Archive for the ‘Crime’ Category

Batman: Under the Red Hood (2010)

søndag, august 8th, 2010

IMDb: 8.0/10 (2,247 votes)

Det nyaste tilskotet i DC Universe Original Animated Movies-familien er den tredje Batman-filmen hittil i serien, og involverer Batman, Black Mask, Red Hood og Joker. Filmen er som resten av serien, basert på eksisterande materiale frå DC, som denne gongen har vore Under the Hood av Judd Winick frå 2005. (Les vidare under bildet).

Eg vil ikkje røpe meir av handlinga enn at hovudstrukturen til filmen er ei trekanta konflikt mellom vigilanten Batman, gangsteren Black Mask og oppkomlingen Red Hood som er ein mellomting av desse to. I kampen mellom desse spelar Joker ei sentral brikke. Filmen får danna ei god bakgrunnshistorie som går på tvers av fleire karakterar, noko som skapar ei spenning i actionsekvensane me blir bydd. Samanhengen mellom alt og alle blir tydeleg formidla innanfor rammene av 75 minuttar, og med gjennomsnittleg kjennskap til Batman står dette for meg fram som ein komplett animasjonsfilm.

Av andre sider som er verdt å nemne er kompliserte personlegheiter og noko eg vel å kalle ein vaksen tone. Desse to går hand i hand. Karakterane i filmen har sine eigne verdigrunnlag, og handlar tydeleg ut i frå meir enn eit oversiktleg bilde for kva som er rett og urett, godt og vondt. Me får oppleve både karakterutvikling og utnytting av svakare sider ved psyken, samtidig som filmen kan overraske ved å snu på ei femøring. Løysingar av denne sort bidreg til å gi ei kjensle av at filmen ikkje undervurderer publikummet sitt, og kan nå ut til fleire aldersgrupper.

På tampen vil eg gjere det klart at dette innlegget dreiar seg om ein type animasjonsfilm som kjem rett på video. Forventingane mine er andre til ein sånn film enn ein som er innom kino, og innhaldet her på lesast med dette i tankane. Om det burde vere sånn eller ikkje, er for øvrig ei sak å diskutere for seg sjølv. For med prislappar på DVD/Blu-ray ved lansering, samanlikna med det ein får for ein (billegare) kinobillett, burde ein kunne krevje at dette skulle legge seg på eit nivå over?

7/10

Cop Out (2010)

tirsdag, juli 13th, 2010

IMDb: 5.8/10 (9,612 votes)

Å nå opp med ein politikomedie som Cop Out er, med den rollebesetninga Cop Out har, det skal litt til for å få til. Den lyse poltimannen, spela av Bruce Willis, har med seg den lystigare mørke, spela av Tracy Morgan. Willis har bevist at han er god purk tidlegare, mens Morgan er ein ekspert på å irritere. (Les vidare under bildet).

Kevin Smith står som regissør utan å vere manusforfattar denne gongen, og etter oppturen med Zack and Miri Make a Porno for to år sidan såg eg fram til Cop Out før kritikken byrja å hagle inn. På sitt beste leverer Willis og Morgan gode karikaturar av stereotypane dei fyller, men dei unngår å gro fast i desse rollane, samtidig har filmen ein del flotte vriar, samt ein porsjon latterframkallande augneblinkar.

I heilskap er derimot Cop Out lite nytt. Historia er ein lang klisje og det er for lenge mellom dei altfor få verkeleg gode augneblinkane til at Kevin Smith kan sei å ha tilført buddy cop-sjangeren noko nytt. Det er synd å sei, men både Jersey Girl og denne filmen, som er nesten nede på same nivå, som to av fire filmar frå Smith siste 6 åra, så må han verkeleg bevise seg i framtida. Dette er litt for midt på treet.

5/10

Serious Moonlight (2009)

torsdag, april 15th, 2010

IMDb: 5.6/10 (1,440 votes)

Ian vil ha skilsmisse kona, Louise, og har tenkt å sei det i eit brev. Men Louise som kjem heim tidlegare enn det som var meininga, og får lese brevet mens Ian framleis er der, godkjenner ikkje dette.

Serious Moonlight er ein film som baserer seg mest på dialog, og har relativt få sceneskifte eller anna handling. Ian (Timothy Hutton) er for det meste teipa fast i ein eller anna møbel, medan Louise (Meg Ryan) spring rundt, og prøver å ikkje framstå som for galen i den gale rolla.

Eg har ingenting i mot ein film drive av dialog, og denne har òg eit godt utgangspunkt i eit seriøst tema, og ei handling som botnar ut i gode intensjonar. Men det komiske er på langt nær så godt gjennomført som det tematiske, og desse to delane krasjar. Serious Moonlight endar opp med å bli ein tåpeleg komedie, der den seriøse stemma såvidt, i blant, klarar å bryte seg fram, men ikkje nok. Det er i grunn veldig synd, for dette er ein film med potensiale.

Adrienne Shelly har skrive manus, men fekk aldri regissert filmen sjølv, grunna sitt eige dødsfall. Hadde ho fått gjort det, kan det hende komedien hadde blitt løyst annleis, og filmen hadde blitt betre, meir i tråd med det gode resultatet ho oppnådde med Waitress.

5/10

Assassination of a High School President (2008)

søndag, desember 27th, 2009

IMDb: 6.9/10 (3,350 votes)

Teen noir har eksistert ei stund. Forenkla kan teen noir skildrast som ungdomsfilm med inspirasjon frå film noir eller neonoir med ungdommar. Skiljet har ikkje akkurat blitt definert, men ei masteroppgåve frå Universitetet i Bergen er å finne på problemstillinga. Filmen «Brick» og TV-serien «Veronica Mars» er blant dei mest refererte titlane til når det gjeld denne sjangeren, stilen eller rørsla. «Assassination of a High School President» med sine tydelege sjangertrekk kan så gjerne tilførast kanonen.

«Assassination of a High School President» er ein av dei betre filmane som kastar seg på bølgja av mørkare tenåringsfilmar utover 2000-talet, og fyller fleire av konvensjonane til teen noir. På ein katolsk high school støyter forsøket til mobbeofferet og helten vår, Marty Mullen, på å slå gjennom som journalist i skuleavisa, i lag med ein konspirasjon mot den sitjande studentrepresentanten.

Mullen, som ein eigentleg antihelt, blir lurt av kvinner, får juling og blir hengt ut som løgnar, og kan i all enkeltheit minne om rollefiguren til Jack Nicholson i «Chinatown» for oss som ikkje er fullt så oppdatert innanfor film- og neonoir.

Historia her gjer ikkje forsøk på å vere smartare enn den er, men skal jo likevel vere litt lur, og fungerer flott. Med litt humor blir ikkje resultatet sjølvhøgtideleg og det faktum at Mullen både står fram som både helt og antihelt, dum og i blant lur, gjer at det ungdommelege kjem fram, som ein person stadig i oppvekstfasen.

Etter litt pirking kan nokre av karakterane i filmen trekkast fram for å vere litt for normale, eller anonyme, til å vere av særleg interesse. Dette er då likevel småtteri, og «Assassination of a High School President» var i all hovudsak ei positiv oppleving av ein film som gjekk meg hus forbi når den kom ut.

7/10

El día de la bestia (1995)

fredag, desember 18th, 2009

IMDb: 7.5/10 (4,639 votes)

bestia3Luke nr. 18. Denne spanske saken som har blitt oversett til «The Day of the Beast» snik seg sovidt inn i julekalenderen, ettersom handlinga går føre seg på julaftan.

Ein teolog som gir seg ut for å vere prest har funne ut at djevelen vil stige fram 1. juledag, og må utføre vonde handlingar for å kome i kontakt med han og stoppe han. I jakta på fødestaden til den komande djevelen får han hjelp av ein feit satandyrkar og programleiar for eit populært TV om overnaturlege fenomen.

Herleg brutal utan å ty til mengder blod eller nakne, torturerte kroppar, «The Day of the Beast» er ei lita spansk skrekkomisk perle. Tidvis ganske tåpeleg, men alltid med brodd og utan å bry seg med skjebnen til karakterar som dukkar opp i filmen. Midt oppi avfyring av hagler og frammaning av djevelskap har eit mysterie eller ei gåte fått plass, som med denne friske innpakninga glatt overgår ein film som f.eks. «Da Vinci-koden».

Julestemning? Nei, men kven bryr seg.

6/10

8 femmes (2002)

mandag, desember 14th, 2009

IMDb: 7.0/10 (12,811 votes)

eight_women_ver1Luke nr. 14. Åtte kvinner og ein død mann, det er utgangspunktet for «8 femmes», ein adapsjon av eit skodespel som kryssar krim og musikal. Åtte kvinner, dei fleste i familie med kvarandre, blir tvinga til å forlenge samhaldet i nærvær av kvarandre då mannen i huset blir funne drepen. Vidare følgjer ei nesten to timar lang førestilling der kvinnene prøver å avsløre kven av dei som kan vere mordaren, for det er klart at ingen andre har hatt moglegheita.

Innesnøa og med kald stemning seg i mellom, «8 femmes» er ei framsyning av slu kvinner som manipulerer, hatar og elskar kvarandre, sjølv om det ofte er vanskeleg å definere den eigentlege naturen til karakterane. Studie av kvinnene som med dramatisk endring i humør like gjerne kunne hatt ti døde menn i etasjen over som ingen utan å oppføre seg annleis, blir både fascinerande og tidvis rimeleg keisamt. Mordet forsvinn i bakgrunnen og det er lite igjen som gjer dette til ei samanknytt filmoppleving. Dei musikalske innslaga er fine, om enn meir små pausar av lite kraftfulle songar enn noko anna.

Resultatet er ein altfor lang film om litt for lite, når mordhistoria må bli avslutta sit eg ikkje igjen med interesse for verken løysing eller utfallet til eventuelt skuldige og uskuldige som har fått pepar undervegs. Godt skodespel av kjente franske skodespelarinner er blant det positive, så å mislike «8 femmes» er ingen alternativ for min del heller.

6/10

Starsky & Hutch (2004)

mandag, november 16th, 2009

IMDb: 6.2/10 (44,852 votes)

168starsky_and_hutchEin herleg og enkel, frisk komedie med Ben Stiller og Owen Wilson. «Starsky & Hutch» er ein av desse filmane med desse to som lykkast i å dit hen å basere seg på to over toppen karakterar, og med endå drygare innslag av desse som utkledde spanarar. Sett til eit fargerikt 1970-tal og med eit funkprega lydspor har «Starsky & Hutch» det som skal til for å danne ei lett og lystig stemning, og er på langt veg der ein komedie som ikkje støttar seg til alvorsstunder for å framheve humoren, kan vere. Ein film blant dei rosverdige av the fratpack.

7/10

Witness for the Prosecution (1957)

torsdag, november 5th, 2009

IMDb: 8.3/10 (15,768 votes)

witness_for_the_prosecutionDet er vanskeleg å ikkje like Billy Wilder, med sine gode filmar som «Some Like It Hot», «The Apartment» og mange fleire. «Witness for the Procecution» er ingen unntak og går lett inn i varmen som ein av dei verkeleg gode, gamle rettssakfilmane, forsåvidt den andre berre dette året. Charles Laughton er eit namn eg for alvor har lagt på minne, ein mann som gjer den briljante advokaten Wilfrid Robarts. Komikken rundt helsa hans er berre ein av fleire ting som gir filmen ekstra dimensjonar og får den til å utmerke seg. Agatha Christie gir også enkelte forventingar til oppbygginga.

8/10

Hustle & Flow (2005)

torsdag, november 5th, 2009

IMDb: 7.5/10 (17,416 votes)

hustle_and_flowDjay er pimp i livskrise, som ein dag tek seg betalt i form av eit keyboard gjennom narkohandelen han har på si. Ein gammal draum som rapper stig til overflata og Djay byrjar lage musikk. Craig Brewer har klart å portrettere sørstatsforhold under par og lage ein dramakomedie oppå dette. «Hustle & Flow» inspirasjonen utan å bli for søt. Delar av filmen ligg i slitne detaljar og hard kvardag, så den vinn på å styre unna glamor, men også unna depresjon. Terrence Howard ER Djay og har følgje av eit solid ensemble. Eg blir like glad i denne som forrige gong.

8/10

Wall Street (1987)

mandag, november 2nd, 2009

IMDb: 7.3/10 (29,726 votes)

wall_streetI ein film om pengar, makt, griskheit, innsidehandel og bedrageri er det heilt naturleg at ein Hollywoodfilm som denne vil moralisere og at karakterane vil få som fortent, ta til fornuft eller noko liknande. «Wall Street» mistar alt det mørke ved pengespelet og suksessjaget på grunn av dette, og blir for uskyldig for min smak. Visse krav bør ein kunne stille til ein tidlegare Oscarvinnar, og sjølv om eg aldri kjeda meg eller mislikte filmen, forventa eg meir. Charlie Sheen og Michael Douglas er på plass og leverer gode prestasjonar, filmen har eit flott 1980-talspreg, men ingen klassikarstempel her.

6/10