IMDb: 8.0/10 from 215 users
Tiande luke i julekalender 2011 er nok ein TV-spesial med The Muppets, denne gongen frå 1979. Spesialen samlar seg rundt musikaren John Denver og eit utval julesongar han framfører i lag med The Muppets.

Blant julemusikk er John Denver and the Muppets: A Christmas Together ein av favorittplatene mine med julemusikk. Forventingane til denne TV-spesialen var urealistisk høge og den potensielle fallhøgda stor. Grunnen til at eg innleiar med desse opplysningane er nettopp at spesialen krasja fullstendig og enda opp med å bli eit traurig skode.
John Denver and the Muppets: A Christmas Together blei sendt på TV, men har aldri blitt lansert som video. Opptaket som sirkulerer er heilt greitt, men langt frå topp på lyd og bilde. På ein måte var dette ubetydeleg, for ønske om å sjå framføringar av favorittjulesongane mine var høgt nok. Men så viste det seg at det er andre versjonar av songane i TV-spesialen enn på musikkalbumet, og at desse var bleike i forhold. Programmet heng ikkje i hop på godt vis, og John Denver passar nok betre på plate enn på TV-skjermen.
4/10
IMDb: 8.2/10 from 1,276 users
Niande luke i julekalender 2011 er ein TV-film med The Muppets frå 1977. Basert på ei barnebok frå 1971 og filmatisert av Jim Henson med mindre kjente Muppet-figurar i rollane.

For meg er det ikkje eit ekte julefilmmaraton utan The Muppets. Søken etter ein film som kan avlaste den beste av dei alle, The Muppet Christmas Carol frå 1992, blir trappa opp att kvart adventstid.
Emmet Otter’s Jug-Band Christmas fyller ingen sko. Filmen skuffar litt fordi eg forventa Kermit, Miss Piggy og dei andre kjente. Dette skuldast dÃ¥rleg forarbeid. Sett forbi eigen urimelegheit er historia grei. Det handlar om ein fattig familie pÃ¥ to, og korleis dei kjem seg langt pÃ¥ vilje og emna til Ã¥ glede seg over det enkle. Ikkje overraskande er det flust av songnummer; i stor grad sjarmerande eller flotte.
Eg kom over skuffelsen. Emmet Otter’s Jug-Band Christmas er ein kort og flott julespesial. Sjølv om han aldri er ekstraordinær og heller ikkje er meir enn tidsfordriv.
6/10
IMDb: 7.1/10 from 54,394 users
Åttande luke i julekalender 2011 er horrorkomedien Gremlins frå 1984. Gremlins blei ein stor suksess. Filmen fekk sin oppfølgjar i 1990, og har inspirert til filmar som: Critters, Ghoulies, Troll, Hobgoblins, Beasties, Kamillions, Spookies, og Munchies.

På ei forretningsreise til New York besøker Randall Peltzer Chinatown. Han jaktar julepresang til sonen sin og endar opp med ein mogwai, ein søt liten bamseliknande skapning. Instruksane til selgaren er: a) Ingen sterke lys. b) Ikkje i kontakt med vatn. c) Aldri mat etter midnatt.
Gremlins skyr verken vald, forstyrra sinn eller alkohol og tobakk. Summen er ein fornøyeleg svart komedie. IOg filmen passar minst like godt til vaksne som modige barn. Innstruksane dannar grunnlaget for ei tradisjonell og gjennomført oppbygging. I den forstand at sjåaren blir belønna seinare for å følgje med. Fram mot klimakset brukar Gremlins tida på å bygge miljø, gjere oss kjente med karakterane og sette oss i julestemning.
Gremlins humor, god stemning og høgt tempo. Filmen er rik på detaljar, men samtidig ukomplisert. Ei slik samansetting gir han potensielt høgare gjensynsfaktor. Dommen er positiv.
7/10
IMDb: 6.1/10 from 3,116 users
Sjuande luke i julekalender 2011 er sett til New York og sterkt inspirert av blaxploitation-filmen Shaft. I hodvudrolla som privatdetektiven Mordechai Jefferson Carver, med tilnamnet The Hebrew Hammer, er Adam Goldberg.

The Hebrew Hammer er laga av og for Comedy Central. Humoren er lett, fornærmande og grov, og ikkje overraskande basert på morsomheiter kring religiøse stereotypar. Det handlar om hanukkah, og korleis den onde sonen til julenissen skal forgifte unge jødar med julepropaganda. Målet er å ta knekken på hanukkah ein gong for alle. Mordechai blir leigd inn av Jewish Justice League for å stoppe dette.
I utgangspunktet er filmen artig. Trass i å vere sterkt inspirert av Shaft har han si eiga stemme. Regissør og manusforfattar Jonathan Kesselman går grundig til verks i å gjere narr av alt som har å gjere med hanukkah, kwanza og jul. Likevel er det ei viss respekt for høgtidsfeiringar som skin gjennom.
The Hebrew Hammer har trang til å understreke kvart einaste poeng. Det blir sjeldan morosamt når du stadig blir minna på at noko skal vere morosamt. Det blir som når ein komikar ler av eigne vitsar eller pausar fordi han forventar latter. Det blir ubehageleg. The Hebrew Hammer hentar seg litt inn igjen på eit innhald som ikkje mindre banalt enn formidlinga. Men resultatet er uansett ikkje topp.
6/10
IMDb: 7.3/10 from 2,008 users
Femte luke i julekalender 2011 er ein romantisk komedie frå 1945. Med Barbara Stanwyck, Dennis Morgan og Sydney Greenstreet i hovudrollane. Handlinga går føre seg på ein rik manns gard rundt juletider.

Christmas in Connecticut er ein screwball-komedie. I screwball er rask og vittig humor, farse, eskapistiske tema og ekteskapsprat kjenneteikn. Ofte er det mange personar som går ut og inn av dører og hemmelegheiter som krev raske forklaringar for å dekkast over.
Elizabeth Lane (fantastiske Barbara Stanwyck) inviterer sjefen (Greenstreet) sin og ein krigshelt (Morgan) på julebesøk. Miss Lane lyg på seg kokkekunstar og familieliv i ei mat- og husmorsspalte. Bråket startar då ho blir nøydd til å invitere sjefen og krigshelten på julemiddag. Garden, mannen og barnet ho har skrive om er oppdikta. For ikkje å snakke om at ho ikkje kan lage mat. Miss Lane må krype til korset og be om at beilaren (Reginald Gardiner) sin gard blir samlingsstaden. Stova på garden blir hovudarenaen for «ut og inn dører»-komedien.
Barbara Stanwyck gnistrar på skjermen og leverer ei rolle full av energi. Orda flyg fram og tilbake. Dei største latterkulene er sjeldne, men det er jamnt over ein morosam film der humringa sit laust. Julestemningen er på plass. Kulissene er flott kvit snø, ein varm peis og god mat på borda. Romantikken i lufta hevar temperaturen.
Christmas in Connecticut er ein triveleg film og min type julefilm. Det einaste eg saknar er nokon fengande julesangnummer. Men sangnummer er ikkje filmen sitt ansvar. At eg leitar er fordi det andre er på plass.
8/10
IMDb: 7.4/10 from 37,939 users
Fjerde luke i julekalender 2011 er ein komedie frå 1983 med Eddie Murphy og Dan Aykroyd. Eit veddemål blant to brødre snur livet til Billy Ray Valentine (Murphy) og Louis Winthorpe III (Aykroyd) på hovudet.

Det handlar om pengar. Og det er ein klassisk komedie om rollebyte. Valentine er fattig og tiggar, medan Winthorpe spekulerar i råvareprisar og har eigen tenar. Eit veddemål mellom sjefane til Winthrope snur livet for desse to fullstendig på hovudet. Nesten over natta hamnar dei i den andres livssituasjon.
Eg såg for meg ein komedie med kulturelle krasj. Ikkje overraskande kjem komedien fram av karakterane si tilpassing til nye rollar. Men Trading Places byr på meir. Verken Muprhy eller Aykroyd er tilfredse med måten den andre levde på. Med gamle og nye perspektiv ser dei moglegheitene til å bryte ut av dei nye rollane.
Oppbygginga er enkel og humoren er lett. Ofte handlar det om å setje noko på spissen eller ta noko på kornet. Det er vanskeleg å unngå datering, men 1980-talet har sin sjarm. Og for det meste er det tidlaust.
em>Trading Places er med i julekalenderen fordi handlinga er sett til juletider. Dan Aykroyd vil bli hugsa for ei dramatisk fyllekule i julenissekostyme som har er eit av fleire uventa utfall i filmen. Spesielt utprega julestemning har ikkje filmen. Eg la ikkje merke til julesangar. Men som Peter Bradshaw i The Guardian skriv: «It has all the elements in place: a Christmas setting, a fable about money not being important (the story is Dickensian in sentiment, Shavian in form), a rich vein of comedy, and some sharp black comedy that doesn’t overbalance the essential heartfelt hokiness.»
7/10
IMDb: 7.0/10 from 4,921 users
Andre luke i julekalender 2011 er den finske filmen Rare Exports. Filmen baserer seg på ein kortfilm som regissøren Helander gjorde i 2003, om tre finske jegerar som jaktar på ein vill julenisse.

Ein stad i Finland, like ved grensa til Russland, skal ein eldre amerikansk mann endeleg få oppfylle barndomsdraumen sin om å møte julenissen. I skjul grev han eit hol i toppen av fjellet Korvatunturi, der julenissen ifølgje finsk legende held til. 23 dagar seinare bryt helvete laus i område rundt fjellet.
I hovudrolla er den vesle guten Pietari. Han er den første av dei lokale som skjønnar kva som har skjedd på fjellet, men han blir ikkje trudd. Då alle reinsdyra i område er funnen døde skuldar dei vaksne på ulvar. Då elektriske apparat byrjar å forsvinne skuldar dei vaksne på russarane. Gjennom Pietari stakar filmen seg ut ei retning som hintar mot, men aldri avslører, kva som vil skje.
Rare Exports tek seg tid til å fortelje om mytene om den finske julenissen. Små detaljar og hendingar her og der er viktige, og Helander viser at han kan god historieforteljing på film. Han veit å ikkje vise for mykje for og halde på spenninga og gjere publikum nysgjerrige. Det fungerer godt og filmen har heile tida har noko å komme med, samtidig det gradvis bygg seg opp mot eit klimaks lengre uti. Og utan å røpe noko bestemt, så innfrir klimakset.
Mørketid, snø på bakken og i lufta set meg litt i julestemning. Karakterane i filmen et dessutan aldri anna enn pepperkaker. At juletida òg kan vere ei trist tid då ein minnast dei som har forlatt oss, er noko Rare Exports så vidt viser at han er klar over, utan å gå vidare inn på tema.
Mest av alt er Rare Exports morosam, spennande og aldri kjedeleg. Den heng seg heldigvis ikkje opp i dei mange små detaljane, men veit at det er oppbygginga og framgangen i filmen som er viktig.
7/10
IMDb: 6.5/10 from 7,768 users
Nick Halsey (Will Ferrell) mistar jobben sin og kjem heim til eit hus med nye låsar, alle eigedelene hans på plenen og eit brev frå kona om at han ikkje skal ringe ho.

Artig tenkte eg, dette verka lovande. Når Nick i tillegg er alkoholikar ligg det til rette for eit morosamt lite eventyr. Men etter Nick først set seg ned i lenestolen på plenen så blir han sittande der ut store deler av filmen. Han blir venner med eit par nye naboar, og dannar slike vennskap ein forventar at ei hovudrolle i ein rar liten film dannar.
Everything Must Go er verken overraskande eller spesielt underhaldane. Den er smått morosam, men tanken om å lage ein film om det meiningslause tilveret til Nick Halsey er nok det morosamast. Likevel om oppbygginga blir for enkel er holdninga til Nick underhaldande nok. Han drikk øl som han pustar luft og behandlar folk som han vil, ofte for direkte. Det går heller ikkje lenge mellom kvar vits, og dei er stort sett gode nok til at ein heller smiler gjennom brorparten av filmen. Dette kvalifiserar Everything Must Go til grei tidtrøyte, men minneverdig er den ikkje. Til det støttar den seg for mykje på ei uinteressant historie til å klare.
6/10
IMDb: 7.6/10 from 10,136 users
The Inbetweeners Movie er knall! Sikkert best viss du har sett serien. Frekk humor. Fyllekuler. Likandes karakterar. Ei god blanding.

7/10
IMDb: 6.8/10 from 1,223 users
Terri har blitt promotert som ein indie-type komedie om ein rar og overvektig outsider, men er i mindre grad ein komedie enn eit drama. Filmen har eit sterkare grep om seriøst drama enn namn som John C. Reilly på rollelista kunne få ein til å tru. Det sagt, filmen er ikkje blotta for humor.

I Terri følgjer vi Terri, spela av den heller ukjente Jacob Wysocki, viss tv-serie Huge er blant få tidlegare produksjonar. Terri bur hjå ein sjuk onkel, portrettert av Creed Bratton frå The Office som gjer ei god seriøs rolle, til tross for at eg med mange sesongar av The Office i bagasjen automatisk leitte etter komiske avbrekk. Terri går i pyjamas på skulen og har få eller ingen venner. Han ser ut til å skilje seg ut frå andre ungdommar, men er verken barnsleg, dum, drittsekk, mobbeoffer og manglar heller ikkje sosiale antenner. Terri høyrer ikkje heime blant stereotypane, og er smått udefinerbar. Skal ein tykkje synd i han eller le i lag med det han gjer?
Ein litt trist undertone og tema om å vere offer for manglande oppfølgjing i oppveksta og mangel av nære venner, tek ikkje fullstendig over filmen. Rektor på skulen til Terri, Mr. Fitzgerald spela av allsidige John C. Reilly, har teke på seg å følgje opp sosiale avvik. Gjennom små samtalar på rektorkontoret og med ein etter kvart utvida omgangskrets gjennomgår Terri ein knapt synleg, men viktig transformasjon mot å bli meir vaksen.
Ei fin og involverande historie, hjulpe fram av gode skodespelarprestasjonar gjer Terri til ein solid film. Den går aldri for langt og held seg truverdig, men avgrensar også seg sjølv til å innehalde minimalt nytt og spennande frå andre liknande filmar. Sjå på det som ein meir moden variant av den typiske indie-filmen, og den held seg. Men for å bli den ultimate filmen manglar derimot Terri fleire emosjonelle triggerar og meir handling eller sterkare dialogar.
7/10