Archive for the ‘Comedy’ Category

Baghead (2008)

mandag, august 30th, 2010

IMDb: 5.9/10 (1,679 votes)

Duplass-brørne er snart aktuell med komedien Cyrus, med Jonah Hill, John C. Reilly og Marisa Tomei. Og sjølv om dei insisterer på å ikkje selje seg til storfilmane (Total Film), er skilnaden stor til B-lista i Baghead. (Les vidare under bildet).

Så mens eg ventar på Cyrus, gjekk eg inn for å sjå meg opp på dei tidlegare filmane til Jay og Mark Duplass. Baghead som er den andre av dei to langfilmane dei har laga før 2010, handlar om ein vennegjeng som skal på hyttetur for å skrive filmmanus i lag. Filmen går mellom å vere komedie, skrekk, drama og romantikk ofte nok til at ein aldri heilt slår seg til ro med det eine eller det andre. Dette kan forvirre nokon, men for dei som vel å setje pris på det, er filmen udefinerbar og open nok heile vegen til at ein kan bli overraska av tilsynelatande enkle vriar.

Handhelde kamera og minimalt med stemningsbyggande musikk gir assosiasjonar til lågkostnads amatørfilm. No verken kosta eller tente Baghead inn store summar (ved si avgrensa kinolansering), men filmen får like fullt fram ei interessant og underhaldane handling. Skodespelet er ikkje i verdsklasse, men det manglar verken på kjemi eller kjensler, og det går godt i lag med filmen som heilskap.

Eg visste ikkje kva eg skulle forvente av Baghead, men får meir enn eg hadde rekna med. Det er ikkje ein film i verdsklasse, men likevel ein solid sak med amatørpreg og god sjangerblanding.

7/10

Grown Ups (2010)

torsdag, august 26th, 2010

IMDb: 5.7/10 (9,955 votes)

Før eg legg ut om misnøya mi eg opparbeidde for Grown Ups etter kvart som den utfolda seg, viser eg til kinoplakaten. Ein film der definisjonen på gøy er fem vaksne menn i ei vannsklie, set ikkje høge mål for seg sjølv. (Les vidare under bilde).

No var det aldri kinoplakaten, men filmtraileren som gjorde meg merksam på Grown Ups. Eg burde uansett visst betre, då filmtraileren er eit medium eg ikkje har sett mi lit til på mange år. Likevel blei eg forført, og voldteken. Men kinoplakaten er ei passande skildring av innhaldet. Forsøka på humor bommar gong etter gong, og sender Grown Ups avgarde til den allereie overfylte søppeldynga med lavmåls komediar.

At dette skal er ein familiekomedie beskyttar på ingen måtar dei vala som har blitt tekne. For med ei rekkje av bevandra Hollywood-stjerner i hovudrollane er dette ein film som er like mykje meint å appellere til foreldre som til barn.

Det er i grunn liten vits i å dvele meir ved filmen, det har eit par morosame scener, men er elles godt under middels.

4/10

H.O.T.S. (1979)

onsdag, august 25th, 2010

IMDb: 3.2/10 (929 votes)

Året etter Animal House fulgte H.O.T.S. i dei ideologiske fotspora til det som i ettertida blir rekna som blant dei ekte fedrene til collegekomedien. Unge, virile menn var blitt skifta ut med frisinna kvinnelege ungdommar, men konkurransennstinktet og skitne triks var framleis tilstades. (Les vidare under bilde).

Kunsten for å skape den gode collegekomedien er å få fram noko meiningsfullt blant innslag av beer pong og wet t-shirt contests. For eksempel kan det å få fram kor vanskeleg det er å vere ungdom, vere vrient nok, då mange problem vil framstå som enkle hinder for det eldre publikummet. Komediar som utelukkande klarar å levere humor på grunnlag av billeg, fysisk humor, og er fråverande mykje av det karakterbyggande, føles gjerne tomme og går lett i gløymeboka.

At H.O.T.S. er ein lite omtala film i ettertida har å gjere med mangelen på tilknyting til karakterane. Det er lettare å kjenne igjen jentene her på kroppsformene enn kva rolle dei spelar. Hovudtråden i filmen er av det slaget som me kjenner til frå så mange collegekomedier, ei hemntok mellom eit tradisjonsrikt, men overlegent “hus” og eit slaskete eit. Det er ikkje her filmen taper terreng, men rett og slett at det verken er hjerte i filmen, eller kompetente skodespelarar for den saks skuld.

Forventingane var ikkje tilstades, så H.O.T.S. skuffar ikkje, men filmen er langt frå god, og heller ikkje anbefalt. Av rølpete collegekomedie er tilogmed dei fabrikkproduserte videofilmane til National Lampoon hakket betre.

3/10

Date Night (2010)

fredag, juli 16th, 2010

IMDb: 6.7/10 (14,170 votes)

Eg var først meint å introdusere Steve Carell, påpeike at han utover nokre få gode filmar, har vore med i mykje dårleg. Dette skulle gå over til å gjelde Date Night, og til samanliknast med innsatsen Carell og Tina Fey gjer i filmen. Men etter å ha gått gjennom filmografien til Carell, innsåg eg at han har spela i nok gode og middels gode til at det var urettferdig å vinkle karrieren hans som beståande av halvparten gode og halvparten eller fleire dårlege filmar. (Les vidare under bildet).

Poenget mitt med dette var som følgjer, å påpeike at Date Night ikkje gjorde spesielt godt inntrykk. Med unnatak av eit par småhysteriske scener og flotte realiseringar om giftarmålet Carell og Fey portretterer i filmen, var dette ein film der vegen til pauseknappen var kort. Difor gjer det meg heller ingenting, når eg no skriv om filmen, å oppsummere deler av handlinga i detalj for å få fram dette.

For å tilføre nye inntrykk i eit ekteskap som er grodd fast i ein slitsam kvardag, tek Carell med Fey på restaurant i Manhattan. Der utgjer dei seg for å vere eit anna par for å ta ein reservasjon på ein travel restaurant. Ved bordet, sjølv om det betyr ulykke, skålar dei med tomme vinglas. Dette får følgjer. Dei blir jaga gjennom byen av kriminelle og rotar seg borti mafia og bestukne politimenn.

For å få plass til alt som skal skje undervegs, er det halde tilbake på intellektuelle dialogar, noko som helst slags form for dveling ved seriøse poeng og eventuelt andre ting som kunne ha tilført djupn til komedien. Eg forventa ikkje dette i utgangspunktet, men det betyr ikkje at filmen er god utan.

4/10

Cop Out (2010)

tirsdag, juli 13th, 2010

IMDb: 5.8/10 (9,612 votes)

Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse poltimannen, spela av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spela av Tracy Morgan. Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Morgan er ein ekspert på å irritere. (Les vidare under bildet).

Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan såg eg fram til Cop Out før kritikken byrja å hagle inn. På sitt beste leverer Willis og Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollane, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.

I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan sei å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å sei, men både Jersey Girl og denne filmen, som er nesten nede på same nivå, som to av fire filmar frå Smith siste 6 åra, så må han verkeleg bevise seg i framtida. Dette er litt for midt på treet.

5/10

Hausu (1977)

lørdag, juli 10th, 2010

7.6/10 (934 votes)

Hausu eller House er ein spesiell sak som påstår å vere ein skrekkfilm. Dette tek det ei stund før den viser at den er, men heller ikkje når det er klart er det overbevisande. Før det overnaturlege tek over er det komedie, tenåringsfilm, avant garde redigering og surrealisme i solide porsjonar. Den lystige musikken slepp derimot aldri taket, og dette resulterer i ei udefinerbar stemning utover og gjennom skrekken.

6/10

Greenberg (2010)

torsdag, juli 8th, 2010

IMDb: 6.9/10 (3,028 votes)

I Greenberg er det Ben Stiller sin tur til å bli seriøs og miserabel. Ei rolle me forsåvidt kjenner han igjen frå The Royal Tenenbaums, som òg var komisk ladd. Som med det andre av Noah Baumbach er det eit drama der komedien kjem snikande i andre rekkje, og som med dei andre filmane hans forsvinn dei sterkaste kjenslene i dette møte. Filmen er aldri keisam, den fengjer og held meg merksam, men likevel sit eg ikkje igjen med så mykje som eg skulle ønskje. Kritikk til side, Stiller og den kvinnelege hovudrolla i filmen, Greta Gerwig, har ein fin og klumsete kjemi.

7/10

Import-eksport (2005)

fredag, april 30th, 2010

IMDb: 5.6/10 (120 votes)

Import-eksport var ein skuffelse, og viss det er alt du treng vite om filmen, så er jo det heilt greitt. Viss du vil vite litt ekstra, så les eit par avsnitt til.

To scener gjorde meg begeistra når eg såg filmen, som omhandlar eit problematisk forhold mellom ei pakistansk kvinne og ein norsk mann. Det er bestemt at kvinna skal gifte seg med ein fyr frå Pakistan, og den norske mannen set i gong med ein plan om å overbevise foreldra til kvinna at ho bør gifte seg med han, utan å vanære dei ved å avsløre forholdet.

Det eg skreiv tidlegare, i innlegget om Line og norsk skodespel, at det ikkje alltid har så mykje å sei, gjeld ikkje her. Import-eksport har direkte platt skodespel, og tek stor skade av det. Faktisk er filmen rett ut flau å sjå på til tider, og det er i grunn dumt, for sjølv om handlinga ikkje er direkte original, kunne det i beste fall blitt ein fin og romantisk komedie.

4/10

Nord (2009)

lørdag, april 24th, 2010

IMDb: 7.0/10 (812 votes)

Skal ein først kalle ein film norsk, så kan Nord fungere godt som eksempel: Nasjonalromantisk i framstillinga av prangande, norsk vinternatur, og noko sår innvendig.

Jomar Henriksen (Christiansen) har det ikkje heilt godt med seg. Han drikk og gir faen, og har mest lyst til å vere innlagt på psykiatrisk. Dette før han får vite det han får vite, og legg ut på ei reise med snøscooteren sin, nordover. Undervegs, som er sjølve filmen, møter han nokre interessante menneske, i kjent road movie-stil.

Bortsett frå det teknisk filmatiske, som er praktfullt på alle måtar, er Nord litt nedtona, som for å spegle sinnet til protagonisten. Dette er ikkje eit nytt grep, men eit som er upåklageleg i bruken sin. Det er å føretrekke i road movies, føre filmar som prøve å toppe kvar nye stoppestad med drygare møte enn forrige. Nord prøve aldri for hardt å vere morosam, og lykkast godt med det.

Skulle eg trekkje nokon parallellar til anna norsk film, må det bli Den brysomme mannen. Desse to filmane har det same auge for flott kinematografi, og protagonistane kan minne litt om kvarandre, då dei ikkje har det heilt godt der dei er i livet. Samtidig er begge filmane komediar, bygd på relativt seriøse premiss.

7/10

Tommys Inferno (2005)

fredag, april 23rd, 2010

IMDb: 5.7/10 (286 votes)

Tommy er ein kristen ungdom. Han har vore i lag med Maria i tre år, og ho har lyst å ha sex. Tommy synst dei skal vente til dei har gifta seg. Problem oppstår.

Ove Raymond Gyldenås har skrive manus og regissert ein frisk ungdomsfilm med Tommys inferno. Tittelen er ein referanse til Dantes inferno, og handlinga har visse likskapar, utan at det er overdrive. Dette nikket til eit klassisk verk, samt ein utradisjonell vri, ved å setje ein ung gut i hovudrolla, som vil vente før han har sex, er gode sider ved filmen.

Som ungdomsfilm er dette både komedie og drama, der den første biten er det som er mest vellykka. Dramaet utviklar seg i litt for dramatisk retning, og spesielt depresjonen Tommy søkk ned i, blir vanskeleg å svelgje, utan at eg skal røpe meir.

Persongalleriet er rikt på ulike typar som lett passar inn, utan å verke overflødige for handlinga. Bakgrunnen for vala i livet til Tommy er stort sett godt grunngitte, og sluttresultatet er ein samansett film. Den når ikkje heilt opp, av di den ikkje er truverdig nok med dei mest seriøse tema sine, men den treff absolutt med komedien.

6/10