Arkivet til katergorien 'Biography'

Factory Girl (2006)

IMDb: 6.1/10 (7,322 votes)
Edie Sedgwick var ei av superstjernene til Andy Warhol, kanskje den mest ikoniske sett i ettertid. I «Factory Girl» med Guy Pearce som Warhol og Sienna Miller som Sedgwick følgjer me hennar historie frå college og gjennom tida med Warhol. Om Miller berre skulle ha klart å fange ein brøkdel av sjarmen [...]

Rudy (1993)

IMDb: 7.3/10 (13,989 votes)
Daniel E. «Rudy» Ruettiger var den tredje av 14 i ein søskenflokk. Heilt i frå barndommen av var draumen hans å spele for Notre Dame Fighting Irish, eit annarkjent amerikansk fotballag i collegeligaen. Heile vegen var det ingen som trudde han kunne klare det, etter kvart som han vaks opp til å [...]

Charlie Wilson’s War (2007)

IMDb: 7.5/10 (20,043 votes)
I «Charlie Wilson’s War» følger me kongressmannen Charles Wilson frå Texas frå den behagelege rollen som «ja-stemmar» i nasjonalpolitikken til engasjert kommunistforkjempar via indirekte krig ved å gi midlar til afghanske fredsforkjemparar som ligg i strid med Sovjetunioen.
Tom Hanks spelar Charlie i historien som er basert på ei bok som er basert [...]

Ji jie hao (2007)

IMDb: 7.6/10 (2,003 votes)
Vit at det er snakk om regissøren bak «The Banquet» som også står bak denne. Han har gripe tak i ei stykke kinesisk borgarkrigshistorie frå 1948 og gir oss ei sterk, grafisk krigsforteljing i filmens første del, som går over i eit rolegare krigsveterandrama i andre del. Faren her var at heftige [...]

Control (2007)

IMDb: 8.2/10 (3,155 votes)
Eg har aldri betrakta meg sjølv som eit Joy Division-fan, ikkje rart når eg aldri har høyrt særleg mykje av bandet, med andre ord har eg aldri mislikt Joy Division. Eit viktig poeng i forbindelse med filmopplevelsen min. Tidlegare i haust gav eg meg tid til å lytte gjennom albumslista og fann [...]

The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford (2007)

IMDb: 7.7/10 (46,023 votes)
«The Assassination of Jesse James by the Coward Robert Ford» er det stikk motsette av «Superbad», dønn seriøs og dyster i bøtter og spann. Eg er ingen spesialist på western, så når eg seier at dette ikkje virkar som ein ekte western kan det godt vere eg er på jordet. Den gjer [...]

Wyatt Earp (1994)

IMDb: 6.4/10 (13,692 votes)
«Wyatt Earp» er ein nyare westernfilm med Kevin Costner i hovudrolla som Wyatt Earp. Det er tidlegare laga fleire filmar om denne vidkjente lovmannen, som ein av John Ford i 1946 («My Darling Clementine») og «Tombstone» frå 1993 med Kurt Russell. «Wyatt Earp» tek for seg livshistoria til mannen, ikkje berre enkelte [...]

Erin Brockovich (2000)

IMDb: 7.2/10 (33,425 votes)
Søndagsfilmen på NRK1 denne veka var Steven Soderbergh sitt portrett av Erin Brockovich, åleinemora som gjorde det stort i å bygge opp millionsøksmålet mot Pacific Gas & Electric Co. i 1993 på grunnlag av grunnvatnsforgifting.
Julia Roberts, som i ettertid av suksessen har utvida samarbeid med Soderbergh, spelar Erin Brockovich, som etter eit [...]

The U.S. vs. John Lennon (2006)

IMDb: 7.4/10 (470 votes)
I denne dokumentaren følger me John Lennon og Yoko Ono i ein periode frå slutten av 1960-talet og utover då Richard Nixon var president i USA, det var drive krigføring i Vietnam og fredsrørsla hadde sitt oppspring. Etter ein famlande første halvdel der dokumentaren ikkje heilt vil slå seg til ro med [...]

The Pursuit of Happyness (2006)

IMDb: 7.4/10 (9,104 votes)
Will Smith jaktar på lykken som fattige, uheldige, men pågangsvillige Chris Gardner i dette dramaet frå i fjor. Med seg har han Jaden Smith i rolla som sonen sin, ei rolle som burde vere naturleg ettersom han er den ekte sonen til Will Smith.
Chris Gardner går rundt og sel maskiner som mel [...]

Naked Lunch (1991)

IMDb: 6.8/10 (13,421 votes)
«Naked Lunch» er ein film om narkotika, insekt og snakkande skrivemaskiner. Det høyres kanskje ikkje så dumt ut. Eg vil heller ikkje sei dette er ein dårleg film, men for min eigen del går den litt for langt. I den mystiske retningen vel og merke. Handlinga er som følger; insektsutryddar og ex-narkoman [...]

Spartacus (1960)

IMDb: 8.0/10 (23,794 votes)
Det skal ein sabla god film til for å begrunne 3 timar film. Diverre er ikkje «Spartacus» så sabla god, og filmen blir for lang. For mykje bruk av pausar og stillbilder utan særleg meining eller motiv er nok den største lasta, men like etter kjem rollefigurane med sine ‘Oh, I love [...]

Gandhi (1982)

IMDb: 8.1/10 (22,168 votes)
Før filmen: Etter å nyleg ha levert inn siste eksamen på formiddagen var det like som kunne øydelegge humøret, og eg bestemte meg for at det var eit perfekt tidspunkt å sjå «Gandhi» på. Ein så lang film kan ta motet frå mange, inkludert meg, og når saken har det seg at [...]

Marie Antoinette (2006)

IMDb: 6.6/10 (4,688 votes)
Sofia Coppolas tredje film er eit kostymedrama satt til Versailles, Frankrike. Basert på livet til Marie Antoinette, dronning av Frankrike ved Louis den 16. side. Den skil seg litt i stilen frå andre kostymedrama med at den brukar populærmusikk frå vår tidsalder og uhøgtidleg dialog. Dette blir det som gjer at eg [...]

Crumb (1994)

IMDb: 7.6/10 (4,356 votes)
Ein etterlengta dokumentar som absolutt ikkje skuffar. Terry Zwigoff har klart å lage ei ærleg framstilling av Robert Crumb, og får verkeleg fyren til å snakke om alt: fetishar, holdningar, tvangstankar, sex og sjølvsagt oppstandelsen av mange av dei mest kjente seriane og teikningane hans.
Det blir ikkje lagt skjul på noko her, [...]

The Notorious Bettie Page (2005)

IMDb: 7.2/10 (558 votes)
Ein heilt grei biografisk film om 50-talets populære pin-up modell Bettie Mae Page. Ei litt naiv, men også smart, ung kvinne som ikkje føler at det nokon har glede av skal vere ei synd. Filmen er passe moderat som biografisk film i forhold til filmar som bl.a. «Walk the Line», og klarar [...]

The World’s Fastest Indian (2005)

IMDb: 8.1/10 (4,278 votes)
Ja, her var det ingenting nytt å hente, med du verden for eit fint drama. Anthony Hopkins begynnar å bli gammal, men har framleis igjen nok energi til å stå gjennom ein 2 timars film om fart og spenning.
Burt er gammal, begynnar å bli skral, men har ikkje fått gjennomført draumen sin [...]

Raging Bull (1980)

IMDb: 8.4/10 (36,790 votes)
Hadde dette vore rein fiksjonsfilm så ville eg nok klaga litt over slutten. Det er ikkje kjekt å sjå på ein mann som sakte, men sikkert, bryt seg sjølv ned og øydelegg livet sitt. Men no er dette basert på den ekte boksestjerna Jake LaMotta, til kva grad veit eg ikkje, men [...]

Walk the Line (2005)

IMDb: 8.0/10 (27,520 votes)
Denne filmen var betre enn forventa. Eg hadde trudd at det var populariteten til Cashern som gjorde det meste her, men sjølv har eg aldri hatt nokon forhold til musikken hans — og likevel fann eg filmen meget god. Musikken var også sterk, men det er klart at det gir litt ekstra [...]

Lawrence of Arabia (1962)

IMDb: 8.6/10 (38,880 votes)
Denne 3 timar og 36 minuttar lange filmen har det som skal til for å vere ein klassisk storfilm. Den er påkosta, varer lenge og har stemningsfull musikk. Går forbi det å handle om eit stort slag. Det blir brukt mange store ord, og mektige menn. Galskap er uungåeleg, og blod blir [...]