Assassination of a High School President (2008)

IMDb: 6.9/10 (3,350 votes)

Teen noir har eksistert ei stund. Forenkla kan teen noir skildrast som ungdomsfilm med inspirasjon frå film noir eller neonoir med ungdommar. Skiljet har ikkje akkurat blitt definert, men ei masteroppgåve frå Universitetet i Bergen er å finne på problemstillinga. Filmen «Brick» og TV-serien «Veronica Mars» er blant dei mest refererte titlane til når det gjeld denne sjangeren, stilen eller rørsla. «Assassination of a High School President» med sine tydelege sjangertrekk kan så gjerne tilførast kanonen.

«Assassination of a High School President» er ein av dei betre filmane som kastar seg på bølgja av mørkare tenåringsfilmar utover 2000-talet, og fyller fleire av konvensjonane til teen noir. På ein katolsk high school støyter forsøket til mobbeofferet og helten vår, Marty Mullen, på å slå gjennom som journalist i skuleavisa, i lag med ein konspirasjon mot den sitjande studentrepresentanten.

Mullen, som ein eigentleg antihelt, blir lurt av kvinner, får juling og blir hengt ut som løgnar, og kan i all enkeltheit minne om rollefiguren til Jack Nicholson i «Chinatown» for oss som ikkje er fullt så oppdatert innanfor film- og neonoir.

Historia her gjer ikkje forsøk på å vere smartare enn den er, men skal jo likevel vere litt lur, og fungerer flott. Med litt humor blir ikkje resultatet sjølvhøgtideleg og det faktum at Mullen både står fram som både helt og antihelt, dum og i blant lur, gjer at det ungdommelege kjem fram, som ein person stadig i oppvekstfasen.

Etter litt pirking kan nokre av karakterane i filmen trekkast fram for å vere litt for normale, eller anonyme, til å vere av særleg interesse. Dette er då likevel småtteri, og «Assassination of a High School President» var i all hovudsak ei positiv oppleving av ein film som gjekk meg hus forbi når den kom ut.

7/10

El día de la bestia (1995)

IMDb: 7.5/10 (4,639 votes)

bestia3Luke nr. 18. Denne spanske saken som har blitt oversett til «The Day of the Beast» snik seg sovidt inn i julekalenderen, ettersom handlinga går føre seg på julaftan.

Ein teolog som gir seg ut for å vere prest har funne ut at djevelen vil stige fram 1. juledag, og må utføre vonde handlingar for å kome i kontakt med han og stoppe han. I jakta på fødestaden til den komande djevelen får han hjelp av ein feit satandyrkar og programleiar for eit populært TV om overnaturlege fenomen.

Herleg brutal utan å ty til mengder blod eller nakne, torturerte kroppar, «The Day of the Beast» er ei lita spansk skrekkomisk perle. Tidvis ganske tåpeleg, men alltid med brodd og utan å bry seg med skjebnen til karakterar som dukkar opp i filmen. Midt oppi avfyring av hagler og frammaning av djevelskap har eit mysterie eller ei gåte fått plass, som med denne friske innpakninga glatt overgår ein film som f.eks. «Da Vinci-koden».

Julestemning? Nei, men kven bryr seg.

6/10

8 femmes (2002)

IMDb: 7.0/10 (12,811 votes)

eight_women_ver1Luke nr. 14. Åtte kvinner og ein død mann, det er utgangspunktet for «8 femmes», ein adapsjon av eit skodespel som kryssar krim og musikal. Åtte kvinner, dei fleste i familie med kvarandre, blir tvinga til å forlenge samhaldet i nærvær av kvarandre då mannen i huset blir funne drepen. Vidare følgjer ei nesten to timar lang førestilling der kvinnene prøver å avsløre kven av dei som kan vere mordaren, for det er klart at ingen andre har hatt moglegheita.

Innesnøa og med kald stemning seg i mellom, «8 femmes» er ei framsyning av slu kvinner som manipulerer, hatar og elskar kvarandre, sjølv om det ofte er vanskeleg å definere den eigentlege naturen til karakterane. Studie av kvinnene som med dramatisk endring i humør like gjerne kunne hatt ti døde menn i etasjen over som ingen utan å oppføre seg annleis, blir både fascinerande og tidvis rimeleg keisamt. Mordet forsvinn i bakgrunnen og det er lite igjen som gjer dette til ei samanknytt filmoppleving. Dei musikalske innslaga er fine, om enn meir små pausar av lite kraftfulle songar enn noko anna.

Resultatet er ein altfor lang film om litt for lite, når mordhistoria må bli avslutta sit eg ikkje igjen med interesse for verken løysing eller utfallet til eventuelt skuldige og uskuldige som har fått pepar undervegs. Godt skodespel av kjente franske skodespelarinner er blant det positive, så å mislike «8 femmes» er ingen alternativ for min del heller.

6/10

Starsky & Hutch (2004)

IMDb: 6.2/10 (44,852 votes)

168starsky_and_hutchEin herleg og enkel, frisk komedie med Ben Stiller og Owen Wilson. «Starsky & Hutch» er ein av desse filmane med desse to som lykkast i å dit hen å basere seg på to over toppen karakterar, og med endå drygare innslag av desse som utkledde spanarar. Sett til eit fargerikt 1970-tal og med eit funkprega lydspor har «Starsky & Hutch» det som skal til for å danne ei lett og lystig stemning, og er på langt veg der ein komedie som ikkje støttar seg til alvorsstunder for å framheve humoren, kan vere. Ein film blant dei rosverdige av the fratpack.

7/10

Witness for the Prosecution (1957)

IMDb: 8.3/10 (15,768 votes)

witness_for_the_prosecutionDet er vanskeleg å ikkje like Billy Wilder, med sine gode filmar som «Some Like It Hot», «The Apartment» og mange fleire. «Witness for the Procecution» er ingen unntak og går lett inn i varmen som ein av dei verkeleg gode, gamle rettssakfilmane, forsåvidt den andre berre dette året. Charles Laughton er eit namn eg for alvor har lagt på minne, ein mann som gjer den briljante advokaten Wilfrid Robarts. Komikken rundt helsa hans er berre ein av fleire ting som gir filmen ekstra dimensjonar og får den til å utmerke seg. Agatha Christie gir også enkelte forventingar til oppbygginga.

8/10

Hustle & Flow (2005)

IMDb: 7.5/10 (17,416 votes)

hustle_and_flowDjay er pimp i livskrise, som ein dag tek seg betalt i form av eit keyboard gjennom narkohandelen han har på si. Ein gammal draum som rapper stig til overflata og Djay byrjar lage musikk. Craig Brewer har klart å portrettere sørstatsforhold under par og lage ein dramakomedie oppå dette. «Hustle & Flow» inspirasjonen utan å bli for søt. Delar av filmen ligg i slitne detaljar og hard kvardag, så den vinn på å styre unna glamor, men også unna depresjon. Terrence Howard ER Djay og har følgje av eit solid ensemble. Eg blir like glad i denne som forrige gong.

8/10

Wall Street (1987)

IMDb: 7.3/10 (29,726 votes)

wall_streetI ein film om pengar, makt, griskheit, innsidehandel og bedrageri er det heilt naturleg at ein Hollywoodfilm som denne vil moralisere og at karakterane vil få som fortent, ta til fornuft eller noko liknande. «Wall Street» mistar alt det mørke ved pengespelet og suksessjaget på grunn av dette, og blir for uskyldig for min smak. Visse krav bør ein kunne stille til ein tidlegare Oscarvinnar, og sjølv om eg aldri kjeda meg eller mislikte filmen, forventa eg meir. Charlie Sheen og Michael Douglas er på plass og leverer gode prestasjonar, filmen har eit flott 1980-talspreg, men ingen klassikarstempel her.

6/10

Layer Cake (2004)

IMDb: 7.4/10 (34,621 votes)

layer_cake_ver2Start med det positive. «Layer Cake» er for det meste eit oppgulp av den semismart forteljarstilen som har prega ein uhøgtidleg narkosjanger siste åra. Handlingsforløpet er simpelt, men blir omstrukturert og det dukkar opp eit par unødvendige karakterar. Så kvifor 6? Eg let meg rive med, trass i overflatiske svakheiter er dette eigentleg eit interessant følgje av karakteren til Daniel Craig, som ufrivillig blir pressa opp i eit hjørne, som blir lurt sjølv om han er smart, men som held seg innanfor ei ramme det går an å ta for realistisk (nok). Men eg vil tvilsamt hugse «Layer Cake» lenge.

6/10

Sherlock Jr. (1924)

IMDb: 8.4/10 (5,786 votes)

200full-sherlock-jrBuster Keaton er delvis kinomaskinist og delvis detektiv i denne 45 minuttar korte saken. «Sherlock Jr.» byr på nokre minneverdige slapsticksekvensar og viser ein Buster Keaton i toppform. Mannen har ingen bowlerhatt og bart, men er heilt der oppe i lag med Chaplin. At denne filmen er 85 år betyr ingen ting, humoren er tidlaus. Det einaste som ikkje strekker til er nokre få deler av filmen som dreg litt ut, og får 45 minuttar til å virke lenge, men sett «Sherlock Jr.» i heilheit betyr det lite. Denne er i lag med «The General» ein apetittvekkar inn til Keatonverda.

7/10

Observe and Report (2009)

IMDb: 6.4/10 (11,384 votes)

observe_and_report«Observe and Report» er ein sånn komedie verda ikkje treng fleire av. Det handlar om ei sikkerheitsvakt på eit kjøpesenter, og kampen hans for å bevise at han er dyktig. I beste fall kan det gå, men det går sjelden bra. Resultatet er ein film som ikkje klarar å skjule eit lite innovativ plot, og som verkar som eit holete lappeteppe av halvgode spøkar. Seth Rogen har lenge vore ein halvfavoritt i eit blomstrande komediemiljø rundt mellom andre folk som Judd Apatow, men må no bevise at han ikkje berre har vore heldig. «Observe and Report» er ikkje verdt tiden.

4/10
2 / 261234...10...26