941-)

Nora er ein filmskapar eg ikkje har fått utforska heilt endå, og ei som tydeleg har laga filmar av varierande kvalitet. Det beste ho har gjort har likevel fått meg til å halde eit auge med ho, og det viste seg å ikkje slå feil når ho gjekk i lag med Amy Adams og Meryl Streep i «Julie & Julia» i 2009.

Sienna Miller (1981-)

Sienna er først og fremst pen, og heller ikkje blotta for talent. Ho gjorde reint bord som motparten til Buscemi i «Interview» og var ikkje så aller verst som Sedgwick i «Factory Girl» heller. Ho har nok å bevise seg sjølv i framtida, men inntil vidare er dette ei karriere som eg godt kan følgje.

Jason Statham (1972-)

Som regel veit eg kva slags film eg får når den har Jason i hovudrolla, det er action, tøff action. Og Jason passar veldig godt i sentrum av tøff action, mykje takka vere eit steinhardt uttrykk i ansiktet som er så seriøst at det berre må bli godtatt som hardt.

Audrey Hepburn (1929-1993)

Audrey er ei av dei kvinnene frå eldre film eg har mest sansen for. Ho er den pene, smarte, uavhengige kvinna i mange av dei beste filmane sine, og passar veldig godt i desse rollane. Ho kan overraske med ein vanvittig dans i «Funny Face» og vere ung romantikar i «Roman Holiday». Så har ho fått æra av å spele mot både Humphrey Bogart og Cary Grant, som gjer filmane hennar endå meir verdt å sjå.

Charlie Kaufman (1958-)

Charlie har skrive manus til seks filmar, og har endå tilgode å levere noko som blir til ein dårleg film. Tre av filmane er favorittar hjå meg, og dei tre andre må eg få sett igjen. Det er ikkje mindre enn med høge forventingar eg ventar på neste prosjekt.

Beste film: 2009

  1. Funny People
  2. The Boat That Rocked
  3. Whatever Works
  4. The Girlfriend Experience
  5. District 9
  6. (500) Days of Summer
  7. Moon
  8. Män som hatar kvinnor
  9. Adventureland
  10. Paper Heart
  11. The Hangover
  12. Watchmen
  13. Arlen Faber
  14. Zombieland
  15. Drag Me to Hell
  16. Up
  17. I Love You, Man
  18. Away We Go
  19. Star Trek
  20. 17 Again

Etter eit år utan årsliste har eg rørt saman ei liste over favorittane frå 2009. Ein del er nok cirkaplasseringar, men god nok til å få med dei eg tykkjer mest om.

Kor er Avatar? Den er usett. Kva med 2012? Den er død for meg.

Litt om topplasseringen, Funny People, ein av fleire på årslista eg ikkje har skrive om. Dette er utan tvil Judd Apatow sin beste film hittil; vaksen, full av god humor, lett tilgjengeleg, godt drama som står i god kontrast til komedien, lista er lang. Sjå den, det er oppfordringa!

Resten av lista er i stor grad prega av blandinga drama og komedie, pluss ein og anna blockbuster. Om ikkje den heilt store variasjonen, så fullt ut mi liste. Eg har knapt sett ein brøkdel av filmane som kom i år, og har fått mang ein favoritt frå tidlegare år i løpet av 2009.

Julekalender på Filmdagbok

julekalender.jpg

Snart advent, snart desember og snart julekalender. 1. desember betyr 1. luke i den 1. julekalenderen på Filmdagbok. Det blir mange nye innlegg om filmar der handlinga har med jul å gjere, der filmen har blitt laga som ein julespesial eller føregår rundt juletider. Det blir òg oppgulp frå arkivet som eg har finpussa på og framleis står for.

Litt oppdatert informasjon om julekalenderen (27. nov): Den har 24 luker. Det blir kortfilm, animasjon, komedie, europeisk film. Det blir dårleg film, god film, tradisjonar og nytt. Det blir litt jul, veldig jul, men berre jul. Det blir tilfeldig julefilm, lenge etterlengta julefilm og tidlegare sett julefilm. Det blir litt film frå mange sine favorittlister, men eit forsøk på å unngå for mange slike.

Alle innlegg vil bli merka med lukenummer og funnen på sida Julekalender 2009.

1. desember klokka 09:00 skjer det.

10 verste: Å elske det å hate

Eventuelt berre ti filmar som ikkje nødvendigvis treng vere dei verste eg har sett, men som eg føler for å uttale meg om ein gong i blant. Som akkurat no.

  1. «The ‘Star Wars’ Holiday Special» — verst i verda
  2. «SuperBabies: Baby Geniuses 2» — nest verst
  3. «Catwoman» — null substans
  4. «Biggles» — grusam, alt ved den
  5. «Who’s Afraid of Virginia Woolf?» — sÃ¥ vanvittig keisam
  6. «Fahrenheit 9/11» — feil gjort, Moore
  7. «Ice Age: The Meltdown» — sovna pÃ¥ kinoen
  8. «This Is Spinal Tap» — oppskrytt
  9. «Sin City» — sovna
  10. «The Da Vinci Code» — mykje tullball

Katakombene 2009

Fred Ut leia nok ein vellykka festivaldag ser det ut til. Tor Andre, Iversen, Fylleangst, Sonja og Hjorthen var også der. For oss som ikkje var der, dette innlegget blir løpande oppdatert med lenker til deltakande. Tankar om festivalen og om filmane som blei sett.

100 beste: Total Sci-Fi Online

Total Sci-Fi Online har laga ei liste over det dei meinar er dei hundre beste sci-fi-filmane. Eg har utheva dei filmane eg har sett, som er 73 av 100. Opne innlegget for å sjå heile lista.
Les resten av innlegget »

5 beste: Will Ferrell

Mine fem favorittrollar gjort av Will Ferrell.

  1. I «Stranger Than Fiction» som Harold Crick.
  2. I «Anchorman» som Ron Burgundy.
  3. I «Winter Passing» som Corbit.
  4. I «Step Brothers» som Brennan Huff.
  5. i «Melinda and Melinda» som Hobie.

10 beste: Musikalsk film

I eit forsøk på å komme fram til mine musikalske favorittar på film (og tv), som strengt tatt ikkje treng følge musikalens premiss til punkt og prikke, har eg komme fram til følgande titlar.

Eit par merknader først: «Dr. Horrible’s Sing-Along Blog» scora på å vere sjølvfinansiert av Joss Whedon. «Funny Face» har eit fantastisk danseinnslag med Audrey Hepburn. «Om Shanti Om» representerar India som eg har sett altfor lite frå.

  1. «Hedwig and the Angry Inch»
  2. «Cry-Baby»
  3. «Across the Universe»
  4. «Singin’ in the Rain»
  5. «Once»
  6. «Om Shanti Om»
  7. «Blackpool»
  8. «Funny Face»
  9. «Interstella 5555: The 5tory of the 5ecret 5tar 5ystem»
  10. «Dr. Horrible’s Sing-Along Blog»
2 / 61234...6