I denne dokumentaren følger me John Lennon og Yoko Ono i ein periode frå slutten av 1960-talet og utover då Richard Nixon var president i USA, det var drive krigføring i Vietnam og fredsrørsla hadde sitt oppspring. Etter ein famlande første halvdel der dokumentaren ikkje heilt vil slå seg til ro med noko bestemt, snur vinden og gir giv til filmen. Sjølv om eg er veldig mykje for det meste av det som blir sagt her, og i enkelte deler får lyst til å engasjere meg meir, så må eg påpeike kor einsretta dokumentaren er. Den kunne like gjerne heitt «The Big Bad U.S. vs. the Peaceful John Lennon» (dårleg forslag, men du ser poenget). For alt eg veit kan det jo hende det var slik dom dokumentaren framstilte det at det faktisk var, men det er vanskeleg å vurdere eit subjektiv stykke arbeid. Dette har eg vel eigentleg påpeika tidlegare etter å ha sett dokumentarfilm, og eg forventa jo at det skulle vere slik her, så eg brukar ikkje det som eit argument når eg trekk ned på vurderinga. Det har å gjere med at det her er for mykje repetisjon i forhold til særleg nytt, og kunne godt ha blitt korta ned til eit 50-minuttar tv-program (frå sine 96 minuttar).
Will Smith jaktar på lykken som fattige, uheldige, men pågangsvillige Chris Gardner i dette dramaet frå i fjor. Med seg har han Jaden Smith i rolla som sonen sin, ei rolle som burde vere naturleg ettersom han er den ekte sonen til Will Smith.
Chris Gardner går rundt og sel maskiner som mel beintettheita på folk, eit dårleg yrke som knapt får hjula til å gå rundt. Det går faktisk så dårleg at kona hans gir han opp, men han klarar å overtale ho til at han er betre skikka til å behalde sonen. Så ein dag dukkar sjansa opp til å søke seg inn i ein kandidatposisjon hjå eit større askjemeklarfirma.
Filmen handlar som tittelen hintar til om jakta på lykka, og svært lite om lykka sjølv. Med sine 2 timar er det nok av tid til å få publikum til å bli smådeppa. For kvart steg Gardner tek så virka det som om han fer to tilbake, og slik går heile filmen. Det er ei småslitsom affære å sjå kor mykje han må tåle, og korleis han alltid er på kanten til å mislykkast totalt. Men det får jo ein også til å tenke, på at det faktisk er folk som lever på så lite frå dag til dag.
Sjølv om den er litt for lang, og småslitsom, så er det eigentleg ein god film. Far og son Smith & Smith gir oss gode rolleprestasjonar som gjer inntrykk, historia sit djupt og er sterk.
«Naked Lunch» er ein film om narkotika, insekt og snakkande skrivemaskiner. Det høyres kanskje ikkje sÃ¥ dumt ut. Eg vil heller ikkje sei dette er ein dÃ¥rleg film, men for min eigen del gÃ¥r den litt for langt. I den mystiske retningen vel og merke. Handlinga er som følger; insektsutryddar og ex-narkoman Bill Lee (Peter Weller) fell for freistinga av Ã¥ prøve giftmiddelet han sprøytar med, og hamnar tilbake pÃ¥ køyret. Cirka her mista eg grepet om kva som var ekte, og kva som var forÃ¥rsaka av narkotikaet. Men Lee hamnar tydelegvis inn i ei biseksuell historie av ei fantasiverd og ein organisasjon som produserar narkotika av insekt. All usikkerheiten om kva filmen gjekk mot gjorde at eg ikkje fekk nok grep pÃ¥ denne til Ã¥ leve meg inn i historien. Men det tekniske vitnar om ein gjennomført film, og det jazza lydsporet satte meg i god stemning — forresten Howard Shore som stÃ¥r bak det her og, som i dei aller fleste filmane til Cronenberg. Tross kvaliteten, denne forsvinn bak ryggen pÃ¥ dei to førre filmane.
Det skal ein sabla god film til for Ã¥ begrunne 3 timar film. Diverre er ikkje «Spartacus» sÃ¥ sabla god, og filmen blir for lang. For mykje bruk av pausar og stillbilder utan særleg meining eller motiv er nok den største lasta, men like etter kjem rollefigurane med sine ‘Oh, I love you of all my heart!’ og ‘Oh, I love you even more!’. Kirk Douglas er ikkje anna enn ein stor smørklump, og blir for mykje av det gode som Spartacus.
Eg kjem ikkje utanom at eg nettopp har starta å følge med på «Rome» igjen heller, og at «Spartacus» blir som ein motpol til serien, og som eit eksempel på den typiske Hollywoods, delvis konservative, store studioproduksjonen.
Litt skryt må til på slutten for å vege opp om den middels karakteren eg har tenkt å gi den. Det høyrer med til filmen at Stanley Kubrick hadde eit budsjett på 12 millionar dollars. Som samanlikning kosta det 44 millionar å lage «Cleopatra» tre år etter. Han har fått ein lang film ut av desse pengane, og sjølve historia om Spartacus er jo ei god ei.
Før filmen: Etter å nyleg ha levert inn siste eksamen på formiddagen var det like som kunne øydelegge humøret, og eg bestemte meg for at det var eit perfekt tidspunkt å sjå «Gandhi» på. Ein så lang film kan ta motet frå mange, inkludert meg, og når saken har det seg at eg mislikar Ben Kingsley av ein eller anna grunn som eg ikkje heilt veit, så bør ein ha eit godt utgangspunkt. Kvifor eg i heile tatt ser filmen spør du? Vel, den skal visstnok vere god.
Første halvdel: Følelsen av at ikkje alle heilt passar inn i filmen snik seg rundt beina mine, og eg må slenge på eit par ekstra tjukke sokkar før den begynnar å gå seg varm. Historisk sett er det vel lite å utsette på Gandhi, men dialogføringa blir hakkete og høgtidleg, tross forsøket på å framstille Gandhi som ein jordnær person. Berre ei scene kjem verkeleg innpå meg, og den er ikkje Gandhi med i sjølv. Noko er det som gjer at eg ikkje blir lei, og det er for å finne ut meir av kva denne viktige historiske personen gjorde med livet sitt.
Intermission: Ein pause høyrer med til ein så lang film, og når intermission dukka opp på skjermen etter 1.5t var det noko inni meg som sa at det var på tide å stikke på butikken og kjøpe ein sixpack boksøl og pizza. Den lange edruskapelege eksamensperiodens slutt fortenar jo absolutt å bli feira. Wooo!
Andre halvdel: Fasting, fleire visdomsord og filmen følger i same spor som første halvdel. Sidan historien allereie er skrive, så byr ikkje filmen på dei største overraskelsane, men sig sakte i det langsomme tempoet sitt. Det eg saknar mest er ting som kan utløyse litt følelsar. Det er altså mangel på sentimentalitet som trekk filmen litt ned. No skal eg sei at eg også er glad for at filmen ikkje byr på for mykje sentimentalitet som ofte kan skje i andre biopics. Så mindre er forsåvidt akseptabelt.
Etter filmen: Så var tiden inne for å følge opp med intermissions vareinnkjøp.
Sofia Coppolas tredje film er eit kostymedrama satt til Versailles, Frankrike. Basert på livet til Marie Antoinette, dronning av Frankrike ved Louis den 16. side. Den skil seg litt i stilen frå andre kostymedrama med at den brukar populærmusikk frå vår tidsalder og uhøgtidleg dialog. Dette blir det som gjer at eg klarar å sjå filmen, for denne sjangeren har eg vanlegvis store problem med å følge, til og med ein film som «Casanova» blir for slitsom for meg.
Marie: «This is ridiculous.»
Comtesse de Noailles: «This, madam, is Versailles.»
Marie Antoinette har mykje ved seg som går an å like. Det einaste negative eg kjem på er tempoet og lengden på filmen, som blir litt for labert. Derimot er det nydeleg estetikk, i form av landskap og ikkje minst av eksteriør og interiør av Versailles. Kirsten Dunst er lett og ledig i rollen som Marie Antoinette sjølv, og er lett å godta her. Det kjem derimot meir fram at det er Coppola som gjer filmen enn det gjorde ved «Lost in Translation», som Bill Murray skal ha mykje av æren for.
Det har nok kanskje med at filmen ikkje heilt har sunke inn her endå, for eg har ikkje spesielt mykje meir å skrive. Den umiddelbare kjensla etter er at dette er ein god film på så mange område, men som krever tålmodigheit.
Ein etterlengta dokumentar som absolutt ikkje skuffar. Terry Zwigoff har klart å lage ei ærleg framstilling av Robert Crumb, og får verkeleg fyren til å snakke om alt: fetishar, holdningar, tvangstankar, sex og sjølvsagt oppstandelsen av mange av dei mest kjente seriane og teikningane hans.
Det blir ikkje lagt skjul på noko her, og intervjua med andre familiemedlemmar er veldig nærgåande. Det eg likar her er at Zwigoff ikkje er med foran kamera, at det er R. Crumb som er hovudpersonen, og at Zwigoff ikkje forsøker å vere ei dokumentarfilmstjerne som skal få fram hans eigne opplevelsar i møte med Crumb.
Dokumentaren er lang, 2 timar faktisk. Det vil sei at det er tid til å få vist massevis av tidlegare og aktuelle arbeid (i 1994) av mannen med pennen. Lengre dokumentarar kan ofte bli litt trasige å følge, men eg tykkje denne klarar å halde interessa oppe heilt til slutten.
When I — what was it — about five or six? — I was sexually attracted to Bugs Bunny. And I — I cut out this Bugs Bunny off the cover of a comic book and carried it around with me. Carried it around in my pocket and took it out and looked at it periodically.
Ein heilt grei biografisk film om 50-talets populære pin-up modell Bettie Mae Page. Ei litt naiv, men også smart, ung kvinne som ikkje føler at det nokon har glede av skal vere ei synd. Filmen er passe moderat som biografisk film i forhold til filmar som bl.a. «Walk the Line», og klarar aldri å involvere meg på noko kjenslemessig plan. Den når aldri dei høge toppane, men synk heller ikkje til eit lågt nivå. Eg vil sei det er ein heilt grei film, men som det ikkje er nøye at vil forsvinne i havet av så mange andre greie filmar.
Ja, her var det ingenting nytt å hente, med du verden for eit fint drama. Anthony Hopkins begynnar å bli gammal, men har framleis igjen nok energi til å stå gjennom ein 2 timars film om fart og spenning.
Burt er gammal, begynnar å bli skral, men har ikkje fått gjennomført draumen sin om sette fartsrekord med den modifiserte Indian motorsykkelen sin. Med andre ord er det på tide. For å gjere dette må han ha god plass til det, og difor prøver han å komme seg til USA, frå New Zealand.
Det er ingen overraskelsar i filmen, men det er kanskje ikkje det ein er ute etter når ein ser film av denne typen. Det er heldigvis ikkje så oppblåst som eit Disney-drama (OK, det finst gode Disney-drama og), men ein grei balanse mellom realitet og goodfeeling drama.
Hadde dette vore rein fiksjonsfilm så ville eg nok klaga litt over slutten. Det er ikkje kjekt å sjå på ein mann som sakte, men sikkert, bryt seg sjølv ned og øydelegg livet sitt. Men no er dette basert på den ekte boksestjerna Jake LaMotta, til kva grad veit eg ikkje, men det gjer at eg aksepterar utviklinga.
Robert DeNiro er i samarbeid med Martin Scorsese ein fryd å sjå, og eg har eit lite mål om å få sett alle filmane dei to har spelt inn i lag. Kanskje ikkje overraskande er Joe Pesci med, ein liten gnom, om eg må få kalle han det, som eg aldri har tykkt særleg om. Kvifor? Fordi eg har blitt introdusert for han via rollar der han har spelt ein galen, irriterande og gjerne farleg jækel. Kanskje ikkje det beste måten å vurdere folk på, men det har ingen ting å sei no, i denne filmen er han der oppe blant store gutta.
Marty har gjort filmen i svart-kvitt, med unntak av ein liten del av filmen der det blir vist ein farga bildesekvens som kom erstating for nokre Ã¥r som blir hoppa over. Det svart-kvite bilde gjer blodet i boksescenene tilnærma svart og alt virka sÃ¥ mykje mørkare enn det er. Eg er i grunn glad det er i svart-kvitt, for etter den fargerike sekvensen med lykkelege Ã¥r for familien LaMotta, blir det sÃ¥ mykje meir alvor nÃ¥r filmen igjen hoppar over til vanleg ‘farge’.
Av det eg kan hugse av andre Scorsesefilmar eg har sett, er denne rimeleg lik på utvikling av historien, det er ingen glansbilde, men ein liten tur opp før det ber i veg i nedoverbakke. Eit skikkeleg pangstart på nytt semester, som viser at eg er klart til kamp, men at eg etter kvart sikkert blir litt smålei av å lese. Raging Bull er ein god film å starte opp igjen med.
