ness
30-sept-2005

The Pianist (2002)

The PianistIMDb: 8.5/10 (35,234 votes)

Vanlegvis likar eg ikkje krigsfilmar, med skyting på slagmarka, bombefly og krigsskip, men krigsdrama kan eg klare. Sånn som denne filmen om ein jøde og vanskelegheitane hans i å overleve i 2. verdskrig. Og når regissøren er Roman Polanski, så har eg ikkje anna å sei enn fin film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
05-sept-2005

Bonnie and Clyde (1967)

Bonnie and ClydeIMDb: 7.9/10 (13,656 votes)

Ein nesten typisk gammal Hollywood-film, ein god ein. Lyden i forelesingssalen eg såg den i var fæl, det same med stolane, så litt av opplevinga gjekk bort i irritasjon over dette. Viss det ikkje var lyden på filmen som var på trynet då. Uansett, god film, ikkje noko spesielt som den er skrytt opp til, men ok action og kjærleik.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
02-sept-2005

Man on the Moon (1999)

Man on the MoonIMDb: 7.3/10 (21,318 votes)

Etter det eg har høyrt så er ikkje denne filmen 100% biografisk, men likevel nær. Og for det så er det ein god biografi med mykje sprø humor. Nokon av vitsane er over kanten, slik var Andy Kaufmann.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-jul-2005

The Doors (1991)

The DoorsIMDb: 6.7/10 (10,851 votes)

Ein god film om Jim Morrison og The Doors, eit av favorittbanda mine, så det skulle berre mangle at eg ikkje skulle sjå denne filmen. Val Kilmer spelar sjefen sjølv, og det på ein god måte. Historien er godt miksa opp, og sidan Morrison var ein veldig fargerik karakter så er grunnlaget for ein dramatisk film god.

Musikken er sjølvsagt topp kvalitet, og om deler av filmen ikkje er ekte vare, så er det iallfall godt reprodusert. Eit must for fans av The Doors.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-mar-2005

Ray (2004)

Ray Charles filmIMDb: 7.8/10 (9,082 votes)

Vakker film. Eg hadde problem med lyden, noko som øydelagte for kor mykje av vokalen og snakkinga eg fekk med meg, men det gjekk greitt med underteksting.

Ein interessant livshistorie, god musikk, ja, det er autobiografien til ein musikar på stoff. Slike filmar gir ofte grei underholdning. Likevel om eg har liten kjennskap til Ray Charles, så funka det. Foten min blei teken på fersken i å trampe i takt med musikken, og tekstane er fine.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
21-feb-2005

Alexander (2004)

AlexanderIMDb: 5.5/10 (9,235 votes)

Dette må vere ein vits! 5.5 av 10 på IMDb er altfor mykje! Her er nokre av tinga eg mislika mest med filmen: Musikken, altfor storslagen i forhold til filmens innhald. Eg blei trøytt av det. Klypping går heile tiden, snapp snapp snapp, 1 sekund her og 1 sekund er, ein får aldri med seg noko i dei mest interessante scenene. Her luktar det MTV.

Historien er grei, eg har høyrt/lest den før, så ingenting var overraskande. Når det gjeld alt oppstyret rundt Alexander som homofil, så kan eg faktisk skjønne det, for det passar ikkje inn heilt. Det virka som dei berre har tatt det med for å lage oppstyr.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
15-jan-2005

The Aviator (2004)

The AviatorIMDb: 7.9/10 (4,362 votes)

Martin Scorsese film. Må seiast å vere ein spesiell film. I den meining at hovedrollekarakteren er ganske spesiell. Elles legg eg merke til den vanvittige fargebruken i filmen, som er ganske stilig. Ein liten sammenligning med Taxi Driver kan vise at me har med ein hovedperson som blir meir og meir spesiell utover i filmen, ganske gradvis, utan at ein heilt forstår kvifor.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
01-jan-2005

Kinsey (2004)

KinseyIMDb: 7.6/10 (1,107 votes)

Den første filmen i det nye året er viktig, på den måten at det er den første filmen i eit nytt år. Heldig som eg var valte eg ein god film til dette formålet. Kinsey er ein open og veldig direkte film, som tek for seg sexstudiane til Alfre Kinsey rundt 1940-talet.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
07-nov-2004

Braveheart (1995)

BraveheartIMDb: 8.3/10 (83,228 votes)

Ein lang og brutal film med nok av krigsscener. Hadde ingen problem med å følge med, men likevel var det ikkje heilt min smak. No skal eg heller ikkje sei noko særleg negativt om denne filmen som blir verdsatt så høgt av mange, for eg gjorde meg ingen store tankar når eg såg filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
17-jun-2004

American Splendor (2003)

American SplendorIMDb: 7.9/10 (5,114 votes)

Original miks av realitet og film. Tragikomisk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10