IMDb: 7.1/10 (211 votes)
Denne korte dokumentarfilmen sendt på IMAX-kino ein gong i tiden (i fjor altså), og er knappe 40 minuttar lang. Men 40 minuttar er tilstrekkande til å få fram hovudpunkta i kreasjonen av robotkøyretøya Spirit og Opportunity, deira ferd til planten Mars og dataen dei samla inn.
Walt Disney Pictures står bak produksjonen (naturlegvis har dei med seg fleire ekspertteam). Difor kan det forventast at vinklinga av dokumentaren har eit veldig folkeleg preg. I forklaringa av funksjonane til robotkøyretøya er det brukt mange metaforar som er med på å gi dei eit menneskeleg preg. Som om køyretøya i seg sjølv er nyfødte og kjempar for eksistensen sin. Dette gjer at materiale er enklare å fordøye, men på ei anna side mistar kanskje dokumentaren litt av seriøsiteten sin på grunn av dette.
Alt dette til side, «Roving Mars» er informativ, spennande og har mange, fine bilde i høgoppløysingsformat. Animasjonane er skapt av ei grundig analyse av foto, er godt detaljerte og nær fotokvalitet.
7/10
IMDb: 7.5/10 (166 votes)

Nederlandsk dokumentarfilm frå tampen av 1920-talet som ligg på grensa til å bli kunstfilm med sine 15 minuttar framstilling av ein regnversdag i Amsterdam. Ein hard måte å starte på, i den forstand at det er ein nydeleg og roleg film med flott musikk og flotte bilder. Ikkje det beste å ha med seg kl 8.15 om morgonen.
6/10
IMDb: 8.3/10 (2,541 votes)
«Man With a Movie Camera» er eit eksperiment gjort av Dziga Vertov, den sovjetiske filmavantgardens leiande figur. Det gjekk ut på å lage ein stumfilm som ikkje trengte mellomtekstar for å drive handlinga. I samtida var det eit mislykka forsøk, eller heller misforstått, den slo iallfall ikkje gjennom. I ettertid har filmen blitt ein av dei mest annerkjente frå sin periode.
Vertov var den første til å bruke montasjen i ein teoretisk samanheng. «Man With a Movie Camera» er eit testament på dette og mange av dei andre uttrykksformene han og medarbeidarane hans eksperimenterte i. Deriblant broren Mikhail Kaufman og den blivande hustrua Elizaveta Svilova, som begge var med på å lage denne filmen.
«Man With a Movie Camera» er eit imponerande skue. Det er ikkje alltid like lett å fatte samanhengen, for inntrykka er så mange og så blanda. Meininga er at dette skal vere ein beskrivelse av dagen til ein kameramann, opplevelsane hans. Det strekker seg innimellom eit stykke lengre, som til andre sider ved prosessen bak det å lage ein film. Byen han befinn seg i er satt saman av bilde frå mange forskjellige byar i Sovjetunionen.
Versjonen eg såg hadde eit lydspor av The (Vertov) Cinematic Orchestra, stammar frå 2003, og er ei blanding av electronica og jazz. Veldig stemningsfullt! Orkesteret reiste i ein periode rundt om i verda og spelte på filmfestivalar. Sikkert nok ei uforgløymeleg opplevelse.
Imponerande på så mange område, «Man With a Movie Camera» manglar skikkeleg driv, interessa avtok difor etter ei stund, og 70 minuttar var ikkje eit minutt for kort.
6/10
IMDb: 7.6/10 (3,981 votes)
Dokumentar eller ei samling av video frå det ekstremkristne evangeliske miljøet i USA. «Jesus Camp» gir oss iallfall eit innblikk i det verste av det verste, folk som absolutt ikkje er open for anna enn Gud. BARN som ikkje er open for anna enn Gud.
Det er naturleg å tenke at ein film som utgir seg for å vere ein dokumentar, og som skal nå ut på eit anna medium enn tv, må ha mykje futt i seg. Det har «Jesus Camp». Men den er ikkje uspiseleg som Michael Moore sine arbeid. Ver naturlegvis kritisk til det du ser her. Ein slepp då iallfall preiken om at det du ser er grusomt, den blir meir av typen fluga-på-veggen. Heilt subjektiv er den aldri, det skulle berre mangle. Det flotte er, eg blei ikkje sittande igjen med den fæle kjensla av å ha blitt utnytta av ein eller anna regissør. Tankane mine var i første omgang retta mot innhaldet når ikkje-fiksjonsfilmen var ferdig.
Noko som er greitt å ha i bakhovudet er at det finst folkegrupper som det er den mest naturlege tingen i verda å gjere ting på som vist i «Jesus Camp». Det gjeld ikkje berre kristne. På same måte er mange nordmenn er meir liberalt innstilt. Slik er det berre. På den måten kan «Jesus Camp» lettare bli sett. For det kan vere hardt å sjå på til tider.
For all del, dette her er skumle saker!
6/10
IMDb: 5.8/10 (15 votes)
«Sheffield United v Bury» er endå ein fotballkamp, som i motsetning til den over er sylskarp og har nesten perfekt bildekvalitet. Det morosame her er at dei har filma ein keeper i nærmare augesyn. På denne tida var denne posisjonen gjerne fyllt av ein kraftig mann (han her er faktisk småfeit), for etter at keeperen hadde hatt ballen i handa i 3 sekund kunne ein motspelar sparke den ut av hendene hans. Difor måtte keeperen vere tøff (les: kraftig).
4/10
IMDb: 5.8/10 (22 votes)
«Burnley v Manchester United» er Manchester United sin aller første kamp under dette namnet, og er fanga på film! Dei vann 2-0. Kamera og resten av det tekniske er ein skuffelse i forhold til dagens tv-kampar. Diverre er dette ein av svært få filmar i samlinga som desse fire siste kortfilmane er ein del av, som har dårleg bildekvalitet.
4/10
IMDb: 6.0/10 (17 votes)
«Parkgate Iron and Steel Co., Rotherham» er ein del av samlinga som filmen over. På lik linje viser den folk i fabrikksamanheng, som skal hente lønninga si. Ikkje alle er like blide for å bli filma, og i bakgrunnen bryt det dessutan ut ein slosskamp som ikkje er iscenesatt av kameramannen. Morosamt.
4/10
IMDb: 5.5/10 (17 votes)
«Alfred Butterworth and Sons, Glebe Mills, Hollinwood» blei funnen blant 826 nitrat-filmrullar i eit industribygg i England, 1994. Urørte negativer godt forvart i tomme oljetønner gjer at kvaliteten er utmerka her, nesten som om det skulle vere filma i dag.
4/10
IMDb: 7.0/10 (1,060 votes)
«La Sortie des usines Lumière» viser arbeidsstaben i ein fabrikk som går ut av bygningen når dagen er over. Dette var den første filmen på kinoprogrammet som Lumière satte opp under si første framvising.
4/10
IMDb: 6.6/10 (250 votes)
«Rescued by Rover» er ein sjarmerande dyrefilm, og eigentleg ingen før-dokumentarisk film. Ein baby blir kidnappa av ei alkoholisert sigøynerdame, men familien til babyen har ein hund som på eiga hånd finn sigøynerdama og deretter avslører gøymestaden hennar for familien. Veltrent hund som kan opne dører er eit pluss her.
4/10